DEBATT ● stein joar hegland

Er HVL gode nok til å bli universitet i 2023?

Utdanningsløpet frå bachelor til doktorgrad ved HVL har enno så store hol at eg er skeptisk til om høgskulen klarar målet om universitetsstatus innan 2023.

Alle sterke fagmiljø i HVL må bli inkludert i den viktigaste satsinga til høgskulen i det nye tiåret, skriv Hegland. Biletet viser Campus Fosshaugane, sentralt i Sogndal.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

HVL er allereie ein distriktshøgskule med fire av fem campus på stader der det ikkje finst andre høgare utdanningsinstitusjonar. Sjølv jobbar eg ved det flotte Campus Sogndal, sentralt plassert mellom dei to største byane i Norge, og attraktiv for studentar. Den regionale betydninga av høgskulen er stort og vert understreka av Victor Normann, som leia arbeidet med NOU-rapporten Det handler om Norge «Vi ser at sola går ned over Distrikts-Noreg (...) Det er berre to distriktskommunar i landet som har yngre befolkning enn landsnittet, og det er Sogndal og Alta, (...) og røper at svaret er høgskule», skriv Sogn avis 4. noveber.

Altså kan HVL sine distriktscampus ha god tiltrekkingskraft på unge menneske, og det er studentar vi som høgskule lever av. Difor er eit av svara på kva HVL skal bli, at vi må bli eit universitet som framleis, og i enno sterkare grad, tiltrekker seg unge folk, spesielt til dei regionale studiestadane Førde, Sogndal, Stord og Haugesund.

Det er ei kjennsgjerning at unge menneske i fleire tiår har flytta til storbyar som del av ein nasjonal og global trend. Der ligg også dei fleste høgare utdanningsinstitusjonar og forsterkar denne flyttetrenden. Difor bør HVL, på vegen mot universitet, vera medvitne denne samfunnsutviklinga og prøva å motverke. Berre ved å utvikle sine distriktscampus, med eit konkret mål om at desse i framtida har ein større del av studentane enn i dag, vil HVL kunne bli eit universitet som oppfyller sitt regionale samfunnsoppdrag. Er ikkje HVL sine distriktscampus eigentleg viktigare for sine nærområde enn det HVL er i byen Bergen, der den berre er ein av fleire høgare utdanningsinstitusjonar?

Det er jo også ved å bli eit unikt distriktsuniversitet at vi kan skilje oss frå Universitet i Bergen. Ei løysing for å jobbe mot eit slikt distriktsuniversitet for HVL kan vera ved å opprette ei form for campusleiing som kan profilere og utvikle våre distriktscampus. Kan ein viserektor for campus vera ei framoverlent motvekt mot sentralstyring, og tale distrikta og fagmiljøa si sak inn i det litt administrativt baktunge HVL? Eg sit ikkje med svaret, men Høgskulestyret skal ta stilling til nettopp dette på nyåret.

Det er ved å bli eit unikt distriktsuniversitet at vi kan skilje oss frå Universitet i Bergen

Stein Joar Hegland, HVL

Ein høgare utdanningsinstitusjon som HVL består jo først og fremst av fagmiljøa og studentane, medan leiinga og administrasjonen si viktigaste oppgåve er å hjelpe desse to fundamenta til heile tida å bli betre med godt tilpassa støttefunksjonar. Den viktigaste strategien til HVL på veg til universitetsstatus må difor alltid vera å satse på høg fagleg kvalitet. Men kva er eit universitet, og meir presist kva skil eigentleg studentar uteksaminert frå eit universitet frå dei som blir uteksaminert frå ein høgskule?

Det er ikkje eitt enkelt svar på dette, men HVL må klare å utdanne unge menneske til å gå inn arbeidslivet med gode fagkunnskapar og ikkje minst evne til kritisk refleksjon. Det er kombinasjonen av fagleg styrke og kritisk tenking som gjer at uteksaminerte kandidatar kan bidra til utvikling av fagfelt, samfunnssektorar og samfunnet som heilskap. Om samfunnet skal utvikle seg i berekraftig retning miljømessig, økonomisk og sosialt, så bør vi kunne utdanne lærarar, ingeniørar, helsepersonell og ikkje minst ulike samfunns- og naturvitarar som kan omstille og utvikle samfunnet for framtida. Eg meiner HVL enno har ein veg å gå før vi utdanne kandidatar som kan ta samfunnet i ein meir berekraftig retning.

Eit grunnleggjande kjenneteikn på eit universitet er relevante utdanningar som gir ein naturleg samanheng frå grunnutdanning til forskarutdanning. Universitet er ikkje berre ein tittel, men ein status som medfører større friheit og handlingsrom til å levere kvalitet i heile utdanningsløpet. Gjennom HVL-fusjonen vart til dømes mastergrad på lærarutdanninga i Sogndal sikra. Å få relevante forskarutdanningar til Sogn og Fjordane skulle vera med å løfte regionen ytarleg gjennom forsking og utvikling, men her er status i dagens HVL enno ikkje god nok.

I den fusjonerande HVL var mange nesten panisk opptekne av å oppnå universitetsstatus så raskt som råd. Det var difor lettvint å adoptere storebror Høgskulen i Bergen sine doktorgradsprogram. Eg meiner desse i liten grad er tilpassa den nye høgskulen si langt større faglege breidde og tverrfaglegheit. Skal ein lukkast med å utvikle seg frå høgskule til universitet så må HVL, slik også professor G.K. Resaland ved Campus Sogndal skriv i Forskerforum 30/10, engasjera heile breidda i høgskulen. Dette betyr at alle sterke fagmiljø i HVL må bli inkludert i den viktigaste satsinga til høgskulen i det nye tiåret, forskarutdanninga.

Auka tiltrekkingskraft på unge menneske er nøkkelen for HVL til å gå frå å vera ein litt preglaus profesjonshøgskule til å bli eit godt, anvendt og unikt distriktsuniversitet

Stein Joar Hegland, HVL

Eg høyrer sjølv til eit institutt med fleire nasjonalt sterke fagmiljø som ikkje føler oss inkludert i universitetsambisjonen slik situasjonen er i dag. Det har medført at vi er mange som ikkje føler oss heilt heime i HVL heller. Eg føler spesielt uro for mine kollegaer som skulle kunne kvalifisere seg til professor, men der HVL ikkje har noko starthjelp å bidra med i form av doktorgradsstipendiatar. Det kan bli vanskeleg å oppnå tilstrekkeleg rettleiarerfaring til å bli professor berre basert på eksternfinansiering. Ein annan risiko med å ha doktorgradsprogram som ikkje dekker breidda i HVL er at det nasjonale kontrollorganet for høgare utdanning, NOKUT, vil kunne sei at universitetsstatusen får vente til alle sterke fagmiljø har tilgang på forskarutdanning. Å sikre fagleg utvikling for alle sterke fagmiljø er eit sentralt kriterium for å kunne oppnå universitetsstatus. Utdanningsløpet frå bachelor-, via master- til doktorgrad ved HVL har enno så store hol at eg er skeptisk til om HVL kan nå sin eigen målsetnad om universitetsstatus innan 2023.

Mi skildring av kor skoen trykker for HVL i universitetsspørsmålet og svara på desse er ikkje nødvendigvis fasiten, men mitt syn. Dei er farga av at eg er blant verdas heldigaste innan mitt fagfelt økologi, som får jobbe i HVL med det eg brenn for og formidle naturens verdi til unge, engasjerte og kunnskapsrike studentar. Eg får jobbe på ein akademisk institusjon som ligg midt i mellom fjella i eit spektakulært fjordlandskap der det finst aktive lokalsamfunn. Det gir nærheit til spennande problemstillingar og utviklingsmoglegheiter i møte med og mellom natur og samfunn, og dermed god forsking, utdanning og fagmiljø sjølv (og nettopp!) langt frå storbyen. At Sogn i tillegg er ein stad studentar ønskjer å kome for å vera del av utdanningsfellesskapet her gjer vårt Campus til ein spesiell stad i verda. Ein kjem her tett på omgjevnadane og sjølv har eg, i mine fem år på høgskulen, vore heldig å fått vera med å utvikle nye utdanningstilbod både i Førde og Sogndal, og vitensenteret ViteMeir, i nært samarbeid med privat og offentleg arbeidsliv.

Slike utviklingsprosjekt er også eitt av svara på korleis eit distriktsuniversitet må bli til. Vi tilsette på verdas beste arbeidsplass må tore å vise oss fram, formidle og meine noko, og dermed påverke både HVL internt og samfunnet eksternt. Personleg vil eg med dette innlegget påverke HVL til å, medvitent og strategisk, prioritera ein større del av sine ressursar til fagleg sterke og utviklingsorienterte fagmiljø i distrikta, samt bruke meir ressursar på å utvikle våre distriktscampus. Resultatet må bli spennande utdanningsmogelegheiter som tiltrekker seg fleire studentar ut i distrikta. Auka tiltrekkingskraft på unge menneske er nøkkelen for HVL til å gå frå å vera ein litt preglaus profesjonshøgskule til å bli eit godt, anvendt og unikt distriktsuniversitet.

Og kva skal så universitetet heite når det ein gong blir ein realitet? Når Høgskulen i Oslo og Akershus kunne bli til OsloMet-Storbyuniversitetet så bør vel eit vestlandsk distriktsuniversitet kunne gå i ein heilt anna, men like markant retning? Fjorduniversitetet, University of the Fjords, vil kunne markere oss både nasjonalt og internasjonalt!

Powered by Labrador CMS