Rangering
Universiteta brukar hundrevis av arbeidstimar på «ubrukelege» rangeringar
Universitet og høgskular må sjølve skaffe data for å delta i internasjonale rangeringar. Universitetet i Oslo held timebruken hemmeleg.
På milliardbudsjetta til dei største universiteta her i landet er det kanskje for småpengar å rekne. I alle fall meiner rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), Svein Stølen, at det ikkje er nokon grunn til å fortelje kor mange timar eller kroner institusjonen hans brukar på internasjonale universitetsrangeringar.
— Vi brukar få timar på dette. Det må vere tilstrekkeleg for pressa å vite, svarar rektor på Khronos førespurnad.
Dei fleste internasjonale rangeringane, som Times Higher Education (THES) og QS, baserer ein stor del av rangeringane på innsende data frå institusjonane.
Både verdien av og det metodiske grunnlaget for rangeringane er sterkt omdiskuterte.
Eg ser ingen grunn til å dele detaljert informasjon om kva vi brukar ressursar på.
Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo
Stølens kollega i UiO-rektoratet, Bjørn Stensaker, karakteriserte i 2020 rangeringane som «ubrukelege» og «håplause».
For å danne eit bilde av ressursane som blir brukt på rangeringar ved norske forskings- og utdanningsinstitusjonar, har Khrono innhenta anslag for timebruk. Khrono har fått tal frå UiT Noregs arktiske universitet, NTNU, Universitetet i Bergen (UiB), Universitetet i Stavangar (UiS), Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) og Universitetet i Agder.
Halvtanna månadsverk
I gjennomsnitt brukar desse institusjonane om lag 14 arbeidsdagar på å samle og levere data til rangeringane dei er med på.
Variasjonane er store mellom institusjonane, og det er ulikt kor mange og kva type rangeringar dei er med på. Også andre norske institusjonar er med på rangeringar, nokre av dei orienterte mot særskilte fagfelt. Blant dei er Noregs handelshøgskole (NHH), BI og Noregs idrettshøgskole (NIH).
Til saman brukar kunnskapssektoren atskillege månadsverk til å mate rangeringane med data.
Universitetet i Stavanger opplyser at dei reknar med å bruke halvtanna månadsverk på jobben, eller godt 225 timar. Dei deltar på tre rangeringar, to gjennom THES og U-Multirank. I 2021 var første gongen universitetet var med i THES si rangering, noko som medførte ekstra timar for å setje opp datastrukturen.
Universitetet i Bergen er med på fire rangeringar, i tillegg til å levere til analyseselskapet Clarivate, som igjen deler data med rangeringar. Totalt reknar UiB med å bruke oppunder 200 timar på arbeidet, eller om lag 26 dagar. Mest arbeid er det med den europeiske rangeringa U-multirank. Den er meir omfattande fordi ho også omfattar fagområde ved fakulteta, opplyser UiB.
— Vår interesse for rangeringane er ikkje så stor. Vi anerkjenner at dei finst, seier UiB-rektor Margareth Hagen til Khrono.
NTNU har meldt seg på ei rangering mindre enn UiB. Dei reknar med å bruke rundt 240 timar.
UiT er berre med på ei rangering, THES-rangeringa, og spanderer eit halvt månadsverk. Universitetet i Agder avgrensar seg til U-Multirank, men har ikkje oversikt over timetalet. Viserektor for forsking, Hans Kjetil Lysgård, seier han reknar med innsatsen er på nivå med det dei andre universiteta legg ned. Dersom timetalet er det same som ved UiS, som er på nokolunde same storleik, går det med kring 10 dagsverk.
NMBU deltar i og leverer data til THES-rangeringa og U-Multirank. Til det reknar dei med å bruke 30 timar.
Universitetet i Oslo sin ressursbruk i samband med internasjonale rangeringar får Khrono ikkje tilgang til.
Rektor: «Ikkje rimeleg at pressa spør»
Rektor Svein Stølen vil ikkje gi opplysningar utover at det er tale om «få timar». Og at flest timar blir brukt på U-Multiranks rangering, men at mykje av arbeidet er automatisert.
— Eg ser ingen grunn til å dele detaljert informasjon om kva vi brukar ressursar på. Det er ikkje rimeleg at pressa spør om timar registrert på alt mogleg, seier Stølen.
På spørsmål om det ikkje er rimeleg at offentlegheita får vite kva ein statsfinansiert institusjon som universitetet brukar pengane på, sjølv om det er snakk om lite pengar i den store samanhengen, svarar rektoren dette:
— Offentlegheita får vite det offentlegheita treng å vite.
UiO er den norske institutsjonen som oftast er høgast rangert i dei mest prestisjefylte rangeringane.
«Rangeringene blir lagt merke til ut i verden og god plassering kan være en døråpner for våre forskere og studenter», uttalte UiO-rektor til Svein Stølen til Uniforum nyleg. Han har samstundes fleire gonger, også i Khrono, sagt at rangeringane må takast med ei «klype salt». Det er eit uttrykk også fleire andre rektorar har brukt.
Med seg i rektoratet har Stølen ein av dei hardaste kritikarane mot dei internasjonale universitetsrangeringane, viserektor Bjørn Stensaker.
Stensaker var i 2014 med på å lage ein rapport som konkluderte med at rangeringane var basert på tvilsam metodebruk og var meir eller mindre ubrukelege som strategiske styringsverktøy.
Det er eit bilde som som fortsatt står seg, sa Stensaker i intervju med Khrono i 2020.
— Indikatorane er tilfeldige, og vektinga av dei verkar styrt etter innfallsmetoden, sa Stensaker.
I ein fersk studie, nyleg omtalt i Khrono, blir det peikt på at interessekonfliktar kan ha betydeleg påverknad på rangeringane.
Det er likevel ingenting som tyder på at verken UiO eller dei andre universiteta har planar om å spare utgiftene til dei omstridde rangeringane.
Rangeringane handlar i stor grad om omdømme. Og det har meir å gjere med kor kjent du er enn med kva du faktisk presterer.
Rune Dahl Fitjar, prorektor UiS
— Attraktive internasjonalt
Universitetet i Stavanger debuterte i THES og plasserte seg i kategorien 401.-500.-plass. Det er prorektor for innovasjon og samfunn, Rune Dahl Fitjar, godt fornøgd med.
— Hovudintensjonen er å få ei internasjonal referanseramme på det vi driv med. Vi har mykje data for å samanlikne oss med norske universitet, men vi vil gjerne også samanlikne oss internasjonalt. I tillegg handlar det om å vere synleg, særleg med tanke på internasjonale studentar, kanskje også med tanke på rekruttering av tilsette og samarbeidspartnarar. Det å vere synleg i ei rangering har ein del å seie for kor attraktive vi er internasjonalt, seier han.
Fitjar er ikkje ueinig i kritikken mot rangeringane.
— Det er klart det er veikskapar med metodane, samstundes som det er indikatorar i dei som er relevante. Rangeringane er absolutt ikkje det ein skal legge mest vekt på. Rangeringane handlar i stor grad om omdømme. Og det har meir å gjere med kor kjent du er enn med kva du faktisk presterer.
* Retting: I artikkelen stod det først at UiS brukte 1000 timar på rangeringar, og at UiB brukte 975 timar. Det er ikkje rett. UiS brukte omlag 225 timar og UiB cirka 200. Her stod og at NMBU brukte tre månader, mens det rette er 30 timar. Khrono beklagar feilen.