Kristian Gundersen (t.v.) og Simon Malkenes er begge i stuss over mandatet til den nye Ytringsfridomskommisjonen. Foto: Siri Øverland Eriksen/Ragnhild Vartdal
Kristian Gundersen (t.v.) og Simon Malkenes er begge i stuss over mandatet til den nye Ytringsfridomskommisjonen. Foto: Siri Øverland Eriksen/Ragnhild Vartdal

Uklart kvifor ytringsfridom i akademia ikkje er tema for ny kommisjon. Fleire reagerer.

Utanfor. Simon Malkenes og Kristian Gundersen reagerer på at ikkje utdannings- og forskingssektoren er tema for den nye kommisjonen om ytringsfridom: «Supperåd» og «skuffande», meiner dei to.

Publisert

I førre veke presenterte kultur- og likestillingsminister Abid Raja dei 18 medlemmane som skal sitte i den nye Ytringsfridomskommisjonen.

Dei 18 har fått i oppdrag å utgreie dei sosiale, teknologiske, juridiske og økonomiske rammene for ytringsfridom i dagens samfunn.

Men nokre spesifikke område i samfunnet er definert utanfor mandatet.

Det er som om opplysningsdelen av den offentlege samtalen ikkje skal sjåast på.

Kristian Gundersen

Kommisjonen skal nemleg ikkje sjå på ytringsfridomen sine kår blant anna på skulane, universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta.

I stuss over avgrensing

For mandatet er avgrensa slik:

«Utdannings-, forsknings- og utviklingssektorene har også vært regnet som deler av samfunnets infrastruktur for ytringsfrihet, jf. St. meld. nr. 26 (2003-2004) pkt. 7.6.4, men omfattes ikke av kommisjonens mandat. Disse sektorene reiser spørsmål av en noe annen karakter, f.eks. knyttet til utdanningssystemets rolle for egenutvikling og demokratisk deltakelse osv, som best kan vurderes i andre sammenhenger».

Det har fått fleire til å reagere.

— Dette er ei veldig spesifikk avgrensing. Kvifor har dei valt å ta ut akkurat desse sektorane? Betyr det at ytringsfridomen i forsking- og utdanningssektorane er i ei særstilling som ein må sjå på spesielt? Eller er det fordi desse sektorane har eit viktig vern som ein ikkje treng å sjå på no, spør varslar og tidlegare lærar, Simon Malkenes.

Med alt oppstyret rundt Dagsnytt 18-oppvisinga hans i mars 2018 i bakhovudet, meiner han det er ekstra spesielt.

Det han prøvde å bringe til torgs var ein kritikk av inntakssystemet i Oslo-skulen, men enda opp med å bli ein års lang debatt rundt ytringskåra og fryktkulturen i skulen.

Malkenes opplever at ting er i betring, men at det framleis ikkje er nok folk som tør å ytre seg i skulen. Difor er han i stuss over at Ytringsfridomskommisjonen ikkje skal gå inn i dette landskapet.

— Som å bygge hus med tre og ikkje fire veggar

Simon Malkenes får støtte frå professor Kristian Gundersen ved Universitetet i Oslo i kritikken av mandatet til Ytringsfridomskommisjonen.

— Det er veldig pussig å diskutere ytringsfridom utan å ta inn forskarane si rolle. Det blir som å bygge eit hus med tre og ikkje fire veggar. Eg forstår det ikkje, seier Gundersen til Khrono.

Han meiner forskarar har ei veldig sentral rolle i den opplyste offentlege samtalen, og meiner det difor er svært rart at akkurat desse sektorane er tekne ut av mandatet.

— Det er som om opplysningsdelen av den offentlege samtalen ikkje skal sjåast på, seier Gundersen.

Mange ytringssaker i akademia

Også i universitets- og høgskulesektoren har det dei siste åra vore mange saker og debattar om ytringsfridom, ytringsmot og ytringsklima, eller mangel på slik.

Nokre av sakene har vore handsama i retten, mellom anna Nedkvitne-saka frå Universitetet i Oslo og Jens Petter Berg-saka frå OsloMet. Også saka rundt den avskjediga historikaren Nils Rune Langeland hadde fleire element om kva som var innafor og eller utafor for ein professor å seie og meine.

Khrono har også publisert fleire artiklar om ulike varslingssaker i akademia der også ytringsfridom er aktuelt, for eksempel Steinnes-saka på NTNU, Eikrem-saka som no har blussa opp i ei ny form. Også debatten rundt Aksel Braanen Sterri om folk med Downs syndrom, Belsom-saka ved HiOA og no platforming-debatten er aktuelle døme.

— Var naudsynt å avgrense mandatet

Khrono ringer til Kulturdepartementet for å få svar på kvifor dei har valt ut akkurat desse sektorane då dei skulle avgrense mandatet. Beskjeden er at vi må sende spørsmål på e-post. Khrono stiller følgjande spørsmål:

— Kvifor er ikkje utdannings- og forskingssektoren med i mandatet?

— Kva er det som gjer at det er akkurat desse sektorane som hamnar utanfor?

— Kva er det med desse sektorane som gjer at dei «reiser spørsmål av en noe annen karakter» som best kan «vurderes i andre sammenhenger»?

— Har de tenkt å opprette ein eigen kommisjon som skal undersøke ytringsfridom og ytringskultur i desse sektorane? Sidan de skriv at det skal vurderast i andre samanhengar?

Svaret frå statssekretær Knut Aastad Bråten (V) kjem først to dager seinare og lyder som følgjer:

— Utdannings- og forskingssektoren er eit svært stort og komplekst felt. Det er naudsynt å avgrense mandatet, og slik gjere oppgåva handterleg innanfor mandatperioden. Somme har òg kritisert mandatet til kommisjonen for å vere for omfattande. Det er ingen konkrete planar om å greie ut ytringsfridomen på desse områda per i dag, står det i e-posten frå Bråten.

Statsråden har ingen kommentar

Khrono stiller på ny spørsmål om kvifor det akkurat er desse sektorane som har blitt definert utanfor mandatet.

— Det har vel vore ein tanke bak at akkurat desse sektorane hamnar utanfor?


Svaret kjem dagen etter, og heller ikkje denne gongen er svaret noko tydeleg frå statssekretær Bråten. Først skriv han eit avsnitt om kva som faktisk er mandatet til kommisjonen, så gjentek han det førre svaret med litt andre ord:

Statssekretær Knut Aastad Bråten (V) i Kulturdepartementet. Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet
Statssekretær Knut Aastad Bråten (V) i Kulturdepartementet. Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet

— Utdannings- og forskingssektorane reiser andre typar spørsmål, sjølv om desse òg er viktige for ytringsfridomen. Samstundes var det naudsynt å gje kommisjonen eit handterbart mandat. Difor var det naturleg å avgrense noko, skriv Bråten i e-posten.

Bråten skriv vidare at oppgåvene til Ytringsfridomskommisjonen er særs omfattande, og sjølv om dei 18 medlemmane har brei kompetanse, så vil dei kunne hente inn den ekspertisen som trengst undervegs.

— Det gjeld sjølvsagt supplerande spisskompetanse på teknologi, men også ei rekkje andre tema som blir nemnde i det allereie livlege ordskifte om kommisjonen. Ytringskultur i arbeidslivet og ytringskåra for borgarar med annleis funksjonsevne er to døme, skriv han.

Khrono spør også Kunnskapsdepartementet og forsking- og høgare utdanningsminister, Henrik Asheim, om dei har ein kommentar til at sektorane dei har ansvar for ikkje er inkluderte i mandatet.

Seniorrådgjevar Ragnhild Irene Skaara Imset svarer på e-post at statsråden ikkje har nokon kommentar til dette.

— Verkar som eit supperåd

Professor Gundersen seier han sjølv har prøvd å få svar på årsaka til at ein har teke ut utdannings-, forskings- og utviklingssektorane frå mandatet til kommisjonen.

Når Khrono ber han kommentere svaret frå Kulturdepartementet seier han at han synst det er pussig at verken Khrono eller han sjølv har fått klare svar på kva dei eigentleg meiner.

— Det verkar som det er ein kommisjon for kommentariatet og ikkje for samfunnet som heilskap, seier Gundersen. Han legg til:

— Det er også spesielt at arbeidet ikkje skal munne ut i nokre konkrete forslag. Det heile verkar som eit supperåd.

Simon Malkenes er skuffa når han får høyre svaret frå Kulturdepartementet. I ei melding til Khrono skriv han:

— Mi erfaring frå Oslo-skulen seier meg at Ytringsfridomskommisjonen burde ha sett på heile offentleg sektor. Det hadde skulefolk, politi, helsepersonell, Nav-tilsette og andre fortjent. At ein ikkje har «konkrete planar om å greie ut ytringsfridomen på desse områda» (utdanning og forsking) er skuffande.

Gundersen og Malkenes er ikkje dei einaste som har vore kritiske til kommisjonen. Fleire akademikarar har vore skeptiske og meint at mandatet til kommisjonen er for vagt.

Ytringsfridomsekspert Anine Kierulf er i utgangspunktet positiv til ein slik kommisjon.

— All oppmerksomhet rundt ytringsfrihet er av det gode, og det er nødvendig å få opp bevisstheten om dens betydning, sa Kierulf til Khrono nyleg. Ho valde likevel å takke nei til å leie kommisjonen.

Oppdrag

Ifølgje oppdraget frå kulturminsiteren skal dei 18 i kommisjonen:

  • «Kartlegge og sammenstille eksisterende kunnskap om ytringsfrihetens stilling i Norge, og vurdere behovet for ytterligere undersøkelser eller forskning på området.
  • Beskrive og vurdere status for ytringsfriheten, inkludert utviklingen over tid og – i den grad det er mulig – skissere sannsynlige trender og kommende utvikling. »