Meiner ytringsfridomen vert knebla i ny handlingsplan
Planarbeid. — Ytringsfridomen må vike for inkludering i forslaget til ny handlingsplan for mangfold og likestilling på Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo, meiner professor. — Vranglesing, svarer dekanen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Eit forslag til ny handlingsplan for mangfold og likestilling ved Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo har dei siste vekene vore ute på høyring ved alle einingane på fakultetet.
Ein som har kome over papira og kasta seg inn i diskusjonen er professor ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet, Kristian Gundersen. I eit innlegg i Aftenposten reagerer Gundersen på retorikken og hevdar at ein i forslaget set ytringsfridom opp mot raustleik og inkludering. Han viser til særskilte formuleringar i forslaget:
Folk er nøydde til å ta slike planar på alvor. Stadig fleire, også i akademia, ynskjer å kneble ytringsfridomen som verkemiddel i politisk kamp.
Kristian Gundersen
«På HF skal det være høyt under taket, rom for ytringsfrihet og faglige diskusjoner, samtidig som fakultetet skal være raust og inkluderende».
— Folk er nøydde til å ta slike planar på alvor. Stadig fleire, også i akademia, ynskjer å kneble ytringsfridomen som verkemiddel i politisk kamp. Og dei kan nytte føresegnene i slike planar til sin fordel, seier Gundersen til Khrono.
Meiner ytringsfridomen er i fare
Gundersen meiner retorikken i forslaget legg opp til at ytringsfridomen må vike for inkludering.
— Hatprat er ikkje det som er problemet ved HF, det er det innskrenking av ytringsfridomen som er. Dette har vore eit fenomen utanfor våre landegrenser, men det er no på veg hit, seier Gundersen.
Han viser mellom anna til bråket kring førsteamanuensis Øyvind Eikrem ved NTNU, der universitetet hevda at han ville bryte arbeidsmiljølova dersom han offentleg omtalte situasjonen kring eit intervju med den høgreradikale nettstaden Resett.
Les også: NTNU forsvarer ikke den akademisk friheten i Eikrem-saken
— Dette er vranglesing
Dekan ved fakultetet, Frode Helland, er usamd med Gundersen og meiner at det at dei har nemnt ytringsfridom i forslaget er fordi dei ynskjer å forsvare den og fordi dei ser på den som ein sentral verdi ved HF og universitetet.
Eg meiner dette er vranglesing av Gundersen.
Frode Helland
— Eg meiner dette er vranglesing av Gundersen. Vi skriv «og samtidig» i fleire av formuleringane i forslaget, fordi vi ynskjer å ha både ytringsfridom og eit inkluderande miljø, seier Helland til Khrono.
Fristen til å kome med innspel til handlingsplanen var 10. september. Helland har også halde allmøte ved alle einingane på fakultetet for å diskutere forslaget. Han seier at det berre var ein person som uttrykte dei same bekymringane som Gundersen.
— Vi kjem til å sjå på det og det kan hende vi er nøydde til å tydeleggjere nokre formuleringar i forslaget. Målet med denne planen er å få eit større ytringsmangfold ved fakultetet, seier Helland.
Meiner planen ikkje legg opp til ytringsmangfald
Gundersen er ikkje overbevist.
— Om fakultetet meiner at dei ynskjer eit større ytringsmangfald, så er dei nøydde å skrive på ein heilt annan måte. Eg ser ikkje at dei legg opp til det i forslaget til handlingsplanen, seier Gundersen.
Forslaget til handlingsplan for mangfold og likestilling skal saman med alle høyringsutsegnene opp som diskusjonssak ved neste fakultetsstyremøte den 27. september.
Målet er at fakultetsstyret skal vedta den nye handlingsplanen under det påfølgande møtet i oktober.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!