Debatt ● Terje Skjerdal

Tenk stort om akademisk fridom, tenk smått om boikott

Å hevda at akademisk boikott er akademisk fridom er etter mitt syn nytale, altså ein leik med ord som freistar å gjera usanningar sanne, skriv Terje Skjerdal i eit svar til Hege Hermansen.

Svarar Hege Hermansen om akademisk boikott: — Hangen til å framstilla Israel som ein akademisk versting eller israelske universitet som politisk kontrollerte står kort sagt fram som dårleg empirisk belagd, skriv forfattaren.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Eit sentralt argument for akademisk boikott er at forskingssamarbeid vil gjera meir skade enn gagn, skriv Hege Hermansen. Men det er ein absurd tanke at norsk universitetssamarbeid med Israel skulle gjera situasjonen verre for palestinarar eller at eit slikt engasjement skulle ha noko medansvar for krigshandlingane på Gaza.

Eit spørsmål som melder seg etter svarinnlegget til Hege Hermansen 24. mai, er dette: Kor mykje er det rimeleg at akademisk samarbeid kan ta ansvar for? Dersom samarbeidet handlar om utvikling av våpenteknologi i partnarskap med ein krigførande stat, skjønar alle at ein er på veg inn i eit etisk problemkompleks.

Men det meste av akademisk samarbeid dreiar seg ikkje om våpenteknologi. Det handlar om språkforsking, helsevitskap, studentutveksling. Om ein skulle føresetja at alt akademisk samarbeid er potensielt skadeleg, er ein inne i ein alt-heng-saman-med-alt-tankegang som endar i det meiningslause, eventuelt konspiratoriske, og som i røynda degraderer den etiske vurderingsevna til aktørane i det aktuelle samarbeidet.

For å ta forsking konkret: Skal forskingsetikken fungera i praksis, må den forvaltast på bakkeplan. Ein må ha tiltru til at enkeltforskarar har eit aktivt forhold til etiske verdiar og er i stand til å vurdera konsekvensane i det enkelte prosjektet. Sentralt bestemde reglar kan det vera grunnar til, til dømes i bioteknologiforsking, men slike avgrensingar bør springa ut av forskingstematikken og ikkje koma som eit politisk diktat om at alt samarbeid med eit land eller ei folkegruppe er skadeleg.

Boikottforkjemparane meiner neppe at eitkvart samarbeid med israelske universitet er destruktivt. Men institusjonane har eit «systemisk» problem, og situasjonen for israelsk akademia vert stadig verre, står det å lesa i innlegget til Hermansen.

Det kan nok stemma at den akademiske fridomen i Israel relativt sett har kome under større press det siste året, og særleg etter 7. oktober. I 2023 kom Israel — for første gong på mange år — bak Noreg i Academic Freedom Index. Det er ikkje bra. Men det er ikkje verre stilt enn at skilnaden er marginal (0,85 versus 0,87), og Israel skårar framleis betre enn Noreg på indikatoren «institusjonell autonomi».

Dersom ein skal argumentera for akademisk boikott av Israel, bør ein gjera det ut frå andre grunnar enn mangel på akademisk fridom.

Terje Skjerdal

Hangen til å framstilla Israel som ein akademisk versting eller israelske universitet som politisk kontrollerte står kort sagt fram som dårleg empirisk belagd. Dersom ein skal argumentera for akademisk boikott av Israel, bør ein gjera det ut frå andre grunnar enn mangel på akademisk fridom.

Til støtte for boikott brukar Hermansen og meiningsfellane hennar Sør-Afrika-argumentet, som tilseier at sanksjonane på 1980-talet var ein viktig grunn til at apartheidpolitikken gjekk dukken. Men dette er eit komplisert spørsmål som litt for ofte endar i ein fåfengd diskusjon der ein finn støtte for sitt syn i litteraturen uansett kva ein måtte meina. Sjølv meiner eg som den no avlidne skribenten Allister Sparks at tydinga av Sør-Afrika-boikotten tidt er overvurdert, vel vitande om at folk som er glade i boikott kan leita i ein annan ende av litteraturen og finna støtte for det motsette synet der.

Men diskusjonen er eit feilspor. Dersom ein opnar for ei drøfting om kor vidt akademisk boikott verkar eller ikkje, står ein i fare for å redusera akademisk verksemd til eit middel som eksisterer for å oppnå overordna mål i form av politiske sigrar.

Det er slik eg les kampanjen for akademisk boikott. Eg finn det vanskeleg å skilja denne kampanjen frå andre boikottkampanjar. Målet verkar til å vera politisk, først og fremst. Å hevda at akademisk boikott er akademisk fridom er etter mitt syn nytale, altså ein leik med ord som freistar å gjera usanningar sanne.

Akademisk boikott er ikkje akademisk. Boikott er i essens kollektivistisk. Skal ein boikott fungera, må ein slutta rekkjene, tvilen må vekk. Det passar ikkje med akademisk fridom.

Powered by Labrador CMS