lærarutdanning

Talet på lærarar som kan undervisa i dette faget går ned

Musikklærarar og lærar i mat- og helsefaget er nesten ein utdøyande rase. No er fleire forslag på bordet for korleis ein kan få fleire lærarstudentar til å ta praktisk-estetiske fag.

NLA Høgskolen tilbyr utdanning i utøvande musikk. No tilbyr dei òg eit årsstudium med didaktikk, som kan gå inn som ein del av lærarutdanninga deira.
Publisert Oppdatert

— Gjennomgangen viser tydeleg at situasjonen for dei praktisk-estetiske faga i lærarutdanninga er og har vore vanskeleg over lang tid, og at det er ei rekkje utfordringar som må forserast før ein kan realisera den ønska politiske satsinga.

Det skreiv Universitets- og høgskulerådet sitt lærarutval, UHR-Lærarutdanning, i eit notat til Kunnskapsdepartementet hausten 2022. I notatet viser utvalet til Hurdalsplattforma og at regjeringa har sagt at dei vil satsa på vidareutdanning i praktisk-estetiske fag.

Som Khrono har skrive den siste månaden, er det fleire utfordringar knytt til lærarutdanning og lærarrekruttering: Søkjartala går ned, talet på undervisningsfag vert opplevd som for få og aktuelle lærarstudentar ønskjer helst å ta lærarutdanning der dei bur. Fleire stader vert det gitt tilbod om desentral utdanning for at vaksne som jobbar i skulen utan godkjent utdanning skal kunne få teke lærarutdanning eller eventuelt tetta dei hola dei har i ei lærarutdanning.

Men i tillegg til studiepoeng i norsk, matematikk, engelsk og naturfag, er det òg ei rekkje praktisk-estetiske fag i grunnskulen. Per i dag har opp mot halvparten av lærarane som underviser i desse faga ikkje studiepoeng.

— Spela kvarandre gode

I Statistisk sentralbyrå si ferske kartlegging av lærarkompetanse kjem det fram at over halvparten av lærar som underviser i mat og helse eller musikk ikkje har studiepoeng i faget. Tala er noko betre for kunst og handverk og kroppsøving. Her har talet på lærarar med studiepoeng auka sidan førre kartlegging i 2018/19. Kroppsøving er òg det faget flest utdanningsinstitusjonar tilbyr av praktisk-estetiske fag. Det viser ei kartlegging UHR-Lærarutdanning har gjort.

— Dei praktisk-estetiske faga nådde ut til fleire studentar før den nye rammeplanen kom i 2003.

Det seier Finn Aarsæther, prodekan ved Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier ved OsloMet — ei av dei største lærarutdanningane i Noreg.

— Dette er noko som er politisk styrt. No er det større vekt på fagkompetanse i teoretiske fag. Det er bra det òg, men det er behov for varierte læremåtar i skulen. Ved OsloMet bankar hjarta vårt òg for dei praktisk-estetiske faga, og me har teke dei inn på andre måtar, til dømes i fleirfaglege opplegg der studentane arbeider med bruk av estetiske læringsprosessar i faga, seier Aarsæther.

Av dei praktisk-estetiske faga er det berre mat og helse der OsloMet ikkje tilbyr 60 studiepoeng og slik òg moglegheit til å ta master. Eit mastertilbod i dette faget finn ein ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), og i tillegg er det opptak annakvart år ved Universitetet i Agder.

Aarsæther fortel at for kunst og handverk har lærarutdanninga eit samarbeid med Fakultet for teknologi, kunst og design, noko som ifølgje prodekanen gir interessante synergiar.

— De er ei stor lærarutdanning og har studentar nok til mange masterfag. Kva skal dei mindre gjera?

— Då må ein legga opp til samarbeid, seier Aarsæther.

— Det må vera mogleg å samarbeida på tvers av institusjonar. Me har til dømes eit samarbeid med Høgskolen i Østfold, som er gode på framandspråk. Kanskje har me eit anna fag som denne høgskulen vil ha? Me må tenkja at me skal spela kvarandre gode og at me har eit felles ansvar for å skaffa kvalifiserte lærarar i alle skulefag.

OsloMet tilbyr fleire praktisk-estetiske fag i grunnskulelærarutdanninga. Som landets nest største lærarutdanning er det både studentar og tilsette nok til det. Prodekan Finn Aarsæther seier at universitetet er opptekne av å få inn praktiske element òg i andre fag.

Tilbyr praktisk årsstudium

NLA Høgskolen er ein liten høgskule. No har dei laga eit studietilbod der ein kan ta årsstudium i dei praktisk-estetiske faga kroppsøving og musikk, men òg i naturfag, samfunnsfag og KRLE, og deretter ta dette inn som eitt av fem år i grunnskulelærarutdanninga si.

— Me er heilt prisgitt kor mange studentar som vel dei ulike faga. 5-årig lærarutdanninga passar best for dei store utdanningsinstitusjonane, seier prorektor Amund Langøy.

Han seier at tilbakemeldinga frå studentane er at å binda seg til fem år kan vera lenge.

— Det er ein lågare terskel for å ta eit årsstudium. Dersom studentane så finn ut at dei vil ta lærarutdanning, får dei dette året godkjent, seier Langøy.

Han har sjølv kroppsøving som fag.

— Over halvparten av dei som underviser i kroppsøving på ungdomsskulen manglar studiepoeng i faget. Kroppsøving er eit sårbart fag i ei sårbar tid, tenk på kor mykje tapsoppleving som kan verta skapt dersom ein ikkje har gode lærarar!

Meir enn rytmepinnar

Ole Fredrik Norbye er førstelektor i musikk ved NLA Høgskolen. NLA tilbyr i dag både bachelor- og masterutdanning i musikk. Her er det kvart år mange håpefulle som vert avvist med bakgrunn i høge søkjartal og opptaksprøvar. No håpar Norbye at eit nytt årsstudium i musikk med didaktikk kan gi fleire musikklærarar i den norske skulen.

— Musikkutdanning i lærarutdanninga har ofte vore rytmepinnar og tre akkordar på gitar, seier Norbye, og humrar litt over si eiga stereotype oppfatting.

— Hos oss skal studentane som tek eit årsstudium følgja undervisninga saman med studentar som tek musikkutdanning. I tillegg får dei fagdidaktikk, seier Norbye.

I ein kronikk hos Forskersonen i vinter skreiv Norbye, saman med kollega Jørgen Sjaastad, at ein gjennom å få høg lærarkompetanse inn i dei estetiske faga vil kunne læra metodar og måtar å arbeida på som òg vil kunne gi gode effektar i andre fag.

— Tidlegare var det slik at dersom ein ville verta popmusikar i Noreg, gjekk ein på lærarhøgskulen på Landås i Bergen, seier Norbye, som nemner Odd Nordstoga som eitt døme.

— Her var det eit levande miljø både for musikk og andre estetiske fag. Me håpar å få òg dei studentane som tek årsstudium hos oss inn i eit levande musikkmiljø.

Jatakk til samarbeid, men...

Dei to praktisk-estetiske faga som NLA Høgskolen ny tilbyr årsstudium i, er på kvar sin ende av ein skala. Kroppsøving er eit av dei største faga i grunnskulen, og det er det praktisk-estetiske faget der flest lærarar har formell kompetanse. Musikk er, saman med mat og helse, i den andre enden på begge parameter.

Asle Holthe, som både er dekan for landets største lærarutdanning ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og leier UHR-Lærarutdanning, åtvarar mot å sjå på praktisk-estetiske fag både som noko annleis og som små fag. Han seier at òg kunst og handverk timetalsmessig er eit av dei største faga i grunnskulen.

— Ein har òg andre små fag, til dømes andre framandspråk. Og for desse faga, om dei er praktisk-estetiske eller ikkje, kan det vera fornuftig med ei deling mellom utdanningsinstitusjonane, seier Holthe.

Han fortel at HVL i 5. semester har noko dei kallar vestlandsklasse. Då kan studentar på alle dei tre campusane der HVL har lærarutdanning velja fag fritt. Undervisninga er nettstøtta og samlingsbasert. Same semester kan studentar ta eit andre framandspråk i samarbeid med nettopp Høgskolen i Østfold.

Elevar på Trudvang skule i Sogndal får mykje praktisk læring. Kroppsøving er det praktisk-estetiske faget flest utdanningsinstitusjonar tilbyr, og det praktisk-estetiske faget der flest av lærarane i norsk skule har formell kompetanse.

Men sjølv om han synest ei slags ansvarsdeling mellom utdanningsinstitusjonane er ein god idé, peikar Holthe òg på nokre utfordringar.

— Det eine er pengestraumen. Og for det andre: Dersom ei lærarutdanning totalt sett har ledige studieplassar, er det ikkje sikkert ein er interessert i at studentane skal ta studiepoeng ved andre institusjonar fordi det kan svekka fagtilbodet ved eigen institusjon.

Ei løysing som den NLA no tilbyr er Holthe heller ikkje negativ til, men også her er det eit «men».

— Alle tiltak for å få fleire til å velja lærarutdanning er bra. Men det har vist seg å vera utfordrande å få innpassa årsstudium. Dersom ein får innpassa eit halvt år her og eit halvt år der vert ikkje den totale studietida kortare, seier Holthe.

— Kva kan ein så gjera for å få fleire studentar til å velja praktisk-estetiske fag?

— Det handlar både om å få opp tilbodet og om å få vist fram desse faga. Men for å kunne tilby undervisning i desse faga må ein ha eit solid fagmiljø, seier Holthe.

At HVL tilbyr masterfag i mat og helse er det dels ei historisk årsak til. På ærverdige Moldegård på Os utanfor Bergen hadde ein Statens lærarskole for husstell frå 1946-64. Denne vart flytta og vart ein del av Bergen lærarskole.

Endringslogg: Lagt til at også Uia tilbyr masterfag i mat og helse, endra 11. april kl 12.32.

Powered by Labrador CMS