Ein dag landa lakse-milliardærens helikopter i hagen. Den neste utdannings-revolusjonen var i gang

Ein av spelarane ofrar seg i ballbingen på Lovund skole, som ligg tett på det mektige Lovundfjellet, 623 meter over havet. Skulen har 85 elevar fordelt på barne- og ungdomstrinn, der ulike klassetrinn har undervisning saman.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Lovund (Khrono): Havørner følgjer med oppunder Lovundfjellet, eit landemerke mellom Helgeland og Grønland. Meteorologisk institutt melder om storm frå søraust. Rutebåten er innstilt.

Ikkje at det er eit problem.

Eg ring ‘an Svein Gunnvald, seier Aino Olaisen og løftar den alltid nærverande mobiltelefonen.

Eit par timar seinare ligg ein skyssbåt av den raske typen og duppar i den kvasse sjøen. Opp landgangen kjem gjestar frå fastlandet. Pedagogar, politikarar, aksjonistar – gamlerektoren

Fire hundre nautiske mil nordaust for Kunnskapsdepartementet, på ei øy med litt fleire innbyggarar enn det er tilsette i Utdanningsdirektoratet, er dagen sett av til den neste utdanningsrevolusjonen.

— Å, ja! Utdanningsrevolusjon må vi kunne kalle det! seier Arna Meisfjord, gamlerektoren.

Skyssbåten har lagt til kai, og først opp landgangen kjem gamlerektoren, Arna Meisfjord. Med seg har ho to andre medlemmer i styringsgruppa for verdas beste distriktsskule med seg. Jenny Myklebust, leiar for Folkeaksjonen for høyere utdanning på Helgeland og Renate Nordnes i Utdanningsforbundet.

— Ikkje vits i å planlegge verdas tredje beste skule, legg Aino Olaisen til, ho har glimt i auget, men ikkje større enn at det er meininga vi skal ta det på alvor.

I fjor landa helikopteret hennar i gamlerektorens hage. Spørsmålet var om ho kunne ta på seg eit oppdrag: utarbeide ei prosjektskisse til modell for verdas beste distriktsskule.

Første trinn er å gjenreise lærarutdanninga på Nesna.

Her er òg eit midtpunkt

Meisfjord er for lengst i gang med arbeidet. Ho er pedagog og arbeidde ved Høgskolen i Nesna i 17 år, lenge før fusjonen med Nord universitet og vedtaket om å legge ned studiestaden. No skal arbeidsgruppa møtast for å setje fart i oppdraget frå laksemilliardæren på Lovund.

Det kan vise seg å vere eit heldig tidspunkt.

Utkantane er på kort tid blitt midtpunkt i den politiske debatten. Bunadskledde folkeaksjonistar herjar kysten, fleire av dei frå Nesna og Helgeland. To offentlege utval har vore i sving med å sjå på tiltak for distrikta.

Ein gong ville også Aino Olaisen bort. Ho drog ut i verda for å studere fransk og spansk. Seinare studerte ho på Fiskerihøgskolen, etter at ho hadde tatt — kanskje ikkje typisk for oppdrettsnæringa — mellomfag i latin-amerikansk historie.

NHH-professoren og tidlegare Høgre-statsråd, Victor Norman, har stått i spissen for det såkalla Demografiutvalet. Han har gjort det klart at snart blir det berre gamlingar igjen i distrikta – med mindre politikarane tar grep for å snu utviklinga.

Ein av nøklane, meiner utvalet, er å sikre desentralisert utdanning, «et fleksibelt utdanningstilbud som sikrer folk i distriktene tilgang til utdanning»

Både Ap, Sp og SV har lova at dei vil støtte ei gjenoppliving av høgare utdanning på Nesna, dersom dei kjem til makta etter stortingsvalet til hausten.

Det finst argument for sentralisering. For robuste einingar. For å samle og eventuelt sortere bort høgskular, for å skape sterkare universitet. Men det er ikkje noko poeng å leite på Lovund, eller på Nesna, inne på fastlandet.

Dei kokar ei anna kraft på Helgeland, laksemilliardæren, pedagogane, politikarane, aksjonistane.

Laks og lekser

Saman med dei to søskena er Aino Olaisen, gjennom familieselskapet, største eigar av Nova Sea, oppdrettsgiganten med produksjon og hovudkontor på Lovund. I 2019 var omsetninga på 2,9 milliardar kroner, med eit resultat før skatt på ein milliard.

Det er best å stille spørsmålet med det same.

— Kva slags riking er du, eigentleg?

Ho tenner eit levande lys i lokala til Vigner Olaisen, familieselskapet oppkalla etter farfaren. Vrir seg i stolen. Det er ikkje akkurat som om «ho har pengane i madrassen», dei er i aksjar. Helikopter, ja, det verkar kanskje ekstravagant, men det er faktisk praktisk av og til for å komme seg rundt. Ho vil heller snakke om samfunnsutvikling, skule, utdanning, kampen for utkantane.

Rutebåten er som sagt innstilt.

— Eg er opptatt av distriktsutvikling, om at det ska vær bra å bo på de her plassan vårres.

Utanfor dei digre vindauga, der storhavet bryt, skyv blått morgonlys mørket bort.

— Vi skal gjennom ei grøn omstilling i dette landet, store ressursar finst i Nord-Noreg, og det blir ført ein politikk som gjer det stadig vanskelegare å bu i distrikta. Det blir fødd for få barn i distrikta, vi må gjere det attraktivt å bu her, seier ho, og sirklar inn poenget som ein drilla politikar, og det skal seiast, ho er medlem av Arbeidarpartiet, har vore varaordførar og sete i minst to statlege utval, seinast det om korona.

Ingen bryr seg om laks så lenge det ikkje finst lekser.

— Ingen flyttar hit for å jobbe viss ikkje vi har skule for ungane, seier Olaisen.

«Utkantproblemer drøftes i havgapet»

Lovund er, når ein går langs dei totalt fem kilometrane med veg, ikkje så ulikt andre små øysamfunn. Butikken er Joker, og det finst berre ein. Folk trillar barnevogn i termodress.

Men snart legg du merke til at ni trailerar skal på ferja. Kyrkja er nymåla. Privatbilane dyre. Når det mørknar, som det gjer tidleg på denne årstida, lyser Lovundfjellet frå lyskastarar av same typen som er i bruk i merdane, som på ein katedral i ein by.

Då dei to lærarane Steinar Olaisen og Hans Petter Meland flytta heim til Lovund på Helgeland tidleg på 1970-talet, låg fiskeria nede, og folketalet var på sitt lågaste. I dag har Lovund 500 innbyggar og er sentrum for eit lakseimperium med anlegg langs heile nordlandskysten. I tillegg til to lakseoppdrettsselskap, held fleire andre marine bedrifter til på øya.

Hausten 1972 sende Norsk rikskringkasting radioprogrammet «Utkantproblemer drøftes i havgapet. Fra et distriktspolitisk seminar på Lovund, Helgeland», kilt inn mellom «Magni Wentzel spiller Gavotte av Bach» og «Urimelege ansvarsfraskrivelser i bilkontrakter».

Då var to unge menn, Steinar Olaisen og kameraten Hans Petter Meland, alt i gang med å setje ein ide ut i livet.

Ingen av dei hadde følgd i fotspora til fiskarfamiliane dei kom ifrå. Meland utdanna seg til lærar på Nesna. Olaisen studerte filosofi, historie og psykologi ved Universitet i Oslo. På Lovund var situasjonen kritisk, fiskeria låg nede, folketalet minka. I 1970 var det berre eit par hundre menneske igjen, og skulen stod for fall.

Dei to kameratane bestemte seg. Dei flytta heim for å bli lærarar på den trengande skulen.

Eit par år etterpå landa eit sjøfly, lasta med 1200 lakseyngel frå Nordmøre. Lakseoppdrett var noko heilt nytt på denne tida, så vidt prøvd ut av pionerar sørpå. Det varte ikkje lenge før det meste av yngelen kreperte.

Men nokre voks opp og blei til laks, som smått om senn blei til fleire laks, og vart starten på lovunderet.

Steinar Olaisen blei far, til Aino. Arbeidsplassar vart skapte. Ungane kom tilbake til skulen. Dei to unge lærarane, no også gründerar, gjekk doble skift, i rute mellom skulen og oppdrettsanlegget.

Ein dag i veka gjer Emrik Moxness (15) det mange ungdommar på Lovund gjer – jobbar etter skuletid. Han passar på rognkjeksen på Nordland Rensefisk. Rognkjeks et lakselus, og blir brukt i merdane. I bakgrunnen Petri Kettunen, som er tilsett på anlegget.

Ein fredag kveld sommaren 2011 døydde Steinar Olaisen brått og uventa, 69 år gammal. Måndag var det opp til neste generasjon.

— Lokal forankring – det var det første vi var heilt sikre på at vi skulle halde på, seier Aino Olaisen.

I dag er Lovund grunnen til at Lurøy kommune er ein av dei økonomisk mest ressurssterke i landet.

I 2021 går innbyggartalet oppover, det har passert 500 og er meir enn dobla sidan bølgjedalen tidleg på 1970-talet. Her er to oppdrettselskap, Lovund Laks, i tillegg til Nova Sea, eit reinsefiskanlegg og ein god bunke bedrifter som støttar hjørnesteinane. I tillegg kjem turistane, som slår seg ned om sommaren, saman med lundefugl-kolonien.

Gjennomsnittsalderen er 30 år.

Ålesund, Karasjok, Kiev

Innflyttarane Lisa Yvonne Mele er 28 og Aslak Todal 26. Ho er frå Ålesund, han frå Kautokeino med røter på Nordmøre.

— Eg er ein kjærleiksmigrant, seier Mele. Det var Aslak som først fekk jobb her ute, ho blei med.

Han er utdanna sivilingeniør frå NTNU. No jobbar han med analyse og strategisk planlegging i Nova Sea. Dei er inne i sin første vinter, tilfeldigvis koronavinteren. Kanskje blir dei, kanskje ikkje, det er grenser for kva ein kan planlegge før ein fyller tretti.

— Vi går all in for å bli kjent og for å bidra med det vi kan. Vi er blitt tatt imot med opne armar. Vi får sjå. Vi lever som om vi skal vere her for alltid.

For den ferske sivilingeniøren har jobben så langt vore ei tilfredsstillande erfaring.

Sunnmøringen Lisa Yvonne Mele er (28) og finnmarkingen Aslak Todal (26) er inne i sin første vinter på øya og har så langt tru på at det er plass til både sosialantropologiar og sivilingeniørar her ute. Oleksii Virych frå Kiev, Ukraina, sørger for urban caffe latte. Det bur folk frå 15 nasjonar på Lovund.

— Eg opplever at eg blir høyrt, får tillit. Eg får meir ansvar enn folk enn medstudentar som har fått jobb i større bedrifter eller forskingsinstitusjonar.

Paret sit på kvar sin høge krakk i eit lokale med umiskjenneleg urbane kvalitetar. Bak disken står Oleksii Virych frå Kiev og knuser mytar om caffe latte som byens eksklusive emblem. Dette er også ei bedrift, kaffebaren han har etablert mellom utstillinga av gamle båtmotorar, samla av Vigner Olaisen, Ainos farfar.

Lisa Mele er nettopp ein type mange ville forvente å finne med ein caffe latte – i byen. Ho er utdanna sosialantropolog. No er ho i gang med å lage sin eigen jobb og tar tekst-, design- og kommunikasjonsoppdrag for bedriftene.

Feltarbeidet gjorde ho i eit heilt anna øysamfunn, blant vestlege yoga-utøvarar på indiske Goa.

— Lovund er ein slags hybrid. Det er eit lite samfunn avgrensa av hav på alle kantar. Men samstundes er det så mange unge her, det er internasjonalt, masse næringsliv og sterk optimisme. Det kjennest ikkje som ei lita bygd, er sosialantropologens oppsummering.

— Vi treng allroundarar

Det som til slutt kanskje blir Lovund-modellen, verdas beste distriktsskule, skal bygge på potensialet i digitaliseringa, som no skyt fart. I øyriket på Helgeland er det lett å sjå korfor.

I tillegg står FNs berekraftmål sentralt. FNs berekraftmål nummer fire er å sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og livslang læring for alle. I distriktskuleprosjektets språkdrakt, «likestilling og likeverd mellom mennesker, mellom regioner og mellom by og land».

Todeling av lærarutdanninga mellom barne- og ungdomstrinnet er lite tilpassa lærarkompetansen som trengst på dei minste skulane, ifølgje styringsdokumentet. Såkalla fådelte skular, der fleire trinn får undervisning i same klasserom, treng lærarar som kan handtere alle kategoriar.

— Det foregår ein kamp i krins etter krins, kommune etter kommune, for å bevare dei små skulane, seier Arna Meisfjord.

— Små skular som her på Lovund blir automatisk gjort til problem. Premissen for å legge ned er alltid at stort er bra, og at lite er dårleg. Men dette finst det ikkje dokumentasjon for i forskinga!

— Barndommen var fri ,og vi ungane ordna oss i stor grad sjølve. Eg trur det lærte oss å ta initiativ, seier Aino Olaisen. No vil ho bidra til å skape framtidas distriktsskule med tett kopling til lokalsamfunn og arbeidsliv som grunnmur. Ut dei store vindauga i kontorlokala har ho utsikt til naboøya Træna, endå lenger ut i havet.

Ein annan sentral del av prosjektet er å sørge for forsking som blir spissa inn mot dei små. Det betyr ei tett kopling mellom utdanninga og lokalsamfunna – og næringslivet i lokalsamfunna.

«Et viktig første trinn for å sikre rekruttering av lærere til distriktsskolene, er at vedtaket om å fjerne allmennlærerens kompetanse til å undervise i alle grunnskolens fag, blir opphevet», slår styringsdokumentet fast.

— Vi treng allroundarar. Spesialisering og mastergradar er vel og bra for skular med 800 elevar, men når du skal undervise 4, ja, då trengst det ein annan kompetanse, seier Olaisen.

Meisfjord understrekar at dei små kan ha fortrinn.

— Dei kan vere ein fantastisk ressurs for samhandling med lokalmiljø, heim, kulturliv og næringsliv. Skulemiljøet bør ikkje definerast som berre det som er innanfor veggene i klasserommet, seier ho.

Det etter kvart svært regulerte barnearbeidet er eit velprøvd og levande konsept på Lovund: Dei fleste ungdommane på øya har arbeid etter skuletid på lokale bedrifter nokre timar i veka. Ifølgje tal frå Kystinkubatoren på Lovund droppar 10 prosent av ungdommane herifrå ut av vidaregåande. Det er berre halvparten så mange som elles i Nordland. Forklaringa kan ha mange faktorar, men koplinga næringsliv og skule, teori og praksis, er truleg ein.

Næring etter læring

Lærar Øystein Thomassen står med ei grøn matematikkbok under armen. Han utdanna seg ein gong til marinbiolog ved Universitetet i Oslo. Deretter tok han pedagogisk utdanning og kom tilbake og blei lærar på skulen der han hadde vore elev.

Han har fire barn sjølv, tre av fire har flytta heim til Lovund. Ein er mekanikar, ein jobbar med IKT og kunstig intelligens i Nova Sea, ei har studert japansk, eit langt frå ubrukeleg fag på ei øy som sender fleire tonn sushi på ferja dagleg.

Lærar Øystein Thomassen gjekk på Lovund skule og hadde to stadig travlare laksegründarar som lærarar. No har fleire av hans eigne barn blitt vaksne, tatt utdanning og kome tilbake til øya og fått arbeid her.

— Kurva har gått rett opp heilt sidan eg gjekk på ungdomsskulen. Vi sit på ei gyllen grein i dette landet, og her sit vi heilt ytst på bladet, seier Thomassen.

— Men ein veit jo aldri, nedturar kan komme. Eg har sett dei, og dei kan vere mørke.

Han har følgt diskusjonen kring nedlegginga av lærarutdanninga på Nesna. Toneleiet blir lett sarkastisk.

— Eg høyrer ministeren snakkar om at Nord universitetet må ha autonomi. Men det kan sjå ut som autonomien berre gjeld når det er snakk om retten til å legge ned på Nesna.

På ungdomsskulen hadde Thomassen to lærarar som fekk stadig større problem med å skilje mellom jobb og fritid. Olaisen og Meland.

— Det blei ein del fritimar, mimrar Thomassen, det var slett ikkje upopulært. — Ein gong hadde vi fem norsktimar på rad slik at Olaisen skulle få meir tid til å jobbe med laksen.

Det ringer ut.

Ørnene over Lovundfjellet kan sjå omtrent rett ned på ungane som stormar ut i skulegarden. Underlaget i ballbingen er kupert, klink is, men kampen går som normalt. Hit eit steg og dit eit steg. Fire ungdomsskulejenter held seg på sidelinja.

Dei går siste året på ungdomsskulen, og til hausten blir det hybelliv på fastlandet. Deretter blir det truleg meir utdanning, og så kjem dei kanskje tilbake for å busetje seg på øya. Nora Fjellgaard (i midten) er heilt sikker, ho vil bli lærar på Lovund. Ved sida av henne står (frå venstre): Milla Rasmussen, Pia Celine Nergård og Kristina Edel Lovund.

— Kva gjer de på fritida?

— Squash. Squash. Squash. Squash.

Lovund har, i tilfelle du ikkje har peiling, fostra fem noregsmeistrar.

— Kva er det beste med å bu her?

— Alle kjenner alle. Alle kjenner alle. Alle kjenner alle. Alle kjenner alle.

Til våren blir det vidaregåande på fastlandet. Kjem dei nokon gong tilbake?

—Tja, tja, tja – og ja, seier Nora Fjellgaard.

— Og kva skal du bli?

— Lærar.

— Her?

— Her.

Det ringer inn.

Opplysningstid

Litt utpå ettermiddagen er mørket tilbake. Oppunder Lovundfjellet er lyskastarane slått på. Den bitande vinden er blitt hissigare i kasta.

Inne på hotellet er stemninga lun og optimistisk.

— Hugs at Nesna var den første høgare utdanningsinstitusjonen i Nordland, seier gamlerektoren.

Lovund har fem kilometer veg, eit fjell og eit hotell.

For eit par år sidan var stemninga på Nesna på botn og framtidshåpet tappa for luft. I 2016 vart høgskulen til Campus Nesna, fusjonert inn i Nord universitet i kjølvatnet av den såkalla strukturreforma frå regjeringa. Målet var meir «robuste» institusjonar. Færre høgskular, fleire universitet, mindre fragmentering, meir sentralisering.

No er stemninga snudd, og fleire initiativ er i sving på Helgeland for å skape ei framtid i den gamle høgskulen.

I fleire generasjonar var Nesna sjølve lærarutdanninga i landsdelen. Pedagogikk for fådelte skular var ein av spesialitetane. Gamlerektoren trekker linjene tilbake til den aller første rektoren. For meir enn hundre år sidan klarte presten Ivar Hjellvik, mot mange odds, å få gjennomslag for oppretting av lærarutdanning på Helgeland. Det skjedde midt under ein pandemi, spanskesjuka, og i ein region prega av fattigdom.

Men, seier Meisfjord, med ettertrykk:

— Han klarte det!

Og:

— Av dei første 50 elevane var halvparten damer, i 1918, berre fem år etter at kvinner fekk stemmerett. Var det mogleg då, er det mogleg no.

Utdanningsrevolusjonen på Helgeland «bygger på at vi har en sjølstendig utdannings- og forskningsinstitusjon lokalisert til Nesna», slår styringsdokumentet fast.

Styringsgruppa samla til møte på Lovund Hotell med langhåra mål i blikket. Frå venstre Siw Moxness (Vigner Olaisen AS), Arna Meisfjord (pensjonert rektor), Hanne Davidsen (ordførar i Nesna), Renate Nordnes (Utdanningsforbundet og lektor), Aino Olaisen og Jenny Myklebust (leiar i Folkeaksjonen for høyere utdanning på Helgeland). Rektor på skulen i nabokommunen Herøy, Lars Olav Mogård Larsen, er med digitalt.

Grytidleg neste morgon sit gamlerektoren i stampesjø på veg tilbake til fastlandet, på siste rutebåten som ikkje blir innstilt på eit par døgn. Meteorologisk institutt har justert opp til raudt, orkan i kasta. Nyttar ikkje med helikopter, heller, i slikt vêr.

No er det berre å halde stø kurs mot stortingsvalet til hausten. Det er ein distriktspolitisk storm som bles frå søraust. Men enn om det ikkje blir regjeringsskifte?

Laksmilliardæren på Lovund har ei hand liggande på mobiltelefonen.

— Då får vi legge ein plan.

***

(Artikkelen er oppdatert 26.01. kl. 16.35. Nesna var ikkje den første lærarutdanninga i Nord-Noreg, som det opphavleg stod, men i Nordland. Det første kullet var ikkje alle kvinner, som det først stod, men halvparten av dei 50 første var kvinner)

Powered by Labrador CMS