— Kor er forskinga som viser at ein lærer best ved å sitja i ro, spør professor Geir Kåre Resaland.

Geir Kåre Resaland (i midten) er tydeleg på at han meinar gym er eit viktig og flott fag, men at fysisk aktiv læring er nokok anna enn gym. Det er læringsprosessar der elevane er fysisk aktive. Kontaktlærar Sondre Setrom og assistent Anita Vikøren ved Trudvang skule er ute saman med elevane på 5.trinn.

Elevane har lært matematikk ved å vera fysisk aktive heilt sidan 2004. No er målet eit nasjonalt senter i Sogndal

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I 2004 byrja Geir Kåre Resaland på doktorgradsarbeidet sitt. 16 år seinare er han professor ved Høgskulen på Vestlandet, og leiar Sefal – Senter for fysisk aktiv læring. No håpar han at dette kan verta eit nasjonalt senter.

Meir om det seinare. Først til Trudvang skule, som ligg i sentrum av Sogndal.

Frå folkehelse til læring

5.trinn spelar kanonball, og Resaland hiv seg med. Miljøterapeut Marte Kviberg samlar saman store ark med tal på. 2.trinn har trilla terning og deretter leita etter talet dei har summert: Trilla dei 5 og 7, skal dei til dømes springa bort til 12.

Miljøterapeut Marte Kviberg er ute kvar dag. Brikkene med tal på er ein del av ein pakke Sefal tilbyr til skulane som nyttar fysisk aktiv læring-metodikken.

— Ein famnar nok fleire når ein jobbar på denne måten, seier Sondre Setrom, kontaktlærar for 5.trinn.

Sjølv om koronaåret har gjort at ein ikkje har kunna gjort alt dei vil og plar, er elevane ute kvar dag.

Det handlar altså om å læra andre fag, gjerne matematikk, men også til dømes naturfag, medan ein er utandørs og i aktivitet.

—Er det mogleg å få til 60 minutt med dagleg fysisk aktivitet over fleire år, og kva gjer det med folkehelsa til elevane, spør Geir Kåre Resaland.

Det var utgangspunktet hans då han starta på doktorgrada, som han tok ved Norges idrettshøgskole. I dag er han professor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Resaland er sjølv interessert i idrett, og har vore trenar for barn og unge i mange år. Men dei mest sårbare elevane møter ein nødvendigvis ikkje der.

— Men ein treffer dei i skulen. Skulen er ein heilt unik arena, seier Resaland.

Doktorgradsprosjektet hans hadde eit folkehelseperspektiv i seg, og såg mellom anna på blodtrykk og helsetilstanden til dei 256 barna som var med. Prosjektet var vellukka, men Resaland fekk ei oppmoding frå skulane etter prosjektet: «Det er flott at blodtrykket til elevane gjekk ned og at kondisen blei betre, men kvifor ikkje heller undersøka om dei lærer meir og trivst betre?»

Difor kom læringsaspektet inn som hovudfokus i det neste prosjektet han leia; Active Smarter Kids (ASK-prosjektet), som vart støtta av Noregs Forskingsråd i 2012. Den gongen var 57 barneskular og meir enn 1 000 5.klassingar med. Her skulle ein blant anna sjå på om auka fysisk aktivitet gjer noko med skuleresultata i dei tradisjonelle skulefaga.

Sondre Setrom er ein av fleire lærarar som kom som student til Sogndal - og vart verande. Trudvang skule har fleire lærarar enn vanleg med kroppsøving. Her saman med professor Geir Kåre Resaland.

Har fått 40 millionar

— Kor er forskinga som viser at ein lærer best ved å sitja i ro, spør professoren retorisk.

I 2019 og 2020 fekk han til saman 40 millionar kroner frå Gjensidigestiftelsen.

Resaland meiner det handlar om å gi lærarane sjølvtillit på at det finst andre metodar for læring enn klassisk klasseromsundervisning, og Sefal tilbyr både vidareutdanning med eksamen og etterutdanning.

Resaland understrekar at fysisk aktiv læring kan føregå på mange måtar, i ulike fag og på ulike læringsarenaer – og at det må vera læraren i faget som planlegg og leiar aktiviteten.

— Me må stola på læraren sitt skjønn når det gjeld kva undervisningsmetodar ein skal nytta i skulekvardagen, men det føreset at lærarane har kompetanse i ulike metodar, seier han.

Difor ønskjer Resaland og Sefal å tilby ein kompetansehevingspakke i fysisk aktiv læring til alle lærarar i Norge på sikt.

Trudvang skule i Sogndal nyttar fysisk aktiv læring for alle elevar. Nyleg har skulen også fått ny dekor innandørs. Professor Geir Kåre Resaland har hatt samarbeid med skulen sidan 2004.

Ballbingemåling og brøk

— Me kunne avslutta etter at Resaland var ferdig med doktorgrada. Men barn lærer på ulike måtar, og me har nok fleire lærarar enn andre skular med kroppsøving som fag, seier Trudvang-rektor Bjarte Ramstad.

Han har vore rektor i 13 år, og har tru på å få elevane ut og i aktivitet.

— Kva med dei elevane som ikkje likar å læra på denne måten?

— Ein må nytta den verktøykassen ein har. Men det kan sjølvsagt vera elevar som kan synast at dette er krevjande, seier Ramstad.

Gangen og trappa i skulebygget er pynta med tal, tallinjer og ei stor gradskive. Opnar ein døra i 45 eller 75 graders vinkel? Skulen har i mange år hatt gode resultat på dei nasjonale prøvane.

Det beste me kan gjera for elevane våre er å nytta fleire undervisningsmetodar.

Geir Kåre Resaland

Resaland peikar på fleire område der ein kan nytta fysisk aktiv læring: Ein kan til dømes måla areal, kor stor er ballbingen på skulen? Og kor mange er halvparten av elevane? Kor lenge eit minutt varer, kan ein læra ved å hoppa tau i eit minutt. Då varer det kanskje lenger enn ein trur...

— Fysisk aktiv læring kan vera bra for alle elevar, seier professoren.

Samstundes er han tydeleg på at det ikkje er snakk om anten/eller. Noko kan ein læra ved å gå djupare inn i stoffet inne, noko kan ein læra medan ein er i aktivitet ute.

— Det er ingen motsetnad her, og det beste me kan gjera for elevane våre er å nytta fleire undervisningsmetodar.

Vil søkja om EU-midlar

Sefal har no 14 tilsette knytt til seg. Senteret vert satsa på av HVL og er eitt av fagmiljøa som har fått ein tiltakspakke med postdoktor-stilling, professor II-stilling og tilskot til EU-søknadsarbeid. Resaland seier at dei planlegg ein søknad til Horisont Europe, EU sitt nye rammeprogram for forsking.

I tillegg leiar han Erasmus+-prosjektet ACTivate, med forskarar frå fleire europeiske land. Saman skal dei skapa ein europeisk læreplan i fysisk aktiv læring og lage ein gratis webportal for lærarar i Europa. Forskarane rakk å ha ei fysisk samling i Sogndal før verda brått vart ei anna våren 2020.

— Me forskar ikkje så mykje på effektane av fysisk aktiv læring lenger, no har me meir intervju med lærarar og rektorar, seier Resaland, og viser til ei fersk avhandling ved Universitetet i Stavanger. Den viser at elevane set pris på at dei får vera fysisk aktive. Samstundes viser avhandlinga at det ikkje er alltid fysisk aktivitet bortsett frå tradisjonell kroppsøving vert prioritert i skulen.

I dag ligg det ein time fysisk aktivitet i veka inne i læreplanen for mellomtrinnet, og elles er det fysisk aktivtet og helse eit valfag på ungdomstrinnet.

Bjarte Ramstad har vore rektor ved Trudvang skule i 13 år, og har tru på fysisk aktiv læring. No kjem det snart masterstudentar på besøk for å intervjua rektoren om hans røynsler.

Livets rett

Geir Kåre Resaland viser veg attende til Høgskulen på Vestlandet sin campus i Sogndal. I saftbygda kan ein gå til det aller meste, og det er ikkje så mange minutt opp bakkane frå Trudvang skule.

Sjølv går han heimefrå til jobb kvar dag, seier han, uansett vêr, og han slår eit slag for kvardagsmosjonen.

— No vert hjarta våre glade, smiler han på veg opp bakken.

Det er 2,5 år drift att for midlane frå Gjensidigestiftelsen. Og frå då håpar Resaland at Sogndal kan vera eit senter for fysisk aktiv læring. Sogndal og Fosshaugane campus er ein godt egna stad til å ha eit nasjonalt leiande senter, meiner han.

— Eg håpar det vil visa seg at dette senteret har livets rett.

Powered by Labrador CMS