lærarutdanning

Kommunane vil ha desentral lærar­utdanning. Men høgskulen seier nei

Eit prosjekt om desentral lærarutdanning i Ryfylke, Indre Hardanger og Vest-Telemark får tommelen ned. Instituttleiar er redd for at institusjonane kannibaliserer seg sjølve om dei gir for mange tilbod i distrikta.

Mange kommunarar, særleg i distrikta, slit med å få kvalifiserte lærarar. Men skal ein kunne ta utdanning der ein bur? Biletet er frå Sørarnøy skole i Gildeskål i Nordland.

— Me har gjort ei undersøking som viser at berre åtte prosent av dei som bur i regionen ønskjer å studera dersom dei må ta heile studiet vekke. Det seier sitt.

Det seier Einar Schibevaag. Han jobbar i Ryfylke IKS, eit samarbeid mellom dei fem kommunane i Ryfylke.

I regionen har ein allereie prosjektet MOR - Motivasjon, opplæring og rettleiing — som skal bidra til kompetanseheving og kvalifisering til arbeidslivet. No ønskjer Ryfylke, saman med kommunane i Indre Hardanger og Vest-Telemark, å tilby lærarutdanning der studentane ikkje treng å reisa frå heimbygdene.

— Me har eit stort underskot av lærarar, og vil prøva å utdanna dei som bur her, seier Schibevaag.

Målgruppe: Ufaglærte — og unge

I dag tilbyr seks av utdanningsinstitusjonane samlingsbasert lærarutdanning: UiT Noregs arktiske universitet, Nord universitet, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Søraust-Noreg og Høgskolen i Innlandet. I tillegg er det fleire som tilbyr enkeltemne anten som deltidsstudium eller som nett- og samlingsbaserte tilbod.

Tanken bak prosjektet Schibevaag jobbar med, er at studentane skal studera i tre år, men samlingsbasert, med samlingar i kvar av dei tre regionane. Deretter skal dei ta dei to siste åra av utdanninga medan dei er i jobb.

— Eit femårsløp vil verta for langt og omfattande, seier Schibevaag.

Målgruppa er både ufaglærte som jobbar på skulane i dei totalt om lag 15 kommunane i dag, men òg andre som kan tenkja seg å ta lærarutdanning.

— Me har allereie eit desentralt tilbod for sjukepleiarar. Her er det tre av studentane som kom rett frå vidaregåande skule. Det er ein del som har lyst til å studera, men som ikkje har lyst til å reisa vekk.

Høgskule: Utdanninga er alt desentral

Eit samlingsbasert undervisningløp på fem år er lenge, seier dekan Asle Holthe. Tidlegare hadde HVL lærarutdanning på deltid, men høgskulen ønskjer ikkje å tilby noko som strekkjer seg over meir enn fem år.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har vorte kontakta av initiativtakarane i Ryfylke, men gir ikkje tommelen opp.

— Me har ei samlingsbasert utdanning for grunnskulelærarar 1.-7., med samlingar på Stord og i Sogndal. Det er den me har satsa på, seier Asle Holthe, dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved HVL .

Han peikar på fleire utfordringar ved å starta opp eit nytt desentralisert tilbod. For det første inneber det ein kostnad for høgskulen å ha fleire parallelle løp.

— Me må ha minst 30 studentar for at det skal vera økonomisk berekraftig. Når me ser på søkjarane til den samlingsbaserte utdanninga vår, var søkjartala gode. Men hovudproblemet var at mange av dei ikkje var kvalifiserte, seier Holthe.

Han fortel om 166 søkjarar, 42 av desse førsteprioritetssøkjarar. Men under halvparten av desse fylte kravet om anten karakteren 3 i norsk og matte og minst 40 skulepoeng, eller 3 i norsk, 4 i matematikk og minst 35 skulepoeng.

— Det samlingsbaserte tilbodet vårt har ni dagar med samling på campus i løpet av eitt semester, i tillegg til praksis nær der dei bur og digitalt støtta undervisning mellom samlingane. Det er ikkje veldig krevjande å måtte vera på campus ni dagar i eit semester. Og norsk lærarutdanning er allereie veldig desentral, seier Holthe.

Vil at studentane kjem til dei

Khrono har tidlegare skrive om Nord universitet sitt prosjekt LæreriNord. Der reiser universitetet på rekrutteringsturné både til vidaregåande skular og til bygder i særleg Nordland. Mange små, fådelte skular slit med å få søkjarar til ledige lærarstillingar.

Planen er at studentane skal koma til universitetet sine ulike campusar.

— Me snakkar med kandidatane og finn det studietilbodet som passar best for dei, om det er i Bodø, Vesterålen, Nesna eller Levanger, seier prosjektleiar Hanne Paulsen Gravrok.

Studieløpet for studentane dei rettar seg mot i LæreriNord, er som oftast den nett- og samlingsbaserte forma. Men mange av kandidatane er i jobb i dag, både i skule og barnehage, og Gravrok er oppteken av å få kommunane med på laget. Ho fortel at ho har møte med oppvekstleiarar i alle aktuelle kommunar, og oppmodar til incentiv for å freiste innbyggarar i kommunane til å starte utdanninga som sårt trengst. Nokre kommunar har svært gode ordningar å freista med, som til dømes Vestvågøy kommune, Bø kommune og Alstahaug kommune.

— Ekstern rekruttering av lærarar og barnehagelærarar er viktig. Men intern rekruttering er kanskje endå viktigare. Dei som er målgruppa vår no, er eldre enn andre studentar. Dei forsvinn ikkje, dei vert verande i dei kommunane som no slit med rekruttering av både utdanna lærarar og barnehagelærarar, seier Gravrok.

Hanne Gravrok frå Nord universitetet (LæreriNord) på Meløy vidaregåande skuleHanne Gravrok frå Nord universitetet (LæreriNord) på Meløy vidaregåande skule
Hanne Gravrok frå Nord universitetet på Meløy vidaregåande skule — eitt av mange skule- og bygdebesøk. Prosjektet rettar seg mot innbyggjarar både i Nordland og Nord-Trøndelag.

Forsvinn frå campus

Kor mange desentraliserte tilbod kan det vera i ein region? Dette spørsmålet stilte Siw Skrøvset, instituttleiar ved Institutt for lærarutdanning og pedagogikk ved UiT Noregs arktiske universitet nyleg i innspelsmøte knytt til stortingsmeldinga om profesjonsutdanningane, som er venta denne våren.

Innspelsmøtet var i Kirkenes, ein av stadane der UiT har hatt desentral barnehagelærarutdanning. Då gjekk søkjartalet til same utdanning i Alta ned, sa Skrøvset i innlegget.

Ho meiner universitetet står i fare for å kannibalisera seg sjølve.

— Dersom me legg for mykje av utdanningstilbodet utanfor campus, så minkar søkjartala til tilboda på campus. Me tenkjer at målgruppa for desentralisert utdanning er familiefolk — ikkje 19-åringane. Men så ser me at det likevel er ein del 19-åringar som søkjer. Er det dit me skal, spør instituttleiaren.

Tiril Birkeli Jerijærvi kom heim til Sørarnøy. Dei som flyttar heim, eller dei som tek utdanning etter å ha jobba som ufaglærte nokre år, er svært viktige, seier prosjektleiar Hanne Paulsen Gravrok for Lærer i nord.

I dag har UiT desentral lærarutdanning i Harstad og på Finnsnes. I Harstad har UiT campus, med infrastruktur på plass, og på Finnsnes er det eit studiesenter. Men å tilby utdanning desse stadane er ikkje gratis, verken når det handlar om kroner eller menneskelege ressursar. Skrøvset fortalde i innlegget om at det er ei grense for kor mykje ein kan be tilsette om å vera på reisefot, og om kor mykje dei bør vera vekke frå resten av fagmiljøet.

— Me skal ikkje ha eit nytt kull i Harstad kvart år, nei, det skal me slett ikkje, seier Skrøvset til Khrono.

— Me startar opp i Finnsnes til hausten. Men i denne regionen er det ikkje mange nok innbyggjarar til at me kan ha lærarutdanning begge desse stadene og i tillegg i Narvik, Alta og Tromsø.

Skrøvset fortel at det i kommunane rundt Harstad har vore eit liknande initiativ som det som no er i Nordland. Her har det vorte jobba med å kvalifisera enkeltkandidatar som har mangla fag eller karakterar frå vidaregåande skule.

— Dei som tek desentral utdanning vert ofte verande. Samstundes skal de utdanna lærarar til heile landet. Står de i ein skvis?

— Nei, men me er nok i eit skjeringspunkt av kva me klarar, og kva me har innbyggjarar til. I Alta har me til dømes eit samlingsbasert tilbod, så ein måte å gjera det på, er å samla eit slikt tilbod der, seier Skrøvset.

Powered by Labrador CMS