Debatt håvard teigen

Statsbygg med sentraliseringsmani

Har Statsbygg fått som samfunns­oppdrag å om­lokalisere store delar av universitets- og høgskulesektoren?

Vil verkeleg politikarane bruke UH-sektorens ressursar på å sentralisere alle studiestader i landet de neste tiåra, spør professor emeritus Håvard Teigen. På biletet er Høgskulen i Innlandet, campus Lillehammer

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Instituttleiar for TV-skulen (Høgskulen i Innlandet) Jo Sondre Moseng hevda i eit innlegg i Khrono at vi som stiller spørsmål ved klokskapen i å legge ned eksisterande campus på Lillehammer vil føre høgskulen baklengs inn i framtida.

Moseng argumenterer som om dette berre har interesse for hans eige vesle institutt som han av ein eller annan grunn ikkje vil ha samlokalisert med det største TV-faglege produksjonsmiljøet i Lillehammer, NRK Innlandet.

Mitt poeng har vore at dette er eit spørsmål av nasjonal interesse. Argumentasjonen både til Statsbygg og Moseng er nemleg at alle studiestader i landet burde plasserast i bysentrum. Er det slik politikarane vil ha det? Skal sektorens ressursar brukast på dette dei neste tiåra?

Bakgrunnen er at Statsbygg har kome med ein rapport der dei konkluderer med at ein campus som ligg fem kilometer nord for Lillehammer sentrum (på Storhove) bør leggast ned og ny høgskule byggast opp i Lillehammer sentrum.

Dei hevdar at denne konklusjonen er i samsvar med samfunnsoppdraget sitt. Høgskular og universitet skal heretter lokaliserast i bysentrum for å minimere transport og skape liv og røre i sentrum.

Dette er ei nasjonal sak fordi det har store konsekvensar om Statsbygg har ei riktig tolking av det departementet og statsråden vil. Det er nemleg ikkje berre på Lillehammer høgskulen ligg utanfor bykjernen, men i by etter by. Denne tolkinga av statleg politikk vil utløyse investeringar på titals milliardar. Dette skjer samstundes med at regjeringa set foten ned for nye gigantinvesteringar på fleire sektorar.

Den andre grunnen til at dette er ei nasjonal sak er at statsbygg manipulerer med fakta og prøver å føre avgjerdstakarar bak ljoset for på denne måten å kunne bygge nytt. Kva slags mekanismar og insentiv er det som gjer at Statsbygg oppfører seg som ein privatkapitalistisk turbokapitalist på gjestevisitt frå ei sfære langt utanfor den norske og nordiske tillitstufta etikken?

Ein kort presentasjon av situasjonen for å dokumentere saka:

På studiestaden som nå skal fråflyttast, fekk vi kanskje landets kraftigaste satsing på 1990-talet som del av OL 1994. Det internasjonale radio- og TV-senteret (RTV-bygget) vart lagt hit med høgskulen som etterbrukarar, eit kvalitetsbygg på 27 000 kvadratmeter bygd som eit utstillingsvindauge med vegger dekt av rådyr dagskifer.

Kva slags mekanismar og insentiv er det som gjer at Statsbygg oppfører seg som ein privatkapitalistisk turbokapitalist på gjestevisitt frå ei sfære langt utanfor den norske og nordiske tillitstufta etikken?

Håvard Teigen, professor emeritus ved Høgskulen i Innlandet

For at høgskulen skulle danne sentrum for ein klynge av tilgrensande verksemder vart også det internasjonale pressesenteret lokalisert hit (ytterlegare 11 000 kvadratmeter). Stortinget etablerte Den Norske Filmskulen og la den til dette bygget og NRK Innlandet vart flytta ut av sentrum og saman med TV- og filmutdanningsmiljøet.

Forskingsinstitusjonen Nina etablerte seg på Storhove og Østlandsforsking har flytta frå byen og inn i høgskulen. Også Studentsamskipnaden flytte frå sentrum til Storhove. I pressesenteret er det ca. 20 andre bedrifter innan alle slags kompetansefelt. Dette er det største og mest komplette næringslivet samlokalisert på ein stad i Lillehammer.

Kva er det så Statsbygg presterer å gjere i sin rapport? Dei hevdar at dette kvalitetsbygget som vart ferdigstilt frå 20–25 år sidan (ombygd etter OL) er så nedsliten og vanskjøtta at det er nesten like billig å bygge nytt som å restaurere det gamle. Derfor er det isolert sett kostnadsvarande å bygge nytt bygg i sentrum.

Men så kjem det like tunge argumentet for flytting:

Det einaste som ligg på Storhove er «nokon produksjonsbedrifter, private kontorlokale» (tabell 8) står det i rapporten. Statsbygg hevdar at høgskulen ligg isolert nesten heilt for seg sjølv og er den mest avsidesliggande campus i heile landet saman med ein campus i Tønsberg. Dette er ikkje sant.

Statsbygg rett og slett forfalskar verkelegheita. Dette er ein av dei mest komplette campusane i landet der høgskulen er samlokalisert med alt som høyrer til i ein kompetanseklynge.

Sjølv om statsråd Borten Moe skulle vere samd i at høgskulen på Lillehammer er i fysisk forfall og raskt opne for nybygg i byen, vil det ifølgje Statsbygg gå minst ti år før ny campus er innflyttingsklar. Dersom det er sant at Statsbygg og høgskulen har latt bygningsmassen forfalle fram til nå, vil dei i alle fall gjere det dei neste åra.

Det er gode grunnar for ikkje å gjere store ombyggingar mens ein ventar på nybygg. Men er det sant at praktbygget bygd på slutten av 1990-talet er i slikt forfall? I så fall er det ein hard dom over Statsbygg som eigar og høgskulen som brukar og ansvarleg for dagleg drift. Det er leiingssvikt på det mest alvorlege.

Nå meiner både eg og meir bygningskyndige enn meg at bygget ytre sett er som nytt og det er eit utmerka fysisk rom for interne ombyggingar når nye marknader og teknologiar krev det. Inne i bygget er sjølv dei mest trafikkerte delane i utmerka tilstand, dei gigantiske trappene med edelt treverk og den framifrå kantina som døme.

Nå har blant anna instituttleiaren for TV-fag annonsert i Khrono at tilstanden på TV-fag er så ille at kvar dag er ein kamp mot ueigna lokale. Likevel vil han ha det slik i dei neste 10–15 åra i staden for å bestille ombygging av eksisterande lokale. Dette er uforsvarleg og eit overgrep mot mange kull av studentar, kanskje er forklaringa at lokala slett ikkje er så dårlege? Kanskje skremmer han både studentar og framtidige fagfolk bort.

Det er studium med nokre få hundre studentar som i dag ikkje har gode lokale på campus. Dei mange tusen har ein flott studiestad. Statsbygg sin rolle bør granskast. Har dei vore ein dårleg eigar som latt store verdiar forfalle? Kvifor gjer dei ikkje konsekvensvurderingar av at også andre enn høgskulen blir ramma av flytting, også dei statlege og offentlege institusjonar?

Og til slutt – og på nytt: Har Statsbygg fått som samfunnsoppdrag å omlokalisere store delar av universitets- og høgskulesektoren?

Les også:

Følg fleire debatter i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS