Debatt ● sigrund breistig og bente kvilhaugsvik

Stans i studentutveksling hindrar ikkje internasjonaliseringsarbeid

Til tross for at pandemien har ramma både mobilitet og samarbeidsprosjekter, finnes også eksempel på at innovative, digitale løysingar har gitt betre kommunikasjon og fagleg samarbeid.

Gjennom det såkalla COIL-prosjektet har internasjonaliseringsarbeidet ved Høgskulen på Vestlandet, campus Stord, gjort store framsteg under pandemien
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Covidpandemien har satt sitt preg på internasjonalisering i høgare utdanning. Tal frå Diku viser at talet studentar som reiste på utveksling i 2020 var meir enn halvert samanlikna med året før, og internasjonalisering med utreise har no stansa heilt.

Det er ikkje berre studentutveksling som er råka av pandemien, men like mykje tilsett-mobilitet, og samarbeidsprosjekt. På tross stillstanden, viser Diku sin ferske tilstandsrapport «Krise og kreativitet COVID-19-pandemiens konsekvenser for internasjonalt utdanningssamarbeid» at dette ikkje treng å vera eit hinder for internasjonaliseringsarbeid. Reiserestriksjonar og mobilitetstørke pressar fram nye kreative innfallsvinklar for å oppretthalde internasjonaliseringsaktivitet og samarbeid med internasjonale partnarar.

(les videre under AnnonseN)

Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktig debatt og nyheter.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-

Eit overraskande funn i rapporten til Diku er at aktivitetar som ikkje er avhengig av reiseaktivitet også har stoppa opp. Meir enn ein fjerdedel av digitale og virtuelle samarbeidsprosjekt i Erasmus + for UH sektoren har stoppa opp. Tilsette rapporterer at det faglege samarbeidet og kommunikasjon med partnarar i Erasmus + for UH sektoren er blitt dårlegare. Men i ei kvar krise er det eit potensiale for vekst. På motsett side av skalaen finn ein dei som opplev at fagleg samarbeid og kommunikasjon med partnarar har blitt betre. Det er visstnok ein långt lågare prosent, men den er der og her kjem Diku sin rapport tittel til rette.

Krisa har fordra samarbeid som har ført til kreative og innovative løysingar, med vekst i bruk av digitale plattformar og nye samarbeidsformer. Collaborative Online International Learning (Coil) er ein av metodane som kort blir nemnt i rapporten. Coil er ein metode for digital internasjonal samarbeidslæring mellom studentar og fagtilsette i to eller fleire land.

Sistnemnte speglar internasjonaliseringsaktiviteten som har nådd nye høgdar ved HVL, campus Stord, våren 2021. For andre året på rad har eit heilt sjukepleiestudentkull vore aktive i internasjonal og interkulturell samhandling med studentar frå andre land og kulturar. Frå å vere eit pilot prosjekt i 2020, der studentar frå Stord og Madagaskar samarbeida via Facebook, har det virtuelle Coil-prosjektet denne våren samla over 150 studentar frå 4 land. 15 fasilitatorar frå 5 land; Erasmus samarbeidspartane Norge, Italia, Portugal og Austerrike, i tillegg til Madagaskar, har saman laga dei felles rammene, måla og arbeidsformene, og med det sørga for at studentane fekk møte internasjonale perspektiv på problemstillingar og kulturelt berikande dialogar.

I fellesskap har fagtilsette frå fire Erasmus+ samarbeidsland og Madagaskar, i løpet av vinteren og våren 2020/2021, utarbeida eit asynkront studentprosjekt med Canvas som kommunikasjonsplattform. Bente Kvilhaugsvik, førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet, campus Stord, har leia prosjektet. Vel 200 studentar starta 1. mai opp eit fire vekers gruppe arbeid, med ein «socialization-period» og ein «work with the group task period».

Studentane vart delt inn i 45 arbeidsgrupper, beståande av studentar frå opptil fire land. Ein del av gruppene vart seinare slått saman på grunn av at det ikkje var internasjonal diskusjon i alle gruppene. Fagtilsette i fem land har vore fasilitatorar i gruppene. Oppgåvene studentane har jobba med har hatt mål om at studentane skal bli kjende med helsesystema og pasientomsorg i ulike land. Oppgåvesvara vart presentert på ein Padlet, med digitale postere.

Norge si deltaking i Erasmus + handlar ikkje berre om å gi internasjonal erfaring til studentar, men like mykje om å bidra til kvalitetsutvikling i utdanningssektoren og å styrke det internasjonale utdanningssamarbeidet på alle nivå.

Eit tydeleg teikn på at dette Coil-prosjektet har bidratt til å auke utdanningssamarbeidet og kvaliteten viser seg i det at tilsette frå partner institusjon som ikkje hadde deltakande studentar denne våren, var med og fasiliterte i gruppene. «Kvifor», kan ein spør? Det er fleire grunnar. Mange opplev at dette er ei arbeidsform som blir gjeldande i framtida og at det difor er viktig å hente inn erfaringskompetanse på slikt samarbeid. I tillegg handlar det om å oppretthalde og styrke samarbeida med partner institusjonane. Når den fysiske utvekslinga fell vekk, kan det svekke internasjonaliseringsarbeidet. Kreativitet og vekst må til, og det fordrar kommunikasjon og samarbeid mellom partnarane.

Denne type prosjekt kan også vera døropnarar til forskingssamarbeid. For å utvikle forsking i helsetenesta er det av betydning at me dannar relasjonar og samarbeid med internasjonale samarbeidspartar. Slike samarbeid kan også auke ønskje om å reise på utveksling, og skapar band som kan hente fram likheitane framfor alle forskjellane. Lærar som tok del i prosjektet kan melde frå om korleis dei opplev at sjukepleiestudentane frå dei ulike landa har mykje til felles, og gjennom bildedeling no under Covidpandemien blir dei like å sjå til også, der alle ber eit felles teikn på situasjonen ein er i; munnbindet.

Samarbeidet om Coil held fram, og fleire partner institusjonar er med i planlegginga av Coil for hausten 2021. Korleis forma for samarbeidet blir då er endå uvisst, ettersom dette er ein arena der kreativiteten rår.

«Felles utfordringer har gitt grunnlag for nytenking og jakt etter alternative måter å samarbeide på. Det er grunn til å tro at flere av disse samarbeidsformene vil overleve krisen og prege det internasjonale utdannings- og forskningssamarbeidet også etter at pandemien er over» (Frå Rapporten; Kriser og kreativitet, Diku 2021).

Powered by Labrador CMS