kandidatundersøking

Slit med å få jobb utan master

Nyutdanna kandidatar frå Vestlandet får seg jobb, og fleire enn før vert verande i heimefylka. Men utan master må ein venta lenger på å få relevant stilling.

Biletet viser NM for studentverksemder. Nokre studentar er det kamp om og dei får jobb før dei er ferdig utdanna, andre må venta litt lenger før dei år ei relevant stilling. Felles er at dersom ein har master, kjem ein seg raskare ut i relevant jobb.
Publisert Oppdatert

— Universiteta krev master i «kva som helst», skreiv Khrono i vinter.

Det viste seg då at mange administrative stillingar er lyst ut med krav om mastergrad, sjølv om oppgåvene som skal gjerast ikkje er av den arten der ein treng masterkompetanse.

— Ofte er det ingen tungtvegande grunnar ut frå innhaldet i stillinga til at lista skal leggast på masternivå, sa Steinar Thunestvedt, administrasjonssjef ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier vedUniversitetet i Bergen (UiB).

No viser tal frå den ferske Kandidatundersøkelsen det same. Den er gjennomført av analyseselskapet Ideas2evidence på oppdrag frå studentsamskipnaden Sammen, og har fått inn svar frå over 2000 nyutdanna kandidatar frå Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole og Universitetet i Bergen.

For Universitetet i Bergen heiter det at «mens 66 prosent av bachelorkandidatene har relevant arbeid, gjelder dette 91 prosent av masterkandidatene, og så godt som alle med 6-årig profesjonsutdannelse. Forskjellene mellom kandidater med henholdsvis bachelor- og mastergrad er spesielt utpreget på de disiplinfaglige utdanningsløpene. Mens 89 prosent av masterkandidatene fra Det humanistisk fakultet oppgir å ha relevant jobb, er tilsvarende andel hos bachelorkandidatene kun 43 prosent. Samme tendens gjør seg også gjeldende hos kandidater fra Det samfunnsvitenskapelige fakultet og Det psykologiske fakultet».

Trur ein treng master — og doktorgrad

Prorektor for utdanning, Pinar Heggernes, seier til Khrono at fleire kandidatar med mastergrad er eit mål for UiB, og nedfelt i den nye strategien.

— Det er ulikt kva spesialisering ein treng. For nokre praktiske utdanningar, til dømes innan helse- eller ingeniørfag, kan det vera nok med tre år. Og det aller viktigaste er at ein får fleire ungdommar til å fullføra vidaregåande skule, slik at dei kan velja kva veg dei vil gå vidare. Men særleg for disiplinfaga trur eg det er behov for fleire med mastergrad. Då fordjupar ein seg og jobbar sjølvstendig, ein jobbar med kjelder og lærer å skriva — dette er kunnskap som kjem til nytte når ein skal ut i arbeidslivet, seier Heggernes.

Ho seier at ho òg trur det er behov for fleire kandidatar med doktorgrad i åra som kjem, særleg innan for det grøne skiftet og digitalisering.

— Noko av det som er mest interessant for oss med Kandidatundersøkinga er svara på korleis dei nyutdanna vurderer verdien av utdanninga. Når me skal utdanna tenkjer me langsiktig, dei som studerer no skal kanskje jobba til 2070. Då er evna til læra seg nye ting og evna til kritisk tenking viktig, seier prorektoren.

Noko UiB-studentane ønskjer seg meir av, er praksis. Nokre av utdanningsløpa, som lektor og medisin, har obligatorisk praksis i dag, men også her ønskjer studentane seg meir tilkyting til arbeidslivet.

Heggernes seier at meir kontakt med arbeidslivet er noko UiB har lagt inn i strategien. Men korleis ein skal få det til i praksis, er ho ikkje heilt sikker på. Ho nemner at det kan finnast lågthengande frukter, som å få inn gjesteførelesarar og at studentar kan ha samarbeid med verksemder om mindre oppgåver.

— Me har prøvd å ha samarbeid om masteroppgåver, og det er ikkje alltid like lett å få til. Eit slikt samarbeid krev at verksemdene kan følgja studentane opp, og oppgåvene må vera ferdige innan ein gitt frist, seier Heggernes.

Ho seier at UiB tidlegare enn før prøver å visa studentane kva utdanninga dei har valt kan brukast til etterpå.

— Dersom ein snakkar med studentane om dette tidleg, kan det kanskje òg vera med på å gjera at fleire kan få relevant jobb etter bachelorgrad, seier Heggernes.

— Kva med å legga til rette for besøk frå verksemder?

— Nokre miljø har det i stor grad, der slåst verksemdene om kandidatane, og alle vil spandera pizza og brus. Men eg er oppteken av at me må få vist kva andre kandidatar kan, det burde vore fleire verksemder på besøk hos til dømes historie- eller religionsvitskapsstudentane!

I nokre land er mange leiarar humanistar eller samfunnsvitarar. Kvifor er det ikkje slik er, spør UiB sin prorektor Pinar Heggernes.

98 prosent i relevant jobb

91 prosent av kandidatane som har svara på undersøkinga, seier at dei har ein relevant jobb. Av desse er det 81 prosent som seier at dei fekk dette anten før eller innan tre månader før dei var uteksaminerte.

Ved Norges Handelshøyskole (NHH) er talet på kandidatar som oppgir å ha ein relevant jobb 98 prosent. NHH-studentane seier òg at dei har vore i kontakt med arbeidslivet i løpet av studiet, og mange av studentane har jobb eller verv i frivillige organisasjonar. Dette er noko som slår positivt ut når ein skal få fast stilling som nyutdanna, viser tala.

Stig Tenold, prorektor for utdanning ved NHH, seier til Khrono at NHH har ein tydeleg strategi som gir utslag.

— Me trekkjer til oss veldig flinke kandidatar, og me har ei svært aktiv studentforeining. Det er mellom anna dei som står for mange av arrangementa der verksemder får presentera seg, seier Tenold.

— Det eg synest er veldig kjekt, er å sjå på det som handlar om relevans. Dette jobbar me mykje med, og har mellom anna inne mange gjesteførelesarar frå næringslivet.

Prorektoren seier at undersøkinga er nyttig, og at ho vert brukt internt mellom anna når ein jobbar med kvalitetutviklingssystem for læring.

— Det er òg nyttig å sjå kva studentane ønskjer meir av, og kva meiner dei dei har godt utbytte av.

Mange reiser til Oslo

NHH utdannar kandidatar til heile landet. Mange reiser til Oslo, men fleire enn før vert verande i vest. Det gler prorektor Stig Tenold.

Tidlegare har mange NHH-studentar reist frå Bergen for å få seg jobb. Ser ein på tala for dei tre utdanningsinstitusjonane totalt sett, har dei mange studentar frå Vestland og Rogaland. Men NHH rekrutterer frå heile landet, og studentane der flyttar òg i større grad på seg når dei er uteksaminerte. Flest hamnar i hovudstaden.

I rapporten heiter det at «27,2 prosent av kandidatene bodde i Vestland før de begynte studiene, mens 28,2 prosent arbeider i fylket rundt to år etter avsluttet utdanning. Dette gir en nettogevinst på ett prosentpoeng for Vestland fylke. Dette er en tydelig forbedring for Vestlands del, sammenlignet med 2020-undersøkelsen, da fylket opplevde et nettotap på 5,1 prosentpoeng. Over halvparten av kandidatene arbeider nå i Oslo, mens 17,9 prosent bodde i dette fylket før påbegynte studier. Dette gir en netto tilvekst for Oslo på 35,7 prosentpoeng».

— Som bergensar er det smertefullt og sjå at gode hovud vil reisa austover, seier Tenold og humrar litt.

— Men det er rett og slett tyngdekrafta som verkar. En fjerdedel av studentane våre kjem frå Oslo. Sidan me har ein positiv netto på Vestlandet, er det områda rundt Oslo, som Viken, som har ein negativ netto.

NHH sine kandidatar hamnar stort sett i privat sektor, og oppgir betre snittløn enn kandidatane frå både HVL og UiB.

Vert verande på Vestlandet

Ser ein på inn- og utflytting totalt sett, finn ein at for Høgskulen på Vestlandet (HVL) kjem heile 79 prosent av studentane frå Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal. Nesten 60 prosent kjem frå Vestland. Og der vert mange verande. Men: Bryt ein ned geografisk mobilitet på gamal fylkesstruktur, finn ein at kommuanne i gamle Hordaland fylke har ein netto tilvekst på 2,5 prosent, medan kommunane i gamle Sogn og Fjordane har eit netto prosentvis tap på -4,3 prosent.

— Me er ein institusjon for heile Vestlandet, og har fem campusar i to fylke, seier Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling ved HVL.

Han viser til at 90 prosent av kandidatane jobbar på Vestlandet to år etter at dei er ferdig utdanna.

— Akkurat kor dei jobbar vil vera litt konjunkturavhengig, seier Resaland.

Han seier at tala frå Kandidatundersøkinga er særs gledelege for HVL fordi undersøkinga stadfestar at høgskulen tilbyr kompetanse som samfunnet treng, og han gler seg over at nesten alle som har studert får relevant jobb fort og er attraktive arbeidstakarar både i privat og offentleg sektor.

— Me skal verta det nye universitetet på Vestlandet, og eit universitet med stor arbeidslivsrelevans. Kandidatundersøkinga gir oss gode data, og me er glade for at arbeidslivsrelevansen vert oppfatta som høg, seier Resaland.

Mange av utdanningane HVL tilbyr har obligatorisk praksis. Men for andre studentar er det lagt til rette for mellom anna skriving av bacheloroppgåver i samarbeid med verksemder.

Fantastiske tal, seier HVL sin prorektor Geir Kåre Resaland om at 88 prosent av kandidatane frå høgskulen seier at dei hr fått relevant stilling innan tre månader etter at dei er ferdigutdanna.

Førstereisstudentar

Nytt i år er at studentane har fått spørsmål om bakgrunnen sin. Dei aller fleste studentane har foreldre med høgare utdanning, men HVL skil seg ut ved at det er mindre vanleg å ha foreldre med langvarig høgare utdanning. Å vera førstegenerasjonsstudentar er òg vanlegare for kandidatane frå HVL.

Geir Kåre Resaland seier at det er viktig for høgskulen å ta vare på desse studentane. Generelt jobbar høgskulen mykje med overgangen frå vidaregåande skule til høgare utdanning, og har mellom andre studieassistentar som kan hjelpa ferske studentar.

— I tillegg er det kort veg til fagtilsette hos oss, seier prorektoren.

Powered by Labrador CMS