Debatt ● Steinar Vagstad
Skal UiB framleis ha valt rektor?
Det er ni år sidan saka om valt eller tilsett rektor har vore diskutert ved UiB, og då reknar eg med at den vil komme opp igjen i kommande periode. Kva meiner dei som no stiller til val om saka?


Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Vi skal no velje rektor for dei neste fire år, så spørsmålet i overskrifta dreier seg om kva vi gjer frå 2029. Etter lova er det universitetsstyret som bestemmer om vi skal ha valt eller tilsett rektor.
Førre gong saka var oppe i styret ved Universitetet i Bergen var i 2016, og den gongen blei det bestemt med 6 mot 5 stemmer å vidareføre ordninga med valt rektor på UiB. Ved UiT bestemte styret i 2020 å gå over til tilsett rektor — med 6 mot 5 stemmer. NMBU har gått motsett veg — for tre månader sidan bestemte styret der at NMBU skal gå over til valt rektor. Igjen med 6 mot 5 stemmer.
Viss vi dukkar nærare ned i tala er det eit mønster i at eksterne styremedlemmer ser ut til å vere meir begeistra for å tilsetje rektor, medan dei valde representantane ofte støttar val av rektor. Førre gong saka var oppe ved UiB stemte representanten frå gruppe C (Synnøve Myhre) og ein av gruppe A-representantane (Peter Haugan) saman med tre av dei fire eksterne for å gå over til tilsett rektor, så mønsteret er ikkje absolutt.
Dei tilsette ved institusjonane viser sterk støtte til val av rektor når dei blir spurt. Ei spørjeundersøking som fagforeiningane ved UiT gjorde blant sine medlemmer i forkant av styresaka i 2020 viste at 80,6 prosent var for å fortsette med valt rektor.
I denne perioden (2021—25) har styret ved UiB ikkje realitetsbehandla ein eventuell overgang til tilsett rektor ved UiB, men sidan det er ni år sidan saka har vore diskutert reknar eg med at den vil komme opp igjen i kommande periode.
For veljarane ved UiB burde det difor vere av interesse kva dei som stiller til val til universitetsstyret meiner om saka. Utan å dvele ved argumenta for og mot i denne omgang vil eg her flagge mi støtte til ordninga med valt rektor.
Men den viktigaste meiningsberaren blant styremedlemmene i denne og andre saker er rektor. Viss ikkje valt rektor Anne Husebekk ved UiT hadde stemt for å gå over til tilsett rektor hadde UiT ikkje endra modell. Dag Rune Olsen var rektor ved UiB i 2016, og stemte i tråd med den plattforma han blei valt på: framleis valt rektor. Dette var også løfta fram av universitetsdirektør Bernstrøms grunngiving for forslag til vedtak i 2016.
I år har vi ved UiB valet mellom to rektorkandidatar, der den eine — Margareth Hagen — har valt rektor i plattforma si. Utfordraren — Lise Øvreås — har ikkje noko om dette i si plattform.
I Khronos valdebatt på onsdag blei Øvreås spurt om nettopp dette, og eg anbefaler å sjå korleis ho svarte (ca. 25 minutt ut i sendinga). Det kan virke som ho meiner at det å stille til val impliserer at ein støttar ordninga med valt rektor.
Eg er ikkje overtydd om at det å stille til val er mykje til bevis for eit demokratisk sinnelag. Kanskje Øvreås & co. har lyst til å komme opp med noko forpliktande? Det same spørsmålet kjem til å bli retta mot dei andre som stiller til universitetsstyrevalg for gruppe A, B, C og D.
Nyeste artikler
— Den akademiske friheten har sunket til Sovjet-nivå
Er festen over? Om finansiering av akademia
Endring av lærerutdanningene, nok en gang
De yngste studentene leser minst pensum
Over 500 tvilsmeldinger om studenters skikkethet. 10 ble utestengt
Mest lest
Student brukte KI og fikk tidenes strengeste fuskestraff
Trump vil stoppe all støtte til universiteter som tillater ulovlige demonstrasjoner
Tjener 300.000 i året på bistilling: — Må være veldig bevisst på hvor grensene går
Harald Eia vil gi tilbake: — Jeg har vært en parasitt
Åpner for lønnet praksis og avvikling av masterkrav i lærerutdanningen