lærarutdanning

Skal følgja lærarstudentar frå lesesalen og ut i jobb

— Lærarane har ikkje kome ut i arbeidslivet endå, men reforma vert allereie diskutert, seier professor Eva Bjerkholt. Ho skal følgja studentane over i arbeidslivet.

Frå hausten 2022 kjem det nyutdanna lærarar ut i skulane som har teke lærarutdanning over fem år og skrive masteroppgåve. Forskarar skal følgja nokre av dei for å sjå både kva røynsler dei og skulane får.
LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

UiT Noregs arktiske universitet (UiT) har allereie hatt ei prøveordning med femårig utdanning for lærarar nokre år allereie. Men først frå neste haust kjem det første store kullet med lærarstudentar som har studert i fem år ut i arbeidslivet. Eva Bjerkholt, som er professor ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Søraust-Noreg, skal følgja nokre av dei.

— Lærarutdanningsreforma er allereie diskutert sjølv om ingen studentar har kome ut frå utdanninga endå, seier Bjerkholt.

Kunnskap før meining

Khrono har skrive om både politikarar som ikkje vil sjå på reforma på nytt og om professor emeritus Peder Haug som meiner femårig lærarutdanning er noko som først og fremst vil vera bra for dei store skulane. I Nordland jobbar eit eige initiativ, Framtidas distriktsskole, med lærarutdanning tilpassa små og kanskje fådelte skular.

Bjerkholt er oppteken av at ein treng eit kunnskapsgrunnlag før ein meiner noko om lærarutdanninga.

— Me vil sjå på både kva forventningar dei nyutdanna lærarane har sjølve før dei byrjar i skulen, og deretter korleis dei oppfattar at kompetansen deira vert verdsett på skulane, seier Bjerkholt.

I tillegg skal forskarane sjå på korleis skuleleiarar og skuleeigarar både verdset og brukar den nye kompetansen lærarane har.

Fleire partnarar

Prosjektet er femårig, og støtta av Forskingsrådet. Med på laget har forskarane, som kjem frå USN og UiT, både Utdanningsforbundet, KS og Pedagogstudentane i Utdanningsforbundet.

— Me kjem til å ha både ein kvantitativ og ein kvalitativ del. UiT har allereie nokre funn knytt til nyutdanna lærarar, så me skal følgja opp deira pilotstudie. Me skal mellom anna ha det me kallar forskingssirklar. Det er grupper leia av forskarar, men der dei ulike partane sit saman, seier Bjerkholt.

Ho understrekar at målet med prosjektet ikkje er å evaluera lærarutdanninga, men at ein mellom anna ønskjer å finna ut korleis ein kan få nyutdanna lærarar til å verta verande i skulen. I dag forsvinn for mange anten før dei i det heile teke har starta i ein lærarjobb, eller i løpet av dei to første åra.

— Kva tenkjer du om det som er sagt om at ein har færre fag enn før, og at femårig utdanning difor passar best for store skular?

— Det har aldri vore slik at lærarar har utdanning i alle fag dei har undrevist i. Ja, utdanninga er smalare, men dei har djupare kunnskap i faga sine. Kanskje vert det slik at denne kunnskapen kan verta eit døme på korleis ein skaffar seg kunnskap, òg i andre fag, seier Bjerkholt, og legg til:

— Det kan henda at forskingskompetanse er like viktig som fagkompetanse. Men dette veit me førebels ikkje noko om.

Skal ha rettleiing

Det var bladet Utdanningsnytt som først skreiv om forskingsprosjektet. Dei skriv at nyutdanna lærarar har krav på rettleiing dei første to åra i yrkeslivet.

— Ein lærar får først reell røynsle når ein står i klasserommet med fullt ansvar, seier Bjerkholt.

Leiar for Pedagogstudentene, Elise Håkull Klungtveit, er svært glad for at organisasjonane skal vera med i prosjektet.

— Det gir oss ei flott moglegheit til å koma med vår stemme inn i prosjektet. Stikkord for oss er at utdannina må førebu ein til yrket, og at dei nyutdanna vert tekene godt vare på, seier ho til Utdanningsnytt.

Powered by Labrador CMS