lærarutdanning

Trur auka sentralisering vert konsekvens av masterkrav for lærarar

Masteroppgåve i lærarutdanninga burde vore frivillig, meiner professor emeritus Peder Haug.

Lærarane sin fagkunnskap åleine gir lite læring. Det handlar i tillegg om pedagogisk og praktisk kompetanse, seier professor emeritus Peder Haug frå Høgskulen i Volda.
Publisert Oppdatert

— Me skal vera veldig varsame med å le av allmennlæraren.

Det seier Peder Haug, professor emeritus i pedagogikk. Haug er kritisk til den nye femårige lærarutdanninga som gir langt færre undervisningsfag enn den gamle allmennlærarutdanninga.

Fakta

Valgkampen og lærerutdanningen

Khrono dekker valgkampen opp mot høstens stortingsvalg.

Ett av flere tema er lærerutdanningene.

Her er vår miniserie om partienes standpunkt i sentrale spørsmål om lærerutdanningene:

Er publisert

Kommer

  • Om masterutdanninger
  • Synspunkter om småskoler
  • Alle partienes svar på ni ulike spørsmål

— Slik utdanninga er lagt opp i dag, har elevar frå 1. til 7. trinn ti ulike fag. På ungdomstrinnet er det 13. Men grunnskulelærarutdanninga gir lærarane høve til å ta maksimalt fire fag dersom ein skal jobba med dei yngste og tre fag dersom ein skal jobba frå 5.-10.trinn, seier Haug til Khrono.

Han kallar reforma den minst debatterte av skulereformene.

— Det er så mange spørsmål ein ikkje har greidd ut.

Kven tener lærarutdanninga?

I NRK-serien «Brølet frå bygda» vart det vist til at mange skular dei siste åra har vorte lagt ned, heile 522 i løpet av ti år. Men framleis går 65 000 norske elevar på skular som har mindre enn hundre elevar.

— Ei auka skulesentralisering vil kunne verta ein konsekvens av omorganiseringa av lærarutdanninga, seier Haug.

— Skulen skal gi elevane best mogleg vilkår for læring, og elevane sitt beste bør vera den viktigaste saka. Men kor godt tener lærarutdanninga alle skular og alle elevar, spør han.

– Allmennlæraren, med formell kompetanse i fleire fag, er avliva. Dette gjer det vanskelegere for små skular å få formelt kvalifiserte lærarar for heile fagspekteret, og gjer skulane lite attraktive når lærarar ikkje får fulle stillingar. Masterkrav gjer óg små skular endå dyrare i drift enn før, seier forskar Karl Johan Solstad frå Nordlandsforsking til NRK.

Ikkje master i skulefag

15 prosent av dei som jobbar i norske grunnskular er ikkje utdanna lærarar, skriv NRK. Samstundes har fleire av lærarutdanningane ledige plassar i haust.

Per i dag er det fleire kommunar som slit med å få kvalifiserte søkjarar til lærarstillingane, mellom anna Alstadhaug, som har auka løna til lærarane som vil jobba der.

Haug fortel at han snakka med ein lærar som jobbar i Nord-Noreg.

— Ho var den einaste på sin skule med godkjent lærarutdanning. Dei andre som jobba der var lærarar på dispensasjon. Når ein lagar lærarutdanning for eit grisgrendt land som Noreg, må ein finna ei løysing for det. Det hjelper ikkje å ha gode lærarar dersom elevane ikkje får nytte av det.

Tidlegare har Haug sagt til Khrono at lærarutdanninga, slik ho er lagt opp i dag, er ein fordel for skulane i sentrale strok. No meiner han ein må vurdera masterkravet som vart innført frå 2020.

— Eg meiner ein kunne greidd ut alternative løysingar. Ei løysing kunne vera at ein ikkje kunne ta mastergrad i eit skulefag, men at masteroppgåva skulle vera eit pedagogisk arbeid der ein nytta fleire fag.

Under konferansen «Skal det bo folk i distrikta» på Nesna førre veke, stilte Haug òg spørsmål ved om masteroppgåve burde vera obligatorisk.

— Kunne ho vore frivillig? Så kunne ein fått plass til fleire skulefag.

Jobbar tverrfagleg, med tre lærarar

Tverlandet oppvekstsenter har to lærarar i tillegg til leiar Alice Jenssen. Oppvekstsenteret, som ligg i Leirfjord kommune, har 22 barn på skulen og ti i barnehagen. Dei er stadig nedleggingstruga - og samstundes gjer dei det godt i nasjonale, tverrfaglege konkurransar som Årets nysgjerrigper.

Jenssen ser mørkt på korleis det skal gå med det nye kravet om masterutdanning for lærarar. I dag er dei to lærarane ho har tilsett begge allmennlærarar.

— Skulen er ikkje laga slik at det berre er kompetanse i norsk eller matematikk som er viktig, seier ho, og peikar på den nye læreplanen, Kunnskapsløftet, frå 2020. Her er det fleire tverrfaglege emne som vert trekt fram som noko av det skulane skal jobba med.

Jenssen fortel om det ein av hennar tilsette opplevde: Vedkomande var sensor i munnleg eksamen i naturfag, og resultata vart ikkje så bra.

— Læraren desse elevane hadde, kunne då fortelja at hen hadde utdanning i samfunnsfag, ikkje i naturfag, seier Jenssen.

Elevane ved vesle Tverlandet oppvekstsenter har både laga eiga mattebok og vunne Nysgjerrigper-konkurransen. Alice Jenssen er leiar, og skal jobba mest administrativt. — Men eg vert så engasjert, seier ho.

Vil ha folk på Nesna

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Den gamle Høgskolen i Nesna, som først vart ein del av Nord universitet, og som seinare er vedteken avvikla som studiestad, vert trekt fram som viktig for Helgeland. Som Khrono har skrive, har seks av partia lova å røysta for ein høgskule på Nesna dersom dette vert ei sak i Stortinget. Samstundes vert det lokalt jobba med eigne planar for korleis Nesna igjen kan verta eit skulesentrum: Framtidas distriktsskule med laksemilliardær Aino Olaisen i spissen.

— Me ønskjer ikkje ei eiga utdanning for distrikta, men me ønskjer å sjå på den lærarutdanninga me har i dag og få pedagogikk for fådelte skular inn i lærarstudiet, sa Jenny Myklebust under konferansen på Nesna.

Myklebust leiar Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland, og har òg ei deltidsstilling hos Framtidas distriktsskule.

— Dersom ein lukkast, kan Nesna verta ein kile inn i den etablerte forståinga av lærarutdanninga. Dette kan koma andre lærarutdanningar til gode, sa Haug under konferansen, og la til:

— Men det må vera folk til stades som driv undervisning på Nesna. Skal ein verta god til å møta folk, må ein øva på å møta folk.

Powered by Labrador CMS