valkamp

Seks parti lovar å røysta for høgskule på Nesna

— Dersom det vert valsiger om halvannan månad, så er det redda, lovar Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Men Frp meiner det ikkje vil bli nokon votering.

Geir Jørgensen frå Raudt, Mona Fagerås (SV), Bjørnar Skjæran (Ap) og Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum lova alle på vegner av sine parti at dei vil røysta for at det skal vera høgskule på Nesna i framtida. Det same gjorde Ingelin Noresjø frå KrF og Thomas Johansen frå MDG.
Publisert Oppdatert

Nesna (Khrono): Kven av dei politiske partia vil binda seg til å røysta forgjenreising av ein komplett høgskule på Nesna i Stortinget?

Det var utfordringa frå debattleiar Tove Lie på Nesna onsdag.

Raudt, SV, Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Miljøpartiet De Grønne (MDG) og Kristeleg folkeparti (KrF) løfta alle handa i vêret. Men ikkje Høgre og Frp. Venstre var ikkje tilstades i den utdanningspolitiske paneldebatten.

— Eg godtek ikkje premisset. Det kjem ikkje til å verta ei votering om Høgskolen i Nesna i Stortinget, sa Hanne Søttar frå Frp.

Fakta

Høgskolen i Nesna

  • Høgskolen ble etablert som Nesna lærerskole i 1918, og feiret i 2018 sitt 100 års jubileum.
  • Navnet ble i 1981 Nesna lærerhøgskole og fra 1972 startet man å utdanne førskoelærere i tilleggt il den vanlige lærerutdanningen.
  • Høgskolen ble omorganisert til Høgskolen i Nesna i 1994 i forbindelse med høgskolereformen, da 98 distriktshøgskoler ble til 26 statlige høgskoler.
  • Høgskolen hadde i 1994 719 registrerte studenter, og på det meste i 2015 1339 registrerte studenter, alle inkludert.
  • Høgskolen hadde hovedcampus på Nesna i Helgeland (Nordland), i tillegg studiesteder i Mo i Rana (ikt-studier) og Sandnessjøen (sykepleie).
  • I tillegg såkalte «badestudier» fram til og med opptaket i 2015, da satte departementet foten ned for denne virksomheten. Det var i hovedsak exphil men også noe idrettsstudier, som ble organisert i samarbeid med Go Study med undervisning først og fremst på Bali, men også i Brasil og Mexico.
  • Studenttallet gikk dermed fra 1339 i 2015 til 453 i 2016. Høsten etter at Nesna ble vedtatt nedlagt hadde høgskolen 653 studenter registrert, 418 på deltid, 185 på heltid.

...men kva skal skje på Nesna?

Utgangspunktet for debatten var konferansen, arrangert av Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland, «Skal det bu folk i distrikta?». Frå talarstolen vart det i innlegg etter innlegg peika på kor viktig den gamle høgskulen på Nesna var for Helgeland. Der vart det utdanna lærarar og barnehagelærarar til nærområdet.

I Sandnessjøen vart det utdanna sjukepleiarar. I dag har VID vitenskapelige høgskole eit tilbod i Sandnessjøen, med svært gode søkjartal, medan lærarstudentane på Nesna truleg vil måtte avslutta utdanninga si i Bodø.

— Både eg og ungane mine har stort sett hatt lærarar som har vore utdanna på Nesna, sa Bjørnar Skjæran (Ap).

Under debatten var han tydeleg på at det må skje noko på Nesna, men ikkje like konkret på kva han og partiet vil gjera. For når Arbeiderpartiet snakkar om studiesenter, handlar det om å tetta dei hola som finst på kartet, sa nestleiaren.

På Nesna vil han ha aktivitet att.

— Og det må gå fort. Me må ha partane til bordet, òg Nord universitet.

Både SV, KrF, MDG, Senterpartiet og Raudt var tydelege på at dei ønskjer å få høgskule attende til bygda.

— Me skal ha Nesna og Sandnessjøen opp, sa Thomas Johansen frå MDG.

Frp: Nord gjorde ikkje jobben sin

Frp meiner altså at det ikkje er ei nasjonal sak kor det skal vera studiestader. Hanne Søttar peika fleire gongar på autonomi-prinsippet, og at Nord-styret hadde rett til å legga ned studiestaden.

Men:

— Her har ein eit krondøme på eit universitet som ikkje har gjort jobben sin. Universitetet i Tromsø har eit desentralisert system som fungerer, med tilbod både i Alta og på Finnsnes. Men å gjenreisa ein høgskule er ikkje eit politisk ansvar, sa Søttar.

Mona Fagerås frå SV er langt frå samd.

— Det er ei nasjonal sak kor me skal ha studiestader. Det er fader meg ikkje ein kjeft på høgresida som bryr seg om lærarkrise. Det var heller ingen som rekte opp handa og gjorde ein ting for å redda Nesna, sa ho.

Mona Fagerås har sjølv vore rektor på ein fådelt skule. SV-politikaren er uroa både over fråflytting og lærarmangel i Nord-Noreg.

Vil ha senter for distriktsskulane

Khrono har skrive om prosjektet kalla «Framtidens distriktsskole». Med utgangspunkt i øya Lovund, ein hurtigbåttur unna Nesna, har laksemilliardær Aino Olaisen sett ned ei ressursgruppe. Dei ønskjer, i tillegg til å få lærarutdanning attende til Nesna, at staden, som er eit knutepunkt med både båt- og ferjeruter, skal vera eit senter der ein særleg jobbar med pedagogikk og lærarutdanning for små skular.

Trygve Slagsvold Vedum, senterpartileiaren som kan verta ein slags joker i stortingsvalet, likar ideen.

— Ein brukte høgskular til å bygga lokalmiljø. Senterpartiet er ikkje mot studiesenter, men det er noko anna. Dersom studiesenter vert ei erstatning for høgskular, er det ikkje bra.

Og:

— Dersom det vert valsiger om halvannan månad, så er Nesna redda.

Høgre vil utdanna til industrien

Ein times tid unna Nesna ligg byen Mo i Rana. Her er det planlagt hundrevis av nye arbeidsplassar knytte til industrien. Høgre meiner den kompetansen Mo vil trenga, kan ordnast på Nesna.

— Me ønskjer å støtta studiesenter der studiesenter og industri finn saman og vil gi tilbod som trengs i regionen. Me kan gjerne vera med på at det òg kan vera lærarutdanning på Nesna, i kompaniskap med andre, men meiner òg at me må gi tilbod om andre ting regionen treng, sa Bård Ludvik Thorheim.

Powered by Labrador CMS