Distriktspolitikk

Henrik Asheim i møte med Aino Olaisen om «Lovund-modellen»

Han har avvist tanken om ei spesialisert, distriktsretta lærarutdanning på Nesna i Nordland. Denne veka møtte ministeren Aino Olaisen, som står bak initiativet.

Laksemilliardæren Aino Olaisen (oppe til høgre) har alliert seg med aksjonistane frå Nesna og andre pedagogiske krefter for å skape «verdas beste distriktsskule». Denne veka møtte dei forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.
Publisert Oppdatert

— Vi opplevde Henrik Asheim som lyttande, er Aino Olaisens oppsummering av det digitale møtet denne veka, mellom ministeren for forsking og høgare utdanning og arbeidsgruppa bak «Lovund-modellen».

Lovund er ei lita øy på Helgelandskysten, stor på lakseoppdrett. Derifrå har eigar i laksegiganten Nova Sea, Aino Olaisen, tatt initiativ til å skape ein modell for ei heilt ny, lærarutdanning spesialsydd for dei små skulane i Utkant-Noreg.

Utdanninga er tenkt lokalisert på Nesna, der Nord universitet har bestemt at den tradisjonsrike lærarutdanninga skal leggast ned frå 2022.

Prosjektet vart omtalt i ein større reportasje frå Lovund tidlegare i år.

— Skuleverket er i veldig stor grad ei offentleg oppgåve i Noreg, så det blir jo eit politisk spørsmål kva retning dette tar. Eg håper vi kan påverke denne retninga. Eg opplevde Asheim som interessert og lyttande i møtet, seier Olaisen.

Asheim: — Rom for lokale tilpasningar

Det var Olaisen som inviterte Henrik Asheim (H) til Lovund etter at han i eit intervju i Khrono meir eller mindre avviste heile «Lovund-modellen». Frå dagens regjering har det vore null støtte å hente til ei re-etablering på Nesna. Asheim har likevel sagt dei vil trappe opp arbeidet med desentralisert og fleksibel utdanning med sin eigen strategi.

Etter møtet, som av korona-grunnar vart halde digitalt, seier Asheim dette til Khrono:

— Det var veldig interessant å få ein presentasjon av prosjektet. Det er ingen tvil om at vi treng ei lærarutdanning som førebur studentane på eit god liv klasserommet, enten det er i byen eller i distriktet.

Asheim har derimot ikkje endra syn på ideen om å etablere ei spesialisert lærarutdanning på Nesna: Det står ikkje på ønskelista.

— Kva studiestader og korleis utdanningane skal organiserast, er det styra ved universiteta og høgskulane som bestemmer. Den rammeplanen vi har for grunnskulelærarutdanningane i dag gir rom for lokale tilpasningar, seier Asheim til Khrono.

Olaisen på si side er glad for ein lyttande statsråd, men legg ikkje skjul på at det er utfordrande å snu på det ho opplever som inngrodde tenkemåtar om skule utdanning i utkantane.

— Står Lovund-prosjektet og fell på eit eventuelt regjeringsskifte?

— Vi må forhalde oss til alle parti, og prøve å påverke så godt vi kan, svarer Olaisen, som sjølv har politisk bakgrunn som lokalpolitikar i Arbeidarpartiet.

Både Senterpartiet, Arbeidarpartiet og SV har lova å støtte høgare utdanning på Nesna i ei eller anna form dersom dei kjem til makta ved stortingsvalet til hausten.

Aarbeidarpartiet vil på sitt landsmøte, som startar 15. april, legge fram ein plan for desentralisert utdanning. Partiet vil etablere lokale utdanningssenter, der det kan bli tilbydd utdanning utanom etablerte høgskular og universitet.

— Brytningstid

Olaisen trur meir overordna utviklingstrekk kan gi dei drahjelp.

Den kjende samfunnsforskaren Rune Slagstad peikte i eit foredrag nyleg på Olaisen sjølv som ein aktør med kraft til å skyve fram eit grunnleggande skifte i utdanningspolitikken:«Når laksemilliardærer blir dannelsesagenter, gis de utdanningspolitiske opponenter en finansiell kraft til å utvikle retningsgivende alternativer for kunnskapsstaten: En fremtidens skole».

— Det positive er at det kan sjå ut som distriktsutvikling får ein betydeleg plass i valkampen. Og det er bra, for vi lever i ei brytningstid med globalisering, eit gryande grønt skifte og digitalisering. Ikkje minst når det gjeld det siste trur eg vi kan by på betre løysingar enn dei som sit langt unna oss, seier Olaisen.

Powered by Labrador CMS