lunsjdebatt kl.12.30 fredag
Sjå Khronos utspørjing av studentanes leiarkandidatar
Khrono samlar dei tre leiarkandidatane til lunsjdebatt fredag.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Måndag kjem valkomiteen si innstilling til kven dei meiner bør leia Norsk studentorganisasjon det neste året.
Då fristen hadde gått ut, hadde det meldt seg tre kandidatar til leiarvervet i Norsk studentorganisasjon (NSO): Daniel Masvik, Jonas Økland og Tuva Todnem Lund. 19.april kjem valkomiteen si innstilling til arbeidsutvalet og arbeidsutvalet i NSO. Deretter samlar organisasjonen seg til digitalt landsmøte frå 22.-25.april.
BLI VARSLET
OM SISTE NYTT
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Fredag 15.april klokka 12.30 samlar Khrono dei tre leiarkandidatane til debatt. Debatten ser du direkte her.
Har varsla at dei vil sjå på organisasjonen
Då Khrono intervjua dei tre leiarkandidatane, trekte Masvik fram at han kjenner til desentralisert utdanning, og har teke heile utdanninga si i den nordlege landsdelen. Han har òg røynsle både som studentleiar lokalt og frå NSO sitt landsstyre.
Masvik varsla ein tøff retorikk dersom han vert leiar, og peika på at han ønskjer å gjera noko med NSO som organisasjon.
Det same ønskjer Tuva Todnem Lund. Ho er studentleiar ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet, og har vore svært tydeleg, mellom anna i saka om gjenopning og stengde campus.
— NSO har ein lang veg å gå når det kjem til å lytta. Det er skilnad på å invitera medlemslaga til å høyra på innspel og på å la dei koma med innspel. Det er viktig å halda kontakt med studentmassen. Det gjer medlemslaga, og eg, som er medlemslagsleiar, er betre rusta til å halda slik kontakt enn dei to andre kandidatane, sa Lund til Khrono i mars.
Psykisk helse og val
Jonas Økland har allereie vore studentpolitikar på heiltid eit år i NSO. Per no er han velferds- og likestillingsansvarleg.
Økland nemnde både stortingsval og gjenopning som tema då Khrono snakka med han i mars. Dette vert òg naturlege tema under debatten fredag.
Andre tema dei tre kandidatane vert utfordra på, er metoo, fadderveke og psykisk helse. I tillegg skal Khrono freista å finna ut om det er klåre skilnader mellom dei tre.
Manglar ein kandidat
Her finn du liste over dei som har meldt seg til verv frå hausten 2021. Det manglar kandiat til vervet som velferds- og likestillingsansvaleg, men det uroar ikkje Nikolai Klæboe, som leiar valkomiteen.
— I løpet av innstillingsprosessen kjem me til å ha fokus på dette og sjå om det er nokon av dei som har stilt som kan passa til dette vervet. Sjølv om ein kandidat har stilt til eit spesifikt verv, kan me med deira godkjenning innstilla dei til ein annan posisjon, har han sagt.
Klæbo var uroa for om det kom til å melda seg nok kandidatar etter annleisåret 2020, men det har det altså gjort.