nso-valg

Jonas Økland vil verta ny leiar for landets studentar

Jonas Økland (22) melder seg som kandidat til leiarvervet i Norsk studentorganisasjon. Å få studentane attende til studiestadane er noko av det han synest vert særleg viktig det komande året.

Studiestøtta bør aukast, mellom anna fordi dei studentane som ikkje ønskjer å ha deltidsjobb då kan sleppa det. Det vil gi dei meir tid til å vera på campus; både til å studera og til å vera sosiale og engasjera seg i frivillige organisasjonar, seier Jonas Økland.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Jonas Økland (22) har vore velferds- og likestillingsansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO) det siste året. No stiller han til val som leiar.

Då Khrono hadde ei kartlegging av kven som kan vera aktuelle for NSO-verv frå hausten, sa Økland at han var i tenkeboksen.

Annonse

BLI VARSLET
OM SISTE NYTT

Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
-

— Det tok ganske lang tid før eg bestemte meg. Men eg synest NSO har gjort mykje bra. Eg ønskjer mellom anna å vidareføra at me vert godt lytta til politisk, og i tillegg ønskjer eg å jobba med organisasjonen, seier Økland.

— God kontakt med politikarar, og god kontakt med organisasjonen vil gjera at NSO kan få dei beste gjennomslaga, og halda fram med å verta lytta til.

Redd for at nokon droppar ut

Økland peikar på stortingsvalet, ny regjeringsplattform og arbeidet som må gjerast for å få mest mogleg studentpolitikk inn i den.

Ungdomskravet har samla alle dei politiske ungdomspartia, frå Raudt til Frp, seier Økland.

Men det er ei anna sak han peikar på som kanskje den aller viktigaste: Å legga til rette for at studentane kan koma attende til universitet og høgskular.

— Eg har sjølv hatt stor nytte av å vera heiltidsstudent, seier Økland, som har ei bachelorgrad frå BI.

— Og eg ønskjer at studentane skal få ei så god studietid som mogleg. Denne tida er ein viktig del av livet til enkeltpersonar. Sjølv hadde eg ei fantastisk studietid - det er eg redd dei som er ferske studentar no mistar. NSO skal sjølvsagt fokusera på det som er viktig, som studiestøtte og studentbustader, men no må me jobba for at studentane skal koma attende, og for at dei som vurderer å droppa ut ikkje gjer det, seier han vidare.

Skjønar at folk sit på gjerdet

Nikolai Klæboe, som leiar valkomiteen i NSO, har tidlegare sagt til Khrono at han fryktar at det kan verta vanskeleg å få kandidatar til verva som skal fyllast. På landsmøtet i april skal det veljast både arbeidsutval (AU), som sit som studentpolitikarar på heiltid, og representantar til mellom anna fagkomitear og sentralstyre, som sit på deltid.

— Fryktar du òg at det vert vanskeleg å få kandidatar?

— Eg skjønar at folk sit på gjerdet, det har eg gjort sjølv òg, seier Økland.

Han er oppteken av å styrka NSO som organisasjon, og seier at mangel på fysiske møteplassar har vore eit sakn det siste året. NSO har hatt mykje kontakt med medlemslaga på digitale flater.

— Det håpar eg me kan halda fram med. Men eg håpar òg det vil verta mogleg å kunne reisa rundt og treffa studentpolitikarane fysisk, seier Økland.

Han seier at ein god lobbyorganisasjon treng god kontakt med organisasjonen, og at han vil jobba for at organisasjonen skal verta best mogleg att etter pandemien - utifrå dei røynslene ein no får med seg.

Økland seier han håpar det ikkje er manglande treffpunkt som gjer at studentar ikkje stiller til val.

— Sjølvsagt kan det vera vanskeleg å melda seg om ein ikkje kjenner så mange. Men eg håpar ikkje nokon let vera å melda seg fordi dei ikkje trur dei er kompetente nok. Det er ingen som har vore fullstendig klare før dei har begynt i eit verv i NSO, understrekar han.

Frist 14.mars

Som Khrono har skrive, får både utdanningsinstitusjonane og studentsamskipnadane pengar til studenttiltak. Økland er nøgd med dette, men seier samstundes at han trur nokre av tiltaka òg bør forlengast til neste studieår.

— Det er nok nokre studentar som har behov for meir fagleg oppfølging. Slik som dei har sete i år, mykje åleine, trur eg eg hadde syntest var heilt pyton. Ein har ingen å sparra med, seier leiarkandidaten.

Fristen for å melda seg til heiltidsverv i arbeidsutvalet er 14.mars, medan fristen for å melda seg til sentralstyret er 5.april. Sjølve landsmøtet er digitalt og vert arrangert 22.-25.april.

Powered by Labrador CMS