val i norsk studentorganisasjon

Desse ønskjer å verta studentpolitikarar på heiltid

Herman Siggerud var ikkje heilt sikker på om han ville flytta til hovudstaden i ein pandemi. No har han bestemt seg, og stiller til val som nestleiar i Norsk studentorganisasjon.

Biletet er frå den tida der ein kunne ha fysiske landsmøte. I år, som i fjor, vert det eit digitalt arrangement.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det vert kamp om verva når Norsk studentorganisasjon (NSO) samlar seg til digitalt landsmøte i april. Lista over dei som ønskjer å verta studentpolitikarar på heiltid er no offentleggjort.

Som Khrono har skrive, vert det kamp om leiarvervet. Men også til verva som nestleiar, fag- og forskingspolitisk ansvarleg, fag-og læringsmiljøpolitisk ansvarleg og internasjonalt ansvarleg, står det minst to namn på lista.

Til vervet som velferds- og likestillingspolitisk ansvarleg har det ikkje meldt seg kandidatar.

— I løpet av innstillingsprosessen kjem me til å ha fokus på dette og sjå om det er nokon av dei som har stilt som kan passa til dette vervet. Sjølv om ein kandidat har stilt til eit spesifikt verv, kan me med deira godkjenning innstilla dei til ein annan posisjon.

Det skriv Nikolai Klæboe, som leiar valkomiteen, i ein sms til Khrono.

Vil hjelpa dei som sit på trange hyblar

Nestleiarvervet står mellom Simen Oftedahl og Herman Siggerud. Oftedal er masterstudent ved Dronning Maud Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning, men for tida er han organisatorisk nestleiar i Velferdstinget Gjøvik, Ålesund og Trondheim.

Når ein ser korleis studentar har det i dag, kjenner eg at lysta til å kunne stilla opp og gjera ein skilnad vert ekstra stor, seier Herman Siggerud, som stiller som nestleiarkandidat.

Siggerud er student ved Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet (UiT), men også han er studentpolitikar på heiltid, som leiar for studentparlamentet ved UiT.

Siggerud var blant dei som vart nemnd då Khrono prøvde å kartlegga kven som var aktuelle for heiltidsverv i NSO. Då sa han at han ikkje var sikker på om 2021 var det rette året å flytta til Oslo. Studentlivet i Tromsø har vore mykje meir normalt enn det har vore i hovudstaden det siste året.

— Eg kjem utan tvil til å sakna Tromsø, og klart det å flytta til Oslo no er spesielt. Likevel er det noko meir langt meir spesielt å få tilliten frå studentane i landet, og til å kunne kjempa deira sak, skriv Siggerud i ein epost til Khrono.

Han seier at mest av alt handlar det no om å kunne hjelpa dei studentane som sit på trange hyblar og slit.

— Då kan eg godt leva med dei restriksjonane som kan koma utover hausten.

Den viktigaste saka saka for han er det grøne skiftet. Følgjene dersom ein ikkje får det til er store, seier han.

Siggerud seier at som nestleiar får ein mange oppgåver han synest er spanande.

— Å kunne vera eit lag, bygga opp dei andre i arbeidslaget og spesielt vera ein stødig støttespelar til leiar likar eg veldig godt. Eg likar òg å jobba med kommunikasjon både til medlemslaga og media. Det ser eg mange slit med når ting er krevjande i pandemien.

Vil auka valdeltaking

Oftedahl stilte også til val i NSO i fjor, den gong som fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg.

Det er utfordrande å knyta relasjonar når ein berre ser kvarandre på skjerm, seier nestleiarkandidat Simen Oftedahl.

— Den viktigaste saka for meg vil vera å kjempa for at campus og lesesalar vert haldne opne for studentar. Studentane treng rom for å driva med sosiale og faglege aktivitetar, noko me i stor grad ikkje har hatt tilgang til det siste året, skriv Oftedahl i ein sms til Khrono.

Han seier at ei anna viktig sak vil vera å jobba for å å auka studentane si valdeltaking i stortingsvalet.

Oftedahl kallar nestleiarvervet det minst føreseielege vervet i NSO sitt arbeidsutval. Oppgvåvene vert tilpassa både leiar og organisasjonen sitt behov, og i tillegg må ein kunne steppa inn for leiar på kort frist.

— Eg meiner eg vil lukkast med dette som nestleiar. Eg har god oversikt over studentdemokratiet nasjonalt og lokalt gjennom fleire tidlegare verv, seier Oftedahl.

Flest frå aust

Dei fire kandidatane til fag- og forskingspolitisk ansvarleg er Isak Grov Diesen frå OsloMet, Magnus Dybdahl frå Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU), Vemund Haugerud Jernsletten frå Universitetet i Oslo (UiO) og Iben Nesset frå BI.

Sarah Naomi Lunner frå Høgskolen i Østfold, Morten Stene frå Universitetet i Bergen (UiB) og Vilde Veronica Haukeland frå OsloMet stiller til val som fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg. Lunner sa allereie for ein månad sidan at ho vurderte å stilla til heiltidsverv.

— Universell utforming er noko eg, som sjølv er rullestolbrukar, er særleg oppteken av, sa Lunner då.

Fleire namn etter påske

Som internasjonalt ansvarleg stiller Emily MacPherson frå Høgskolen i Innlandet og Tori Heitmann Jørgensen frå Universitetet i Bergen.

Kandidatar til sentralstyret og til dei fagpolitiske komiteane vert offentleggjort etter påske.

Powered by Labrador CMS