norsk studentorganisasjon

Daniel Hansen Masvik ønskjer å leia studentane

— Eg meiner at eg er ein røynd og dyktig studentpolitikar, seier Daniel Hansen Masvik. Han melder seg på i kampen om leiarvervet i Norsk studentorganiasjon.

Frå den gong ein kunne ha fysisk landsmøte. Men ein gong må pandemien vera over, og Daniel Hansen Masvik meiner han er den rette til å føra Norsk studentorganisasjon vidare, forhåpentlegvis frå hausten.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

14.mars gjekk fristen for å melda seg til heiltidsverv i Norsk studentorganisasjon (NSO) ut. Dagen etter melde Daniel Hansen Masvik til Khrono at han ønskjer å verta leiar - og tek såleis opp kampen med Jonas Økland.

— Eg synest det er viktig å la organisasjonen gjera sitt, eg hadde inga sterk trong til å vera tidleg ute med å melda kandidaturet mitt, seier Masvik.

Han melde seg òg i fjor, men trekte seg att.

— I år skal eg gå heile vegen. Som eg sa i fjor, trekte eg meg fordi overgangen frå lærarstudiet til statsvitskap vart meir krevjande enn eg hadde tenkt. I år skal eg la landsmøtet bestemma kven som skal verta leiar, seier Masvik.

Tydeleg retorikk

25-åringen har sete to år i NSO sitt sentralstyre. Han har òg vore leiar for studentparlamentet ved Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet.

— Kva skil deg og motkandidat Jonas Økland?

— Eg har brukt heile studietida mi i nord, så eg kjenner til desentralisert utdanning. Eg begynte å studera i Hammerfest, med videooverføring, seier Masvik.

— Eg har òg ein tøffare retorikk, ein retorikk med trøkk. Eg er frå Nord-Noreg, legg han til.

Og Masvik er tydeleg: Dersom han vert NSO-leiar, kjem han ikkje til å godta at studentane får tilbod om krisepakke i form av lån. Han kjem heller ikkje til å gå med på at noko av det det sitjande arbeidsutvalet i NSO har fått fram, som ungdomskravet, vert endra.

— Kva er du redd for at vil verta forhandla vekk?

— No ligg det inne studiestøtte på 1,5 G og 3000 studentbustader. Det kan ikkje vert 2500 eller 2000, seier Masvik.

Dei fell ikkje mellom to stolar, men dei fell ned frå bordet og ut av rommet

Daniel Hansen Masvik

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim sa til Khrono i høvet eittårsmarkeringa av pandemien at å gi studentane ekstra lån i fjor, er det dummaste han har gjort under pandemien. I krisepakken som kom i vinter, låg det mellom anna inne midlar til studentretta tiltak hos studentsamskipnadane.

— Eg vil applaudera dei midlane som er komne no. Men dei gagnar ikkje førsteårsstudentane. Det er viktig at denne gruppa vert sett. Dei fell ikkje mellom to stolar, men dei fell ned frå bordet og ut av rommet, seier Masvik engasjert.

Vil jobba med organisasjonen

Med eit stortingsval og ein pandemi, er det truleg nok å henga fingrane av for ein studentleiar. Men Masvik ønskjer òg å gjera noko med sjølve organisasjonen NSO.

— Eg meiner at eg er ein røynd og dyktig studentpolitikar. Eg har god kjennskap til NSO, og eg meiner at eg er den rette til å ta NSO av pandemien og inn ei eit godt spor, seier Masvik.

Han peikar på rekruttering og på organisering, mellom anna meiner han at dei ulike komiteane sine roller må avklarast på ein betre måte.

— Eg ønskjer at ein skal seia at «eg har sete i sentraltstyret i NSO. Det var skikkeleg hyggelig, så det vil eg tilrå». No har eg sete der sjølv i to år, og ser at det trengst avklaring av forventingar.

Annonse

BLI VARSLET
OM SISTE NYTT

Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
-

Fleire har site på gjerdet

Kven som stiller til val til dei ulike heiltidsverva i NSO, vert offentleggjort 18.mars. Masvik seier han er glad for at det no ser ut til å verta konkurranse om fleire av verva.

Det same er Nikolai Klæboe. Han leiar valkomiteen og har tidlegare sagt at han fryktar at det vert vanskeleg å fylla verva i år.

No har det meldt seg kandidatar til alle verv bortsett frå eitt, fortel Klæboe, og fleire verv vil det verta kamp om.

— Dette er kjempeviktig, og viser at organisasjonen har tolt denne støyten, seier Klæboe.

Men, som Khrono har skrive, har kandiatane meldt seg seinare enn i eit pandemifritt år.

— Fleire har nok sete på gjerdet, ja. Det har ikkje vore den dialogen ein vanlegvis har. Tidlegare har ein nok snakka meir strategi saman, no verkar det som om mange har halde seg til nominasjonsfristen, seier Klæboe.

Powered by Labrador CMS