studentdemokrati

Førebels ingen klare kandidatar til NSO-leiar

Andreas Trohjell har ikkje bestemt seg om han ønskjer gjenval i Norsk studentorganisasjon. Førebels er det få som seier tydeleg ja - men mange som sit på gjerdet.

Andreas Trohjell lukkar ikkje døra heilt for NSO, men seier at han førebels ikkje har bestemt seg for om det vert eit tredje år som studentpolitikar på heiltid.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I 2020 var Daniel Hansen Masvik først ute. Allereie i slutten av januar melde han at han var leiarkandidat til Norsk studentorganisasjon (NSO). Året før skreiv Khrono 7.januar at den første leiarkandidaten var på plass.

Jonas Økland frå BI vurderer eit år til som studentpolitikar på heiltid.

I år er det ingen som så langt har flagga at dei er leiarkandidatar, men no er det mogleg å melda inn kandidatur til verva som skal fordelast på det digitale landsmøtet i april. Fristen for dei som ønskjer seg heiltidsverv i arbeidsutvalet (AU) er 14.mars.

Nikolai Klæboe leiar valkomiteen. Han seier at han er uroa både for motivasjonen og for oppslutnaden.

— Mange studentleiarar har jobba hardt det siste året, og ein har fått til mykje. Samstundes ser ein at det er mogleg å få til ting nasjonalt. Studentar og studentar sin situasjon har aldri vore så mykje omtala som siste året, seier Klæboe.

Og kandidatane finst. Ein ringerunde Khrono har gjort, viser at det er fleire som i alle fall vurderer å ta på seg eit heiltidsverv.

Trohjell skal vurdera

— Eg skal gi deg eit litt kjedeleg svar, seier Andreas Trohjell.

Bjørn Olav Østeby frå Høgskulen på Vestlandet vurderer heiltidsverv i NSO. Men då må han flytta til Oslo.

— Eg fokuserer på dei sakene eg jobbar med no, og så skal eg ta vurderinga om ikkje så lenge.

Han vart valt som NSO-leiar i fjor. I arbeidsutvalet har han det siste året hatt med seg Felipe F. Garcia, Annbjørg Pasteur Stø, Julie Størholdt Iversen, Jonas Økland og Joachim Børlie.

— Det har vore mykje arbeid i det siste, mellom anna med krisepakken, seier Økland.

— Men eg har ikkje lagt frå meg tanken, og eg har sjølvsagt ting eg kunne sett gjort annleis i NSO.

Han er velferds- og likestillingsansvarleg.

— Det går jo gjennom hovudet frå tid til anna, men eg har ikkje bestemt meg endå. Eg utelukkar det ikkje, seier Børlie, som er internasjonalt ansvarleg.

Annbjørg Pasteur Stø er fag- og forskingspolitisk ansvarleg. Ho gir seg som heiltids studentpolitikar.

Tuva Todnem Lund er blant dei som er tydelegast på at ho vurderer å stilla til val i NSO.

— Eg er klar for nye utfordringar, og vurderer mellom anna å søkja jobb. Dette er mitt andre år på heiltid, og eg er så glad for at eg greip sjansen. Det har vore svært lærerikt, seier ho.

Julie Størhold Iversen tek heller ikkje gjenval.

I tenkeboksen

Å vera medlem i sentralstyret er ikkje eit heiltidsverv. Men sentralstyret er NSO sitt øvste organ mellom landsmøta, og er òg organet som innstiller saker til landsmøtet. Av dei 13 medlemmene er det fleire som seier at dei vurderer å stilla til heiltidsverv.

— Eg har ikkje heilt bestemt meg for kva eg ønskjer å gjera vidare, men det er fullt mogleg at eg søkjer gjenval. Eg har tenkt på heiltidsverv i NSO, men så kjem det inn nokre praktikalitetar, som flytting.

Det seier Bjørn Olav Østeby, som representerer Høgskulen på Vestlandet.

Vil Herman Siggerud flytta frå Tromsø til Oslo i ein pandemi? Det er spørsmålet.

I fjor var Fatema Al-Musawi frå Høgskolen i Innlandet leiarkandidat, men trekte seg. Året før tapte ho valet om nestleiarvervet til Felipe F. Garcia.

— Eg veit ikkje per no, seier Al-Musawi.

Anette Arneberg, Felix Volpe, Eskil Uggen og Emma Bø seier at dei truleg er ferdige med studentpolitikk, Johannes Saastad, Ola Gimse Estenstad og Emily MacPherson seier at dei vurderer attval til sentralstyret.

Men så finst det nokre medlemmer som vurderer om dei skal gå over til heiltidsverv. Khrono har spurt om forslag til kandidatar undervegs på ringerunden. Ei som vert nemnd av fleire er Åste Solheim Hagerup frå NTNU.

— Eg er i tenkeboksen. I fjor stod det mellom gjenval lokalt eller å stilla til arbeidsutvalet i NSO. Eg landa på å stilla lokalt, og er veldig glad for det. No tenkjer eg på om heiltidsverv er neste steg for meg, seier ho, men legg:

— Eg må snart ta ein master òg.

Åste Hagerup sit i sentralstyret i NSO, og utelukkar ikkje at ho vil stilla til val til heiltidsverv. Men så var det denne masteren...

Frå UiT eller NMBU?

Khrono har skrive om Emelie Johansen, som er studentleiar med kreft. Framleis er det etterbehandling igjen, og det gjer at ho er usikker på om ho er klar for heiltidsverv i denne omgang.

— Tanken har vore å stilla til AU, men helsesituasjonen er ikkje heilt føreseieleg endå. Eg lurer på å stilla til val til prinsipprogramkomiteen, seier Johansen, som er student ved Nord universitet.

Ofte går vegen til NSO via verv ved høgskulen eller universitetet ein studerer.

Herman Siggerud er parlamentsleiar ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet.

— Eg vurderer NSO, det er veldig spanande det arbeidet som vert gjort der. Men eg har ikkje bestemt meg for om det i så fall er heiltid eller deltid som er aktuelt. Det er kanskje ikkje det tidspunktet det freistar mest å flytta til Oslo...

Ei anna som vert peika på av mange, er Tuva Todnem Lund, som leiar studentparlamentet ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU).

— Eg har absolutt vurdert NSO, seier ho.

Også Annie Lundgreen ved Norges Musikkhøgskole vert peika på. Ho skriv i ei melding til Khrono at ho absolutt har vurdert å melda seg til verv i NSO, men avventar førebel fordi studiesituasjonen for neste år er usikker.

Emelie Johansen er ein engasjert student, som òg ser mot NSO. Men først må ho vert heilt kreftfri.

Lunner vurderer heiltid

Andre studentleiarar seier at dei ikkje er aktuelle for heiltidsverv, men fleire seier at det er aktuelt å stilla til val til sentralstyret eller andre deltidsverv. Dette gjeld mellom andre Sandra Krumsvik frå Universitetet i Bergen, Olea Norset frå Universitetet i Agder og Karoline Lie frå Universitetet i Søraust-Noreg. Marte Emilie Skjennem ved Høgskolen i Østfold utelukkar heller ikkje eit deltidsverv, men ho vurderer anten master eller å gå ut i arbeidslivet. Skjennem er ferdig med grunnskulelærarutdanninga.

— Eg har ikkje bestemt meg hundre prosent, seier ho.

Av dei som leiar dei fagpolitiske komiteane i NSO er både Erlend Grønvold, Linnea Barberini og Idun Kløvstad på veg ut.

— Eg har tenkt meg ut i arbeidslivet, så eit fulltidsverv er i alle fall uaktuelt, seier sisteårs lektorstudent Grønvold.

Den siste komiteen vert leia av Sarah Naomi Lunner. Ho vurderer å stilla på nytt, kanskje til heiltidsverv.

— Eg vurderer å stilla til val som fag- og læingsmiljøpolitisk ansvarleg. Dette er noko eg har jobba med lokalt. Universell utforming er noko eg, som sjølv er rullestolbrukar, er særleg oppteken av, seier Lunner.

Slik såg det ein gong ut på landsmøte. I år, som i fjor, vert landsmøtet i NSO digitalt. Det går føre seg i slutten av april.

Må tenkja

Khrono har fått innspel også om studentar som ikkje er leiarar lokalt i dag. Ei av dei er Maria Lehmann. Ho er styreleiar for Studentsamskipnaden i Østfold.

— NSO? Det har eg ikkje tenkt på, men det må eg gjera no, humrar Lehmann.

Daniel Hansen Masvik, som altså var den første som melde seg i fjor, sit i sentralstyret. Han ønskjer ikkje å kommentera om han er aktuell for eit nytt år.

— Per no har eg ikkje noko å tilføra tematikken, skriv han i ein sms til Khrono.

Saka er oppdatert med kommentar frå Annie Lundgreen 19.2 kl 13.37

Powered by Labrador CMS