norsk studentorganisasjon

Kamp om leiarvervet: Tuva Todnem Lund vil også leia studentane

Som medlemslagsleiar er eg betre rusta til å halda kontakten med medlemslaga, seier Tuva Todnem Lund. Ho er den tredje leiarkandidaten i Norsk studentorganisasjon.

Tuva Todnem Lund er lektorstudent i realfag, og hadde biologiundervisning på ein vidaregåande skule då Noreg stengte ned i fjor vår. No er Viken, der NMBU held til, nedstengt på nytt - og studenttingsleiaren har travle dagar.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Jonas Økland var først ute. Deretter melde Daniel Hansen Masvik seg, og no offentleggjer Tuva Todnem Lund (24) at ho òg ønskjer å leia Norsk studentorganisasjon (NSO) det komande studieåret.

Lund leiar studenttinget ved Norges miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU), og vart nemnd av fleire då Khrono prøvde å kartlegga kven som kunne vera interesserte i verv.

— Det er veldig hyggeleg at eg vert nemnd, og det har òg vore fleire som har kontakta meg og bede meg om å stilla, seier Lund.

Pandemi og stortingsval

Annonse

BLI VARSLET
OM SISTE NYTT

Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
-

Men som dei andre kandidatane har ho venta lenge med å lansera eige kandidatur. Fristen gjekk ut 14.mars, og tidlegare år har dei første kandidatane meldt seg i januar.

— Eg har vore ei tydeleg stemme, òg i retorikken mot NSO, og eg har gått ganske mange rundar med meg sjølv før eg no annonserer dette, for å vera sikker på at eg var topp motivert. Det er fint å stilla no, og vera heilt trygg på at motivasjonen er på plass, og at den er riktig, seier Lund, og legg humrande til:

— Mamma hadde nok helst sett at eg fullførte masteren. Men det har eg råd til å utsetja eit år.

Når Khrono snakkar med Lund, har ny nedstenging vore tema både utover natta og i morgontimane. Pandemi og stortingsval vil verta dei store sakene til hausten, trur ho. Men ho ønskjer konkretisering, ikkje berre retorikk.

— Når det gjeld valet, har mange av partia gått ut og lova gull og grøne skogar. No må me få dei til å gjennomføra det dei har lova, seier Lund, og peikar på studiestøtte og læringsmiljø som viktig.

Vil ha konkretisering

Lektorstudenten peikar òg på det som kan verta hennar eigen arbeidsgivar når ho seier kva ho vil gjera noko med.

— NSO har ein lang veg å gå når det kjem til å lytta. Det er skilnad på å invitera medlemslaga til å høyra på innspel og på å la dei koma med innspel. Det er viktig å halda kontakt med studentmassen. Det gjer medlemslaga, og eg, som er medlemslagsleiar, er betre rusta til å halda slik kontakt enn dei to andre kandidatane, seier Lund.

Ho seier at det ikkje er nok å snakka om studiestøtte på 1,5 G, men at ein må vera konkret og til dømes snakka om korleis ein kan hindra fråfall.

Ho peikar på berekraft som noko anna som har vore viktig for henne lenge.

— Me har mellom anna vedtatt eit politisk dokument om klima. Det er ikkje nok at det ligg i ei skuffe, me må tenkja berekraft i alt arbeidet me gjer framover. Her må me òg levera, seier Lund.

Snart offentleggjering

18.mars vert det offentleggjort kven som er kandidatar til heiltidsverv i NSO. I tillegg skal det veljast medlemmer til sentralstyre og fagpolitiske komitear. Vala vert tekne på digitalt landsmøte i april.

Powered by Labrador CMS