språk

Sender brev med heim etter for lite bruk av nynorsk

20 institusjonar brukar for lite nynorsk, seier Språkrådet. NTNU og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet er verst i klassen, og Kunnskapsdepartementet vert no varsla om språkbruken deira.

Eit fåtal av utdanningsinstitusjonane brukar minst 25 prosent av begge målformer - slik dei skal. Språkrådsdirektør Åse Wetås har no sendt strenge brev til fleire av dei.
Publisert Oppdatert

— Det er ikkje valfritt å følgja sjølve lova.

Det er den klåre tilbakemeldinga til Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) frå Språkrådet.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

NMBU er ein av tjue institusjonar som nyttar for lite nynorsk. Mållova slår fast at nynorsk og bokmål er jamnstilte skriftspråk i offentlege organ. Statlege organ, som offentlege universitet og høgskular er, skal nytta minst 25 prosent av begge målformer.

Slik er det ikkje ved NMBU:

— På framsida finn me utelukkande bokmål. Me må leita for å finna tekstar på nynorsk. Nynorskprosenten i sosiale medium er òg svært låg: På Facebook brukte de under tre prosent nynorsk i 2020, og på Twitter brukte de berre bokmål, heiter det i Språkrådet si tilbakemelding.

Utdanningsinstitusjonane rapporterer sjølve inn kor mykje nynorsk og bokmål dei nyttar, og får tilbakemelding frå Språkrådet.

Ingen vilje

— Dette er sjølvsagt ikkje bra nok, og me tek kritikken frå Språkrådet svært alvorleg. Nynorskbruken har vore for låg ved NMBU over fleire år, men me har teke grep som me meiner skal bidra til å få opp nynorskbruken ved NMBU.

Det skriv Solve Sæbø, prorektor for utdanning og òg leiar for det nye språkutvalet ved NMBU. Sæbø forklarar at utvalet vart oppretta i fjor, og i oktober vart det vedtatt språkpolitiske retningslinjer.

— Språkutvalet er i gang med å definera og setja i verk tiltak, og desse vil me informera Språkrådet om i august, seier Sæbø.

Men Språkrådet sender altså NMBU sin nynorskbruk vidare til ansvarleg departement, altså Kunnskapsdepartementet. Det same skjer med NTNU. I tilbakemeldinga deira heiter det at stoda etter Språkrådet sitt syn er alvorleg.

Fakta

Målbruk hos universitet og høgskular

  • NTNU og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet nyttar så lite nynorsk at Kunnskapsdepartementet vert varsla
  • Høgskolen i Molde og Høgskolen i Østfold nyttar så lite at departementet vert varsla dersom det ikkje vert ei betring
  • Politihøgskolen, Arkitektur- og designhøgskolen, Høgskolen i Innlandet, Norges grøne fagskole, Norges idrettshøgkole, NHH, Norges musikkhøgskole, OsloMet, Nord universitet, Universitetet i Agder, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet og Universitetet i Oslo har alle for låg nynorskprosent og må gi tilbakemelding til Språkrådet om kva dei tenkjer å gjera vidare
  • Kunsthøgskolen i Oslo og Universitetet i Agder får skryt for god framgong
  • Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Volda har høg nok nynorskprosent, men i Volda skriv ein faktisk for lite bokmål

Kjelde: Språkrådet

Det vert mellom anna vist til at resultata frå Matematikksenteret og Nasjonalt senter for realfagrekruttering viser ein nynorskprosent på høvesvis under tre og under éin prosent.

— Me ser alvorleg på at nasjonale kompetansesenter som mellom anna har skulen og folk i utdanningssektoren som målgruppe, ikkje viser større vilje til å følgja den språkpolitikken som Stortinget har vedteke, heiter det i brevet frå Språkrådet.

NTNU har òg fått mykje hjelp frå Språkrådet, både i form av rådgiving og nynorskkurs.

— Ei stor verksemd som NTNU treng solide rutinar, og Språkrådet ser ikkje vilje hos NTNU til å endra kurs.

I fjor hadde, som Khrono har skrive, NTNU ikkje rapportert om språkbruk. Forklaringa var at dei ikkje hadde tid.

Khrono fekk ikkje kontakt med NTNU måndag. Til Universitetsavisa, som først skreiv om NTNU, er svaret frå NTNU-leiinga at dei ikkje ønskjer å kommentera saka før dei har sendt tilbakemelding til Språkrådet. Institusjonane har fått frist til tidleg haust med dette. Tysdag føremiddag skriv organiasjonsdirektør Ida Munkeby det same i ein epost til Khrono.

Leverer berre rapport sporadisk

— Når Språkrådet ser at etterlevinga av mållova over tid er dårleg, tyder det på manglande systematikk i arbeidet og manglande respekt for føremålet med dette regelverket. Då må me vera tydelege i tilbakemeldingane våre, skriv Språkråd-direktør Åse Wetås i ein e-post til Khrono.

Sjølv om det er NBMU og NTNU som hamnar på departementet sitt bord i denne omgang, er det fleire av institusjonane som får ei åtvaring om at det kan skje. Både Høgskolen i Molde og Høgskolen i Østfold har ikkje rapportert inn språkbruken sin på fleire år, noko ein skal gjera på årleg basis.

Framandspråksenteret ved Høgskolen i Østfold får skryt, men stoda er ei anna for resten av høgskulen: For første vert det peika på at det er alvorleg at høgskulen ikkje rapporterer språkbruk, og at det denne gongen først skjedde etter purring.

— Rapporten viser at det er svært lite nynorsk på nettsidene dykkar. I sosiale medium har de i 2020 utelukkande brukt bokmål. Det burde ikkje vera naudsynt å minna statsorgan på at dei har plikt til å følgja lovverket, men i dette tilfellet må me likevel gjera det, heiter det.

Mykje av det same vert peika på for Høgskolen i Molde. Her peikar Språkrådet på at det er vanskeleg å følgja opp høgskulen, sidan dei berre sporadisk har levert inn målbruksrapport.

— Rapporten viser at de samla sett brukar altfor lite nynorsk både på nett og i sosiale medium. Dette er de sjølve klar over, jamfør kommentaren i eigenrapporteringsskjemaet. Det er svært alvorleg at de gjer så lite for å oppfylla krava i mållova og heller ikkje har svara på breva frå Språkrådet dei siste åra.

— Det er sjølvsagt er heilt uakseptabelt at statsorgan unnlet å svara på førespurnader, seier Wetås om at fleire av institusjonane har vore vanskeleg å få kontakt med.

— Me må skjerpa oss, seier Jens Petter Straumsheim, informasjonssjef ved Høgskolen i Molde.

— Både me som jobbar med nettsidene, men me må òg ha skjema og annan informasjon på både nynorsk og bokmål.

— Kvifor sender de ikkje inn det de skal?

— Det er eit godt spørsmål, og me må sjå på rutinane våre. Det er ein kultur som må snuast, seier Straumsheim.

Rektor vil følgja opp

Khrono har ikkje lukkast i å få svar frå Høgskolen i Molde. Men Lars-Petter Jelsness-Jørgensen, rektor ved Høgskolen i Østfold skriv i ein e-post at han tek tilbakemeldinga på alvor.

— Språkrådet peikar på opplagte svaktheiter i bruken vår av begge målformer, noko eg vil følgja opp med ansvarlege einingar så snart det er praktisk mogleg, skriv Jelsness-Jørgensen.

Han er i dag vald rektor, men frå 1.august tilsett som rektor.

— I samband med ny organsiering, og dermed òg nye nettsider, er etablering av parallelle nettsider på sidemål under utvikling, seier han.

Rektoren seier han er glad for at framandspråksenteret får skryt for sin bruk av begge målformer.

Kunnskapsdepartementet har i tildelingsbrevet for 2021 vist til at Språkrådet har peika på at eit fleirtal av universiteta og høgskulane ikkje innfrir kravet om å nytta begge målformer minst 25 prosent. Det skriv statssekretær Aase Marthe Horrigmo i ein e-post til Khrono.

— Departementet har bede universiteta og høgskulane om å følgja opp dette, og setja i verk nødvendige tiltak, seier ho.

Østfold-rektor Lars-Petter Jelsness-Jørgensen lovar å ta tak i språksaka.

Har språkpolitiske retningslinjer

Lista over institusjonar som ikkje følgjer språklova er lang: Verken OsloMet, Høgskolen i Innlandet eller Nord universitet har nok nynorsk. Det har heller ikkje Universitetet i Oslo, Universitetet i Agder eller Universitetet i Agder Noregs arktiske universitet når 25-prosenten, men dei får skryt for betring.

Skryt får òg Universitetet i Stavanger. Dei rapporterer sjølve om at dei nærmar seg tjue prosent, og får god tilbakemelding for dette.

— Tala for målbruken i sosiale medium er også framifrå. UiS skal ha ros for det gode arbeidet de gjer for den språklege jamstillinga, heiter det.

— Her trur eg kommunikasjonsavdelinga har teke utfordringa, smiler UiS-rektor Klaus Mohn.

Han har fått Målblomen frå mållaget i Stavanger og Rogaland for å vera «ein framifrå representant for nynorsken», og varsla for eit par år sidan grep for å få inn meir nynorsk i siddisbyen.

— Me har implementert ein ny språkpolitikk som er i tråd med dei krav og forventingar som er, seier Mohn.

— Men på ein institusjon med høgt utdanna tilsette, kor vanskeleg kan det vera å skriva nok på begge målformer?

— Eg forstår at det kan vera krevjande. Men eg ser på det som ei positiv utfordring, og det er ein rikdom i å meistra begge - og ei viktig oppgåve for eit universitet.

Det handlar om leiing, meiner Mohn, leiarane må gå føre som gode døme. Då kan det vera enklare for andre å velja nynorsk.

— Skriv du all internkommunikasjon på nynorsk?

— Eg skriv alt, i alle fall det som startar frå meg, på nynorsk. Dei tilsette veit kva eg føretrekkjer, noko som gjer at det òg har vorte fleire saksutgreiingar og styresaker på nynorsk, seier Mohn nøgd.

Skryt til institusjonane i vest

Høgskulen i Volda, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet (HVL) får i hovudsak gode tilbakemeldingar.

Me har ekstra medvit om språkbruk, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.

— Medviten språkbruk er ein del av fundamentet for høgskulen, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.

HVL ligg dels i nynorskland, med campus i Sogndal, Førde og Stord, men òg i Haugesund og Bergen.

— Me har språkpolitiske retningslinjer ved høgskulen, og veldig mange av både dei vitskapeleg tilsette og dei administrativt tilsette er flinke i språk, seier Yttri.

Men HVL er ikkje ein høgskule for nynorskingar, understrekar han.

— Me tilset utifrå kvalitet, utan sideblikk til målform. Men så er dette med språk noko me grip tak i og samarbeider om, og me har eit ekstra medvit om språket.

— Ein ser at mange av institusjonane ikkje klarar det HVL klarar. Kor vanskeleg kan det vera å oppfylla krava?

— Dersom ein strevar, må ein tenkja på rekruttering. Ein må ta på alvor at ein er ein offentleg institusjon og skal fylla lovkrava, seier Yttri.

Sak oppdatert med kommentar frå Ida Munkeby 6.7 kl 9.20 og med kommentar frå Høgskolen i Molde kl 11.59

Powered by Labrador CMS