Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger, vil setje i verk særskilte tiltak for å løfte nynorskdelen ved universitetet. Foto: Mari Hult/UiS

Rektor vil ta grep for meir nynorsk

Målbruk. Universitetet i Stavanger oppfyller ikkje kravet i mållova om 25 prosent nynorsk. Rektor er ikkje nøgd og meiner det må strukturelle grep til for å auke nynorskdelen.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nynorsk er ein av fleire saker den nytilsette rektoren ved Universitetet i Stavanger (UiS) vil ta tak i.

På tysdag skal universitetsstyret samlast for første gong i haust og ei av sakene dei skal ta stilling til er rektor Klaus Mohn sine tiltak for å auke nynorskdelen i skriva frå universitetet.

Fakta

Mållova

Mållova (lov om målbruk i offentleg teneste) regulerer bruken av bokmål og nynorsk i staten.

Du skal få svar fra et statsorgan i den målformen du selv har brukt i brevet til statsorganet.

Sentrale statsorgan er språklig nøytrale. De skal veksle mellom nynorsk og bokmål.

På nettsider, i stillingsannonser og i rapporter og annet skriftleg materiale skal ingen av målformene være representert med mindre enn 25 % hos sentrale statsorgan.

Skjema skal være tilgjengelige i begge målformer.

Kilde: Språkrådet

Han ber styret ta stilling til forslaget til nye språkpolitiske retningslinjer ved UiS og føringar for å auke nynorskandelen (...). I tillegg ber rektor styret om fullmakt til å sette saman eit rådgjevande organ i språkspørsmål og gje dette organet eit mandat. Dette kjem fram av sakspapira.

— Eg stiller meg heilhjerta bak forslaget, seier Mohn til Khrono.

Eg er nynorskbrukar sjølv og dette er ikkje likegyldig for meg. Difor er det kanskje lettare for meg å tilslutte meg ambisjonsnivået i lovverket enn kva det kan vere for andre.

Klaus Mohn

Han fortel at arbeidet med å utforme desse retningslinjene vart sett i verk under det førre rektoratet, men at ordlyden i krava kanskje har blitt noko skjerpa etter at han tok til som rektor.

Skal snu den dårlege trenden

I 2018 var nynorskdelen 11,8 prosent på nettsidene til universitetet, medan den låg på 21,3 prosent totalt i sosiale medium.

Universitetet i Stavanger var langt i frå den einaste insititusjonen som sleit med å oppfylle kravet om at begge målformer skal vere representerte med minst 25 prosent.

No ønskjer rektor å snu den dårlege trenden.

— Eg er nynorskbrukar sjølv og dette er ikkje likegyldig for meg. Difor er det kanskje lettare for meg å tilslutte meg ambisjonsnivået i lovverket enn kva det kan vere for andre, seier Mohn.

Vil legge ansvar på dei ulike einingane

For å nå målet om 25 prosent nynorsk, vil han legge delar av ansvaret på dekanane og leiarane for fellesteneste-einingane.

Mellom anna ønskjer rektor at dei får ansvar for å rapportere inn nynorskdelen på blant anna nettsider, tekster og i sosiale medium.

Alle skjema skal vere tilgjengelege både på nynorsk og bokmål. I tillegg skal leiarane sjå til at nynorskdelen i einingane sine eigne kanalar på sosiale medium ligg på minst 25 prosent.

I retningslinjene står det også at tilsette skal få tilbod om nynorskkurs. Einingane må sjølve ta kostnaden for opplæring og oversetjing til nynorsk for å få delen opp til 25 prosent, står det vidare i føringane som rektor ynskjer at styret skal vedta.

Mohn seier han vil følgje nøye med i utviklinga for nynorsktala ved UiS i åra framover.

Vil kjempe for nynorsken

Målmannen Mohn varsla omtrent før han tok til som rektor den 1. august i år, at han ville slå eit slag for nynorsken.

I fjor fekk han som professor tildelt Målblomen frå Stavanger og Rogaland Mållag - for å vere «ein framifrå representant for nynorsken».

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS