Debatt

Relevans? Ja, takk!

Regjering og Storting må gjerne setja krav om meir relevans i høgare utdanning. Men det må gjerast med vit. Den regionale rolla til universitet og høgskular vert i dag ikkje godt nok understøtta. Om samfunnsnytte er målet, er det nøyaktig her finansieringa må styrkast.

Studiestart på Høgskulen på Vestladet HVL. Her fra Kronstadplassen, åpningsseremoni til Høgskulen på Vestlandet.
Studiestart på Høgskulen på Vestladet HVL. Her fra Kronstadplassen, åpningsseremoni til Høgskulen på Vestlandet.
Publisert Oppdatert

Politiske ønskje om eintydige og enkle koplingar mellom arbeidslivsrelevans og finansiering av høgare utdanning har i tur og orden vorte kritisert og åtvara mot av rektorane ved Universitetet i Oslo og ved Universitetet i Bergen, og fleire andre i akademia.

Det å kutta offentleg finansiering til utdanningar som nokon i maktposisjon, politikarar eller byråkratar, skal utdefinera som ikkje-relevante, kan føra heilt gale av garde. Heller bør høgare utdanning og arbeidslivet koma kvarandre meir i møte, gjerne på det grunnlaget Humaniora-meldinga skisserer. Lovande tiltak er her sjøsett.

Høgare utdanning bør ikkje vera for instrumentell. Kunnskapens verkefelt kan ikkje snevert avgrensast. Kortsiktig marknads- og resultatorientering, kan lett svekka banda mellom dei høgare utdanningsinstitusjonane og samfunnet.

Men det er også slik at universitet og høgskular må ha ein relevans, dei må ha ein sosial bruksverdi. Det var nett dette som låg i botnen då arkitekturen for moderne norsk høgare utdanning vart teikna ved inngangen til 1970-talet. Universitet i Tromsø og distriktshøgskulane skulle syta for at alle deler av landet fekk tilgang på kompetente kandidatar.

Utviklinga som har funne stad har vore formidabel. Talet på studentar i Noreg har på 50 år gått frå 50 000 og passert 300 000. Forventingane til dei høgare utdanningsinstitusjonane har vorte fleire og sterkare. Medan utdanning av dyktige kandidatar lenge rådde grunnen åleine, er det i dag krav om at universitet og høgskular dertil skal gi substansielle bidrag til forsking og nyskaping.

Ein serie kandidatundersøkingar frå fleire tiår syner at lokaliseringa av høgare utdanning betyr veldig mykje for ein region sin tilgang på kompetent arbeidskraft. Dette gjeld for eit stort spekter av utdanningar innanfor helse- og sosialfag, teknologi, økonomi, lærarutdanning og samfunnsfag, Men ulike typar institusjonar spelar ulik rolle. Det er eit mangfald i sektoren, eit mangfald som er tenleg for samfunnet.

Ei enkel samanlikning av Noregs Handelshøgskule (NHH) med dei økonomisk-administrative faga ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) kan vera illustrerande. 24. februar 2020 skreiv Khrono at 9 av 10 kandidatar frå NHH var komen i relevant jobb etter seks månader. Det Khrono ikkje opplyste om, er kor i landet og verda kandidatane frå NHH fann seg arbeid. Hadde ein undersøkt dette ved å lesa den fine kandidatundersøkinga NHH har gjort, ville ein ha funne at den aller største delen går til Oslo-området. Når so Bergen har fått hand om eit mindre tal kandidatar frå NHH, er det knapt att nokon til resten av landet.

Når den profesjons- og arbeidslivsretta HVL i august 2020 startar siviløkonom-utdanning, ligg det ei mangeårig erkjenning i botnen. NHH-kandidatane er verdfulle og ettertrakta, men for fåe har Vestlandet som sitt arbeidsområde. Dei økonomisk-administrative utdanningane som vert tilbydd i Bergen, Haugesund og Sogndal av HVL har eit heilt anna geografisk nedslagsfelt. Storparten av kandidatane vert tilsett i nærområdet, i heimfylket eller i nabofylket. Gitt Vestland og Rogaland si rolle i norsk næringsliv og verdiskaping, gir dette både meining og relevans til utdanningane.

Om samfunnsnytte er målet, bør ein ny finansieringsmodell for høgare utdanning særleg ta utgangspunkt i den regionale rolla til institusjonane. To omstende er særleg viktige. Det eine er at institusjonane si rolle i å utdanna eit stort spekter av kandidatar for eigen region må erkjennast og verdsetjast. Dette er den store blinde flekken i struktur-reforma.

Det andre er at dei nye multi-campus institusjonane må få langt betre rammer til å styrka og utvikla si regionale rolle innanfor utdanning, forsking og nyskaping. På 2020-talet, nokre år etter fusjonsbølgje og strukturreform, så er nye multi-campus institusjonar med stort geografisk nedslagsfelt ein berebjelke i det høgare utdanningssystemet.

Potensialet til fleir-campus universitet og høgskular for regional verdiskaping og utvikling er enormt. Ein kan vera langt tettare på i samarbeidet med arbeids- og næringsliv enn einbølte institusjonar. Men om ein vil forløysa dette, det vil seia dra vekslar på nyvunnen fagleg styrke og fysisk nærvær i eit stort geografisk område, så må det gjevast langt betre grunnlag i sjølve finansieringa.

Krav om relevans i høgare utdanning må gjerne gjerast gjeldande. Men det må gjerast med vit og på ein måte som byggjer menneske og samfunn.