Margareth Hagen kallar seg sjølv ein nerd, er uroa for studentane, og tek gjerne bilete av ein fugl ho går forbi. Møt den nye rektoren ved Universitetet i Bergen.

Margareth Hagen er eit universitetsmenneske, og særleg oppteken av breidda. No skal ho leia Universitetet i Bergen fram til 2025.

Rektor Hagen om fugl, forsking og sin indre driv

Publisert Oppdatert

Det er dagen etter dagen. 25.mars vart Margareth Hagen vald til rektor ved Universitetet i Bergen (UiB). No møter ho Khrono på ein kafé eit steinkast unna kontoret på Muséplassen. Høghæla sko er bytta ut med joggesko, og eit blomebod kjem inn med ei stor øskje. Det er slett ikkje den første blomebuketten.

— Siste døgeret var eg langt frå sikker på at me kom til å vinna. Eg hadde jo ikkje noka kjensle med folk, seier Hagen.

Men saman med prorektorkandidat Pinar Heggernes, og med Annelin Eriksen og Gottfried Greve på laget, fekk Hagen 62,5 prosent av stemmene.

— Me gjorde så godt me kunne, i eit heildigitalt val. Me hadde tjue møte, og fleire enn tidlegare kunne vera med, sidan møta var digitale, seier Hagen.

På plass i dei ærverdige lokala i Muséplassen 1 i Bergen. I det som ein gong var ein herskapsvilla, har rektor og resten av universitetsleiinga kontor. I tillegg er styrerommet her.

Har tenkt på rektorjobben lenge

55-åringen har allereie vore rektor nokre måneder, meir nøyaktig sidan januar i år. Då gjekk Dag Rune Olsen av, etter at han hadde vorte tilsett som rektor ved Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet (UiT). I tillegg hadde den mykje omtala Olsen/Knudsen-saka byrja å rulla, mellom anna med eit ekstraordinært universitetsstyremøte vesle julaftan.

— Visste du at du kom til å verta rektor før beskjeden kom?

Fakta

Margareth Hagen

  • Vart rektor ved Universitetet i Bergen frå januar 2021. No vald som rektor frå 1.8.2021-31.7 2025.
  • Professor i italiensk litteratur
  • 55 år
  • Gift, to barn
  • Elskar Bob Dylan

— Eg visste at det var ei fare for det, men tenkte at det fekk eg ta som det kom. Men ei stor overrasking var det ikkje, og eg meiner det var klokt. Etter tilsetjinga i Tromsø ville det vorte vanskeleg for Olsen å vera ei rein UiB-stemme, seier Hagen.

Universitetet i Bergen har framleis rektorval, det same har Universitetet i Oslo. Men fleire og fleire av utdanningsinstitusjonane går over til tilsett rektor.

Det kan føra til eit rektorsjikt som er i rørsle, meiner Hagen.

— Dette er me ikkje så vane med å ta stilling til, og det var reell usikkerheit knytt til kva ein skulle gjera.

Sjølv vart ho altså vald som prorektor i 2017. Før det var ho dekan ved Det humanistiske fakultetet i fire år.

— Kor stor strateg er du? Nokre snakkar om at du har planlagt å verta rektor i årevis.

— Det stemmer at eg har tenkt på det lenge, eg har hatt ein indre diskusjon med meg sjølv i alle fall to-tre år - fram og attende. Eg trur ikkje at eg er ein stor strateg, men eg kan gi mykje når eg først har bestemt meg for noko, seier Hagen, og legg til:

— Ein rektorjobb er ikkje noko ein gjer halvvegs, men eg veit kva det går ut på.

Tala viser at Team Hagen gjorde det best i gruppa for vitskapeleg tilsette og for studentane, medan Team Samdal gjorde det best i det som heiter gruppe C - teknisk og administrativt tilsette. Per i dag er det ulik vekting av stemmene frå dei ulike gruppene i elektoratet, men sjølv om endringa det no ligg føre forslag om hadde vore innført, ville Hagen vunne.

— Det handlar ofte, i valkampen òg, om forsking og utdanning. Men kva vil du gjera for dei teknisk-administrativt tilsette?

— Eg er genuint oppteken av HR og organisasjonen, av rammene for arbeidet til teknisk og administrativt tilsette. UiB er ein kunnskapsintensiv organisasjon, som krev at mange administrativt tilsette jobbar tett saman med forskarane. Eg er oppteken av også desse gruppene skal ha gode utviklingsmoglegheiter, seier Hagen, og legg til:

— Eg er ingen akademisk snobb, og vil vera ein rektor for alle.

Mange gratulasjonar og mange blomar. Det var status dagen etter at Margareth Hagen vart vald til rektor ved Universitetet i Bergen.

— Det kallast jo nerd...

Hagen kjenner UiB godt. Hit kom ho som student midt på 1980-talet, og her har ho tatt doktorgrad og seinare vorte tilsett som førsteamanuensis og professor. Ho kom til Det samfunnsvitskapelege fakultetet, men ville etterkvart også ta eit språkfag.

— I dag tvingar me dei unge studentane til å velja, og eg skulle ønska at det var friare. Det bør me nok legga til rette for i større grad, seier Hagen, og legg til:

— Å skulle velja til dømes ei bachelorgrad i lingvistikk når ein er 19 kan jo vera eit litt spesielt val då, men kanskje eit val ein finn fram til etter kvart. Me må ikkje forventa at alle skal ha framtidsplanane sine klare som 19-åringar.

Me må ikkje forventa at alle skal ha framtidsplanane sine klare som 19-åringar.

Margareth Hagen

— Var det sjølvsagt at du skulle ta høgare utdanning?

— Eg er eit typisk 60-talsbarn. Eg vaks opp i Elnesvågen, og dersom ein skulle studera, var det var vanleg å reisa til universitetet i anten Bergen eller Oslo. Sidan eg har ei eldre søster, og ho allereie var i Bergen, reiste eg dit.

Det vart italiensk etter å ha tatt mellomfag i administrasjon og organisasjonsvitskap. Kanskje eit smalt val?

Rektoren er ikkje samd.

— Eg har alltid vore interessert i historie. Og i forskinga mi har eg særleg fokusert på 1500-talet. Det er ei tid der ein var på veg over til eit anna syn på verda, og ei spanande politisk brytingstid med motreformasjon, inkvisisjon og Macchiavelli.

Det vart italienskstudiar utan å kjenna språket på førehand, deretter hovudfag, doktorgrad og ein halvferdig postdokperiode som gjekk over i ei fast førsteamanuensisstilling. Hagen seier ho hadde ein enklare veg til fast stilling i akademia enn mange av dei unge forskarane har i dag.

— Når tenkte du at det var forskar du skulle verta?

— Eg er drive av rein interesse. Det kallast jo nerd....men eg har stor glede av å dukka djupt inn i noko fagleg. Eg har ein indre driv, seier Hagen.

Eit tilfeldig møte på Nygårdshøyden. Desse møta saknar ho, seier Margareth Hagen, og ho uroar seg for alle studentane som ikkje får det studentlivet generasjonane før dei har fått.

Tett på studentar

Ho har gått frå heimekontoret på Møhlenpris, og kryssa store deler av Nygårdshøyden. Det er fredag før palmehelga, og kanskje ikkje så rart at gatene er litt folketomme. Men det stille universitetet er noko Hagen har snakka om fleire gongar - sjølv om pandemien kanskje har nokre fordelar òg, som færre dagsturar til Oslo.

No sit både studentar og tilsette heime, og dei tilfeldige møta vert færre. Hagen er i tillegg uroa for studentane. Som mor til to jusstudentar, der den eine er koronafast og har flytta heim til foreldra medan ho ventar på å reisa på utveksling, har ho sett på nært hald korleis studentar har hatt det det siste året.

— Studentåra skal ein kunne bruka til å finna seg sjølv. Ein vert forma av desse åra; av dei tilfeldige møta og av å vera ein del av ei stor gruppe. Dei som er studentar no, går glipp av mykje av dette. Eg håpar inderleg at me kan opna opp att universitetet når våren kjem. Eg synest skikkeleg synd på dei, seier Hagen alvorleg.

Ho peikar på at det til hausten vil vera naudsynt å ha gode ordningar for studentane, både i form av til dømes mentorordningar, men òg legga til rette for det frivillige studentlivet.

Eg håpar inderleg at me kan opna opp att universitetet når våren kjem. Eg synest skikkeleg synd på dei

Margareth Hagen

Ny hobby

Nygårdsparken, som altså strekkjer seg frå bydelen Møhlenpris og opp til Nygårdshøyden, er ei grøn lunge i Bergen. Mange av medieoppslaga om parken har handla om ei opa russcene, men dei siste åra har situasjonen vorte ein annan. Hagen fortel at ho likar godt å gå gjennom parken.

— Eg er glad i naturen, det har eg alltid vore. No har eg meldt meg inn i Norsk ornitologisk foreining, og eg har tenkt å kjøpa meg ein skikkeleg fuglekikkert. Eg har òg lyst til å læra meg å ta bilete av fuglar. Eg kan godt stoppa opp for å sjå på ein spurv når eg går gjennom parken, fortel ho.

— Har ein tid til noko anna enn å vera rektor?

— Det har vore ganske intenst, heile det siste året, frå nedstenginga. Men det var ein klar fordel at me i leiinga kjende kvarandre godt. Men eg prøver å jogga litt, likar å gå tur, og eg les ein del, seier Hagen.

Kvinne på toppen - men flest menn

No vert ho den andre kvinnelege rektoren i UiB si historie. Det skjer samstundes med at fleire av dei andre utdanningsinstitusjonane har ei kvinne som øvste leiar. Samstundes er det sagt mykje om korleis det kan vera å vera kvinne i akademia, og innan nokre fagområde er det framleis svært få kvinnelege professorar.

Men betyr det noko om rektor er kvinne eller mann? Ja, meiner Hagen.

— Det er utruleg viktig med balanse i leiinga. Ved UiB har me fantastiske dekanar, men dei er, med eitt unntak, menn.

Då metoo-bølgja rasa frå slutten av 2017, var Hagen ein av sektorleiarane som ytra seg. Ho var, og er, oppteken av maktstrukturane.

— Metoo rørte ved meg. For min generasjon vart dette ein revisjon, me tenkte over kva me sjølv har opplevd, men den gong berre knipsa av. Men me har ikkje hatt ei skikkeleg analyse av metoo, seier Hagen, og held fram:

— Metoo handlar om makt og om maktrelasjonane mellom oss. Er me medvitne nok om det? Og me rekrutterer internasjonalt, mellom anna stipendiatar. Har me god nok informasjon på engelsk? Kva var det me lærte av metoo?

Den nyvalde rektoren fotografert inne i sjølve storstova, universitetsaulaen. Den er ein del av Universitetsmuseet - som var opphavet til UiB.

Dei som forbarmar seg

Det er travle dagar, og universitetsdirektøren har allereie vore på tråden. Men når dette intervjuet blir publisert er det påske.

Margareth Hagen har planar om nokre fridagar, kanskje heim til Romsdal, og innrømmer at ho er ganske sliten.

— Du er vald for fire år, og kanskje vert det så fire til. Har du no tatt valet om å velja vekk forskinga?

— Så langt fram har eg ikkje tenkt enno. Men nei, det vert ikkje noko forsking for tida, sjølv om eg les litt faglitteratur og er med i ei forskargruppe som tidvis forbarmar seg over meg.

Powered by Labrador CMS