Debatt husabø og bondevik

Reglane om klage på karakteren er ein dårleg deal for studentane

Blind sensur kom som resultat av ei misforståing. No bør studentane slå seg saman og krevja at forvaltningslova skal gjelda.

Nokre gongar vert ein skuffa når ein får eksamensresultatet, og vil klaga. Men er ordninga med blind sensur eit gode for studentane?
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Tenk deg at du klagar på eit vedtak eit offentleg organ har gjort i samband med noko du har søkt om. Du forklarar så godt du kan kvifor du meiner at vedtaket er feil og kva resultat du meiner vil vera rett. Så får du opplyst at dei som skal behandla klaga ikkje får sjå grunngjevinga di. Dei får heller ikkje sjå grunngjevinga til dei som gjorde vedtaket. Dei får ikkje ein gong vita kva vedtak som er gjort!

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Ei slik saksbehandling ville dei fleste ha protestert på. Det er eit grunnfesta – og lovfesta – prinsipp i forvaltningsretten at dei som behandlar ei klage skal ha tilgang til alle opplysningar som føreligg. Likevel vert studentar utsette for ein slik prosess når dei klagar over resultatet på eksamen: Ved ny sensurering skal sensorene ikke få opprinnelig karakter, sensors begrunnelse for denne eller studentens klage[1] (§ 5-3 fjerde ledd i universitets- og høgskulelova (uhl.).

Auneutvalet, oppnemnt av Regjeringa for å gå gjennom regelverket for universitet og høgskular, gjekk samrøystes inn for ein ny regel, som er i samsvar med forvaltningslova: «Studentens begrunnelse og sensorveiledningen skal gjøres tilgjengelig for klagekommisjonen. Hvis studenten har fått en skriftlig begrunnelse for karakterfastsettingen, skal denne også gjøres tilgjengelig for klagekommisjonen» (NOU 2020:3 side 26). Dette vart dessverre ikkje følgt opp i det vidare lovarbeidet. Dermed kan studentar framleis oppleva noko tilsvarande som ein bachelorstudent ved UiO opplevde i 2019; ho gjekk frå F til A og tilbake igjen då ho klaga. Eller – ei nyare sak:…fikk tre ulike karakterer på samme eksamen. Dette er ikkje haldbart, korkje for dei som klagar eller for dei som sensurerer.

Bakgrunnen for ordninga, som vert kalla «blind sensur», er slik me forstår det først og fremst at studentar/studentorganisasjonar har ynskt det. Tanken er visst at studentane skal få ei heilt ny og uavhengig vurdering av eksamenssvaret sitt. Det er ein positiv tanke, men det fungerer ikkje slik i praksis. Ved første sensur har sensor/ane oftast eit heilt sett med oppgåvesvar. I lag med sensorrettleiinga og nødvendig kjennskap til pensum og læringsmål er dette eit viktig grunnlag for karaktersetjinga. Ved ny sensur er ikkje dei andre eksamensvara tilgjengelege. Dei nye sensor/ane – klagenemnda – skal på fritt grunnlag vurdera eksamenssvaret opp mot pensum og læringsmåla i kurset. Det endar ofte feil, jf. døma ovanfor.

Slike saker syner det heilt openberre, at klagesensorane ikkje får dei opplysningane dei treng og har krav på i følgje forvaltningslova. I staden for å bestemma at dei skal få slik tilgang, vart det valt ei naudløysing gjennom eit tillegg i uhl: Hvis karakteren ved ny sensurering avviker med to eller flere karakterer fra opprinnelig sensur, skal utdanningsinstitusjonen foreta ytterligere en vurdering før endelig karakter fastsettes (§ 5-3 sjette ledd). Dette betyr ein tredje sensurkomité.

Praksisen med hemmeleghald er ikkje berre uheldig for klagarane, men det er også urettferdig mot alle dei som ikkje klagar. Sjå dette dømet frå innspel frå forskarar i naturvitskap til Auneutvalet: Tenk deg ein som klagar på karakteren C, denne C-en vart i første instans vurdert som den svakaste C-en i klassen. Men klagaren får, etter mykje grubling i den nye komiteen om dette er ein C eller B, den nye karakteren B. For alle studentane som har fått C eller betre er dette urettferdig[2].

Ordninga med blind sensur kom på grunn av ei misforståing! Fram til 1995 vart klage over karakterfastsetjing behandla slik: først vurderte sensor/ane saka på nytt. Dersom dei ikkje gav medhald, kunne studenten be om behandling i klagenemnd. Klagenemnda fekk alle opplysningar.

I 1995 kom felles lov om universitet og høgskular, og klageregelen vart endra. Klager skulle gå rett til klagenemnd utan først å gå tilbake til den første sensorkomiteen. Dette var ei endring som vart sett pris på fordi den gongen vart alt sendt per post. Postgangen kunne ta lang tid, og – ikkje minst – dei første sensorane fann sjeldan grunn til å endra vedtaket sitt. I alle fall var det erfaringa frå jusstudiet ved UiT.

Enkelte institusjonar misforstod lovendringa, og trudde at det no skulle vera blind sensur. Etter kvart praktiserte fleire og fleire institusjonar blind sensur og i 2014 vart ordninga lovfesta. For å setja det på spissen: studentane mista klageretten. Dei kan seia: «Eg er ikkje fornøgd med karakteren eg fekk – eg vil ha andre sensorar», men dei får ikkje reell klagebehandling.

Lova må endrast. Klagenemnda må få fullt innsyn i dokumenta dei treng for å gjera jobben sin slik at dei studentane som klagar får ei rettferdig vurdering. Ikkje minst vil det vera rettferdig andsynes alle dei studentane som har teke eksamen og som ikkje klagar. Alle studentar må kunna vera sikre på at dei relevente opplysningane i ei klagesak når fram til klagenemnda. Dette kan enklast gjerast ved å fjerna denne teksten frå uhl. § 5-3: «Ved ny sensurering skal sensorene ikke få opprinnelig karakter, sensors begrunnelse for denne eller studentens klage. Dermed vil forvaltningslova sine reglar gjelda».

Studentane bør gå på barrikadane og stilla krav om at forvaltningslova sine klagereglar skal følgjast.

[1] Det gjeld eigne reglar om klage over sensur på doktoravhandling.

[2] Forslag til endring av § 5.3 – klage over karakterfastsetting – rett til begrunnelse, punkt (4)

Powered by Labrador CMS