Tesen er at den aktuelle striden om kvalifiseringsløypa botnar i ein strid mellom tilgrunnliggjande ulike tenkemåtar, mellom ulike fag- og kunnskapssyn. Foto: Ketil Blom Haugstulen
Tesen er at den aktuelle striden om kvalifiseringsløypa botnar i ein strid mellom tilgrunnliggjande ulike tenkemåtar, mellom ulike fag- og kunnskapssyn. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Haga: Praksisprofessoren er død, men behovet lever

Praktor. Usemja om ulike karrierevegar i akademia dreier seg om ulike grunnleggande kunnskaps- og vitskapssyn, meiner Sigurd Haga ved OsloMet.

Publisert

Underdal-utvalgets rapport om stillingsstrukturen ved universiteter og høgskoler føreslår å fjerna både førstelektor/dosentordninga og forslaget om praksisprofessor. Rektor Rice støttar forslaget om ei felles kvalifiseringsløype for forsking og undervising. Han meiner at topptittelen professor kan ivareta fleire vegar i karriereløpet.

Det kan bety at han overser viktige skilnader.

Vibeke Bjarnø er usamd med Rice og forklarer kvifor under innlegget:

... Jeg har lest uttallige sakkyndige vurderinger der professorer og førsteamanuenser er med og vurderer opprykk til førstelektor og dosent, der de ikke evner å se kompetansen ei heller bruke gjeldende kriterier slik de er tiltenkt. De forstår rett og slett ikke (min uth.) hva førstelektor og dosent er sammenligna med førsteamanuensis og professor.

Erik Døving er like klar: Samanslåing av dosent- og professor-løpet trur eg er ein dårleg ide og vil bare skape surr, i praksis trur eg det vil vere det same som nedlegging av dosent-ordninga av 2006. Eg synes vi skal vere ærlege: Styrk dosentordninga eller legg den ned.

Usemja som her kjem til syne dreier seg om noko langt viktigare og meir grunnleggande enn spørsmålet om individuelle karrierevegar. Dette dreier seg om tenkemåtar og fagforståing, om profesjonsutdanningane sin eigenart og samfunnsoppdrag - om ulike tilgrunnliggande kunnskaps- og vitskapssyn. I slike spørsmål finst det også reelle motsetnader. Og dei, distinksjonane og motsetnadene, er det akademias oppgåve å belyse og forstå. Ikkje minst fordi kunnskapssynet og måten vi forstår faget på representere ulike verdiar, og noens interesser, ikkje alles. Derfor dreier denne saka seg også om vindskeive maktforhold.

... det finnes avgjerande faglege og kulturelle skilnader mellom universitetets forskarutdanning og dei yrkesorienterte profesjonsutdanningane.
Sigurd Haga
OsloMet

I akademia, som elles i demokratiske, opplyste samanhengar, er idealet informerte avgjerder. For å forstå dei tilgrunnliggande motsetnadene, og kva som står på spel i denne konkrete saka, må vi difor gå bak usemja slik den framstår.

Eg deler erfaringane og analysen til Bjarnø og Døving; at mange som har formell vurderingskompetanse, «rett og slett ikke forstår» at det finnes avgjerande faglege og kulturelle skilnader mellom universitetets forskarutdanning og dei yrkesorienterte profesjonsutdanningane. Og at dette pregar tenkemåten, synet på kunnskap, vitskap og utdanning. Og vår fagutøving.

I denne saka tyder ingenting på at desse skilnadene, og maktubalansen mellom dei ulike tenkemåtane og fagkulturane, er erkjent av dei med vurderingsmakt. Dermed blir kombinasjonen av formell makt og manglande forståing ein potensielt skadeleg mix. Skadeleg for profesjonsutdanningane som blir påført ei misforstått akademisering og ugreie konfliktar. (lenke - til «Konfliktene ved fysioterapi er påført utefra»). Og skadeleg for OsloMet, fordi fagleg sjølvrefleksjon, det å ha eit reflekterande forhold til eigen tenkemåte og praksis, er eit kjenneteikn ved det å vera eit universitet i vårt samfunn.

Elimineringa av førstelektor/dosentstigen og av forslaget om praksisprofessor er i tråd med ein hegemonisk tatt-for-gitt-tenkemåte, med eit avgrensa vitskaps-og forskingsomgrep. Denne tenkemåten har ramma profesjonsutdanningsinstitusjonen OsloMet på ein svært uheldig måte. Ved å ha hand om vurderingskriteriene til toppstillingane, har definisjonsmakta over utdanningskvalifiseringa og fagutviklinga blitt overtatt av dei som «rett og slett ikke forstår» profesjonsutdanningane sin eigenart. Alternativet er to likeverdige kvalifiseringsløyper.

Tesen er at den aktuelle striden om kvalifiseringsløypa botnar i ein strid mellom tilgrunnliggjande ulike tenkemåtar, mellom ulike fag- og kunnskapssyn. Og at dei ulike tenkemåtane har ulik status. Det har ikkje blitt problematisert. I den grunnleggjande fag- og vitskapsdebattens fråvær har ein utbreidd «tatt-for-gitt-het»; at forsking har ein overposisjon samanlikna med utdanningsverksemda, fått styre utviklinga. Ikkje minst er tilstrøyminga (fusjonane) av forskingsinstitusjonar til HiOA, for å bli universitet, eit uttrykk for den tenke- og målforskyvinga som har skjedd etter 1994.

Det mest konstruktive vi nå kan gjera, slik eg ser det, er å lytta til «dei som er tettast på utdanningane», til den løysinga som t.d. Bjarnø, Døving og Hilde Larsen Damsgaard (lenke), peikar på: Eit likeverdig alternativ til forskingsuniversitetets professorløype.

Behovet for ei likeverdig kvalifiseringsløype, på profesjonsutdanningane sine premissar, burde vera ei av profesjonsuniversitetets fremste oppgåver. Skal vi lykkast med ei slik løype, må vi lære av våre erfaringar: Vi må m.a. sørge for at «nissen ikkje blir med på lasset». Det kan vi unngå ved å ikkje bruke den hevdvundne universitetstittelen professor, som forskingsuniversitetstradisjonen krev eigedomsretten til (og som Bjarnø påpeiker; blir oppfatta som «hellig»).

Mitt forslag er PRAKTOR, som eit likeverdig alternativ til PROFESSOR. Omgrepet praktor er inspirert av praxis (jfr. poiesis-praxis) og knyter an til ein 2400 år gamal akademisk tenketradisjon. I tråd med denne tradisjonen blir praktor eit omgrep for den erfarne, reflekterande og kloke praktikaren.

Eit praktorgradsystem forutset eit (delvis) alternativt meritteringssystem. Det må både legge vekt på å dokumentere relevante ferdigheter og praktisk (fronesisk) kunnskap og ivareta tradisjonelle vitenskapskrav. Det betyr at den anerkjente forskingsbaserte kunnskapen blir like viktig enn før. Og må sjølvsagt ivaretas, også dens kommentatorkompetanse. Men ikkje gis ein overordna posisjon.

Kravet om reflekfektert erfaring gjer at praktorgraden, til skilnad frå dei kursbaserte doktorgradene, oppnås seinare i fagpersonens livsløp. Paktorgradsløpet liknar i så måte meir på dr.philos-graden, men praktorgradssystemet bør ha ein struktur som betre ivaretar kandidatane og utviklinga av profesjonskulturen.