universitetet i oslo
Ønskjer seg ein ny periode som vitskapsombod
Knut Ruyter var Noregs første vitskapsombod. No ønskjer han seg ein ny periode.
Det er berre Universitetet i Oslo (UiO), OsloMet og Universitetet i Stavanger (UiS) som i dag har vitskapsombod. Desse stillingane er oppretta for å kunne handtera forskingsetiske problemstillingar.
Som Khrono tidlegare har skrive, har dei tre omboda til saman handsama rundt 150 saker. Trine B. Haugen, som er vitskapsombod ved OsloMet, har sagt til Khrono at det slett ikkje berre er saker frå hennar eige fakultet som kjem til henne.
Ein annan søkjar
UiO var først ute, og Knut Ruyter det første vitskapsombodet der. No søkjer han seg til ein ny treårig åremålsperiode. Uniforum skriv at det er lyst ut to stillingar som vitskapsombod i førti prosent stilling, men at det er mogleg at ein person kombinerer desse to - slik Ruyter gjer i dag.
Den eine stillinga er for mednat-fag, altså medisin og naturvitskap, medan den andre er for samfunnsfag og humaniora.
Ruyter har søkt begge dei to stillingane. I tillegg har Niels Christian Danbolt søkt stilling ved mednat.
Institutt for klinisk medisin er ikkje med i ordninga, dei har eit forskingsombod som dei deler med Oslo universitetssjukehus og Ahus.
Trudde det ville flata ut
Eit vitskapsombod er ifølgje utlysningsteksten ein uavhengig bistandsperson som har som oppgåve å gi rettleiing og råd til vitskapelige tilsette som er i ein forskingsetisk problematisk situasjon. Ombodet kan også opptre som uformell meklar.
Då Khrono snakka med Ruyter sommaren 2020 sa han at han det siste halve året hadde handsama rundt 70 saker. Medforfattarskap var eitt av temaa, men han hadde òg vore borti saker om mellom anna plagiering, underkjenning av doktorgrad og handtering av forskingsdata.
— Nokon tenkte nok at vitskapsombodet ville oppleva eit oppsving av saker heilt i starten - at det hadde samla seg uløyste saker, og at det så ville flata ut. Men det har jo ikkje vore tilfelle, sa Ruyter.
Nyeste artikler
Informasjon om studenter som strøk lå åpent i fem år
Joakim er én av ti svensker som får stipend til EU-prestisjeskole. Norge har kuttet sine stipender
Har varslet behov for å kutte opp imot 100 årsverk. Kun åtte får tilbud om sluttpakke
Tilbake til penn og papir?
Hva vil vi med barnevernspedagogutdanningen?
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Juss-nestor mener Kjerkols fuskesak må behandles på nytt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024