korona

Ønskjer ei relansering av studieåret

Universitetet i Bergen ønskjer ein ny studiestart i januar, med fleire sosiale treffpunkt for studentane kvar veke.

Slik var fadderveka i august. Therese Eide, Katrine Inderberg og Petter Bjørklund stilte som faddervakter med fokus på smittevern. No håpar UiB at studentane kan få ein ny start frå januar, og håpar studentane kjem attende etter juleferie.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Heimestudering, heimeeksamen, heimlengsel.

Hausten har vore tøff for mange studentar. Spørsmålet er korleis våren vert. Det var tema då Universitetet i Bergen (UiB) hadde styremøte torsdag. Styret vedtok mellom anna å forlenga den mellombelse korona-forskrifta heilt fram til 1.oktober neste år.

Viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, var tydeleg på at UiB no ønskjer ein ny start i januar. Ho har site i ekspertgruppa Kunnskapsdepartementet sette ned for å sjå på studentane sin situasjon under pandemien.

— Me har sagt at studentane bør kunne vera på campus når opp til tretti prosent av smittetilfella har ukjent smitteveg. Det bør til dømes vera mogleg å ha noko undervisning, i alle fall i mindre grupper, sa Samdal i møtet, og la til:

— I Bergen denne hausten har mellom tjue og tretti prosent av smittetilfella hatt ukjent smitteveg. Men det er når det er ukontrollert smitte ein bør stenga campus.

Ny start

Hausten byrja bra, med fint vêr under fadderveka. Men det tok ikkje lang tid før det var fleire smitteutbrot blant studentar i Bergen, særleg ved Høgskulen på Vestlandet og Norges Handelshøyskole. I september vart det nedstenging i nokre veker, og dei siste vekene har dei aller fleste vore attende på heimekontor. Eksamen er i dei fleste tilfelle gjort om til digital eksamen, og strenge reglar for sosial kontakt gjer at mange vert sitjande åleine.

Samdal sa i møtet at planen no er ei relansering av studieåret, med ei forsterka mentorordning, frå januar. Mentorane kan vera både røynde studentar og tilsette, og dei skal kunne svara på spørsmål og vera til støtte ved fleire sider av studentlivet, ikkje berre det faglege.

— Me vil relansera ordninga som eit tilbod for førsteårsstudentane med fleire samlingar per veke dei første par vekene, skriv Samdal i ein sms til Khrono.

Vil studentane helst vera heime?

Men kan ein rekna med at studentane vil koma til Bergen? Studentrepresentant Cora Møller Jensen spurte om UiB kan krevja at studentane er i byen.

Studentrepresentant Cora Møller Jensen er oppteken av studentane si psykiske helse og av at mange er einsame denne koronahausten.

— Mange har berre hatt eit digitalt opplegg i haust, og slik situasjonen er no, kan ikkje universitetet garantera at ein får den fysiske undervisninga som er sett opp. Mange studentar sit einsame, og for dei vil det kanskje vera lettare å flytta heim til familien, sa Jensen, og peika òg på det økonomiske perspektivet.

— Eg trur ikkje me vil få ei masseutflukt, la ho til.

— For dei fleste vil det vera mogleg å studera heimefrå, sa Samdal, og peika på at det først og fremst er profesjonsutdanningane som har obligatorisk undervisning.

Svar på eksamensform før jul

UiB har gjort hundre undervisningsrom digitale, slik at det i mange tilfelle vil vera mogleg å følgja undervisninga digitalt for studentar som er i risikogruppa. No vedtok styret at det òg skal setjast i verk tiltak for å ta vare på studentar som har psykososiale utfordringar i ein krevjande studiesituasjon.

Studentrepresentant Gard Skulstad Johanson, som til humring frå rektor Dag Rune Olsen snakka om «dalene oppi der» når tema var studentar som reiser heim, tok til orde for at fysisk eksamen på campus ikkje bør vera obligatorisk. Studentrepresentantane var òg opptekne av at ein så tidleg som råd bør få vita kva eksamensform ein skal ha.

Styret vedtok at endeleg svar på dette spørsmålet skal koma seinast fire veker før oppsett eksamensdato. Men allereie før jul skal det sendast ut informasjon om korleis ein tenkjer at eksamen vert neste semester.

Powered by Labrador CMS