korona

Atten studentar smitta ved Høgskulen på Vestlandet

Institutt for økonomi og administrasjon avlyser all campusundervisning i ei veke etter at atten studentar har fått påvist koronavirus.

Mellom 400 og 500 studentar må halda seg heime og får digital undervisning den neste veka.
Mellom 400 og 500 studentar må halda seg heime og får digital undervisning den neste veka.
Publisert Oppdatert

Oppdatering mandag 24. august kl 14.15: Det er nå meldt om 18 smittede ved Høgskulen på Vestlandet, ifølge Studvest. Rektor ved HVL, Berit Rokne, bekrefter overfor avisen at 18 smittede er tallet høgskolen opererer med internt, basert på opplysninger fra studentene. Det offisielle tallet som er bekreftet av smittevernmyndighetene er 12.

– Denne økningen er ikke uventet. Det viktigste budskapet nå er at alle overholder avstandskravene og de øvrige smittevernsreglene, sier Rokne.

Oppdatering lørdag 22. august klokken 14.45: Det er nå meldt om ytterligere tre smittetilfeller i Bergen, ifølge Bergens Tidende. De tre skal være studenter ved HVL, og tallet smittede studenter er nå oppe i elleve. Denne artikkelen er oppdatert med de nye tallene.

— Me avlyser all vår undervisning på campus i dag og neste veke, seier Tom Skauge til Khrono fredag føremiddag.

Skauge er instituttleiar ved Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet. Instituttet held til ved høgskulen sin campus i Bergen.

VG melde fredag morgon at to studentar har fått påvist koronavirus, og at studentane difor vart bedne om å halda seg heime. Fredag føremiddag har talet stige til sju, og fredag ettermiddag kom meldinga om at endå ein student har fått påvist smitte. Laurdag ettermiddag er talet stige til elleve.

Det var studentane sjølve som varsla høgskulen om at nokre av dei var smitta.

Same faddergruppe

Nina Michelsen, assisterande instituttleiar, seier til Bergens Tidende at dei sju studentane er ein del av same faddergruppe på omlag 15 studentar. Ho seier òg at alle i den aktuelle faddergruppa vil verta testa fredag.

Skauge seier til Khrono at undervisninga ikkje er avlyst, men vert digital i staden.

— Dette gjer me for å vera føre var, det er utanfor det me er pålagt.

— Fryktar de at hausten vert slik at ein må kasta seg rundt på kort varsel?

— Me håpar ikkje det.

Ikkje uventa

Rektor Berit Rokne seier i ei pressemelding at høgskulen er i god dialog med smittevernkontoret i Bergen kommune.

— Me samarbeider med dei når det gjeld å få stadfesta talet på smitta stundetar, og me samarbeider om vidare oppfølging og avklaringar, seier Rokne.

Til Khrono seier Rokne at utbrotet ikkje kjem uventa.

— Eg trur me må forventa lokale utbrot, sjølv om det kanskje har vore ein spesiell situasjon no kring studiestart. Studentar har møtt kvarandre og vore saman over tid - men det skal jo studentar gjera, seier Rokne.

— Fryktar de at fleire enn desse sju vil få påvist smitte?

— Det kjem an på kor mange nærkontaktar dei har hatt, men det er ikkje usannsynleg, seier Rokne, og peikar på kor viktig det er med smittevern.

Dei sju tilfella er dei første høgskulen har hatt dette semesteret.

Rektor Rokne seier at all annan aktivitet går som normalt. Fredag føremiddag var det digitale informasjonsmøte for studentar og tilsette ved instituttet.

Fadderarrangement avlyst

Denne helga skulle dei siste arrangementa i fadderveka ved HVL arrangerast. Det er snakk om totalt tre arrangement. Desse er no avlyst, seier Bjørn Olav Østeby, fadderleiar ved HLV Bergen, til BT.

Han seier at han har oversikt over kva arrangement den aktuelle faddergruppa har vore med på, og jobbar med namnelister som leiinga ved høgskulen skal gi vidare til kommunen sitt smittevernkontor.

Smitte ved fleire universitet

Universitetet i Bergen har sidan semesterstart hatt to tilfelle av koronasmitte blant studentar. Her er nærkontaktar av dei to, som begge studerer ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet, sett i karantene.

Også ved NTNU har det vorte påvist smitte blant studentar, og i Aarhus i Danmark fekk fem studentar påvist smitte etter eit fadderarrangement.

(Saka er oppdatert 21.8 kl 10.50 med informasjon frå Nina Michelsen og kl 11.41 med kommentarar frå Berit Rokne. Deretter kl 12.38 med fleire kommentarar frå Rokne og informasjon om fadderveka. Oppdatert kl 14.03 med informasjon om at det er åtte studentar som er smitta)

Powered by Labrador CMS