Koronautbrotet i Bergen

Innfører strengare koronatiltak i Bergen

Universitetet og alle høgskular ber tilsette som har moglegheit til det om å arbeida heime fram til 18. september på grunn av smittesituasjonen i Bergen.

Fram til 18. september skal alle tilsette ved Universitetet i Bergen jobba heimanfrå. Foto: Dag Hellesund
Fram til 18. september skal alle tilsette ved Universitetet i Bergen jobba heimanfrå. Foto: Dag Hellesund
Publisert Oppdatert

Dei siste vekene har talet på koronasmitta i Bergen stige raskt.

Utbrotet starta mellom studentane i byen, men etter kvart har smitten spreidd seg til større delar av samfunnet.

Under ein pressekonferanse tysdag ettermiddag innførte byrådet i Bergen strenge tiltak for å få bukt med den aukande smitten.

Mellom anna la dei ned forbod mot samlingar med fleire enn ti personar i privat regi, og forbod mot offentlege arrangement med meir enn 50 personar.

Byrådet bad alle også tilsette i kommunen som kan ha heimekontor om å ha det fram til og med 18. september. Dei oppmoda også andre offentlege verksemder om det same.

Tysdag kveld fylgde utdanningsinstitusjonane i byen etter.

Avlyser praksis, ber tilsette ha heimekontor

Universitetet i Bergen sende ut melding til alle tilsette klokka 21.26, der dei ber alle som kan han heimekontor om å nytta seg av det dei neste ti dagane.

Dei tilsette som treng å vera på fysisk på campus for å gjera jobben sin, får høve til det. Det same gjeld studentar som treng å vera på lærestadene for å studera.

Onsdag vil universitetet leggja om til digital undervisning.

Samstundes vert all praksis som studentar skulle ha i Bergen kommune avlyst til og med 18. september.

Universitetet tilrår også at alle større arrangement vert gjort digitale eller vert avlyste.

Så langt er 38 studentar ved Universitetet i Bergen smitta etter semesterstart i haust.

NHH ber dei som kan vera heime

NHH sende tysdag kveld ut ei pressemelding og melding til dei tilsette der dei ber alle som har høve til det om å ha heimekontor til og med 18. september. Samstundes vil den digitale undervisninga gå som planlagt.

Geir Mikalsen er direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved Norges Handelshøgskole
Geir Mikalsen er direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved Norges Handelshøgskole

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved Norges Handelshøgskole, Geir Mikalsen, stadfester overfor Khrono at NHH forlengjer avlysinga av all fysisk aktivitet til og med neste veke.

— Etter dagens melding frå byrådet i Bergen, gjer vi to grep på NHH. Det eine er at me forlengjer perioden med avlyst fysisk undervisning, medan det andre er at alle tilsette som kan ha heimekontor, skal ha det i ein periode på ti dagar frå og med i morgon av, seier Mikalsen seint tysdag kveld.

Han informerer vidare at talet på smitta NHH-studentar no er oppe i 134.

På spørsmål om han ser på NHH som eit «svart får» i samband med smitteoppblomstringa i Bergen den siste tida, svarer Mikalsen følgjande:

— Det er eit veldig godt spørsmål. Dei reine faktaa fortel oss at ein stor del av dei smitta i Bergen høyrer til NHH, så det kjem me ikkje utanom. Me synest heile situasjonen er lei, men fyrst og fremst er eg lei for dei studentane som er smitta og som må vera i isolasjon og karantene, seier Mikalsen, og held fram:

— Samstundes har studentane og dei tilsette ved NHH teke situasjonen veldig alvorleg, og no gjer me det me kan for å bidra i dugnaden som Bergen kommune var inne på under pressekonferansen i kveld.

Høgskulen på Vestlandet avlyser

Berit Rokne, er rektor ved Høgskulen på Vestlandet
Berit Rokne, er rektor ved Høgskulen på Vestlandet

Rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Berit Rokne, seier til Khrono at dei i likskap med Universitetet i Bergen (UiB) og NHH avlyser all fysisk undervisning på campus dei neste ti dagane.

— Samstundes ynskjer me at dei som har moglegheit til å arbeida heimanfrå, gjer nettopp det, informerer Rokne.

Ho legg til at campus ikkje vil verta fysisk stengd, og at nokre studentar nok kjem til å vera tilstades sjølv om det ikkje er fysisk undervisning. Totalt er 36 studentar ved HVL smitta dette semesteret.

Alt vert digitalt ved NLA

Ved NLA Høgskolen i Bergen vert all undervisning flytt over til digitale flater frå og med onsdag 9. september til og med 18. september.

Høgskulen ber også alle tilsette som kan om å arbeida heimanfrå i same perioden.

Dei siste dagane har NLA fått melding om at fem fyrsteårsstudentar ved høgskulen har testa positivt for covid-19.

VID Bergen avlyser

Også VID vel å avlysa all planlagd fysisk undervisning frå og med 9. september, i tråd med smitteverntiltaka til Bergen kommune.

VID skriv at dette også inneber all øving på øvingspost, skriv dei på nettsidene sine. Også dei ber alle tilsette som kan, om å ha heimekontor.

11 smitta ved BI

Ved BI sin campus i Bergen er 11 studentar stadfesta smitta med koronaviruset. 21 studentar er sette i karantene, skriv NRK Vestland.

På same måte som dei andre studiestadane i Bergen, har også BI valt å avlyse all fysisk undervising i 10 dagar som følgje av kommunen sine tiltak.

09.09.20: Saka er oppdatert med informasjon frå VID Bergen og BI