Debatt håvard teigen

Omlokalisering av campusar: Eg har rett

Statsbygg svarar ikkje på påstand om juksing med fakta, skriv Håvard Teigen.

Professor emeritus Håvard Teigen meiner Statsbygg juksar med fakta for å dokumentere at det er samfunnsøkonomisk lønsamt å flytte campus i Lillehammer til sentrum.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I ein artikkel 13. juli dokumenterer eg at Statsbygg har juksa med fakta for å grunngje flytting av campus i Lillehammer. Så spør eg om Statsbygg forstår samfunnsoppdraget sitt slik at dei skal omlokalisere store delar av høgskule- og universitetssektoren ved å tilrå flytting frå campusar utanfor bykjernen.

Kommunikasjonsdirektøren i Statsbygg svarar at, nei, dei har ikkje fått i oppdrag å omlokalisert, for så i neste augneblinken å sitere følgande frå det dei oppfattar som samfunnsoppdraget: «Utbyggingsmønster og transportsystem bør fremje kompakte byar og tettstadar (...)»

Altså har eg rett. Det er nettopp denne delen av samfunnsoppdraget Statsbygg har vorte så glade i. Men det oppsiktsvekkande ved innlegget til kommunikasjonsdirektøren er at ho ikkje svarar på – skal vi kalle det den sterke påstanden min:

at Statsbygg juksar med fakta for å dokumentere at det er samfunnsøkonomisk lønsamt å flytte campus i Lillehammer til sentrum.

Ut frå det siterte samfunnsoppdraget (henta frå klimaforliket) blir det nemleg sterkare grunngjevingar for flytting dersom høgskulen ligg for seg sjølv i byens periferi.

Statsbygg skriv i rapporten sin at høgskulen på Lillehammer ligg ute på landsbygda (5 km frå sentrum!) – heilt for seg sjølv med berre nokre små produksjonsbedrifter innan 5 min gonge frå campus.

Kan Statsbygg stadfeste eller avkrefte at «påstanden» min er feil?

Håvard Teigen, professor emeritus ved Høgskolen i Innlandet

Min påstand er at dette er forfalsking av fakta. Fakta er at høgskulen er hjørnesteinsverksemda for ei stor klynge av institusjonar og bedrifter, deriblant forskingsinstitutt, NRK-innlandet og ca. 20 andre bedrifter av alle slag.

Kan Statsbygg stadfeste eller avkrefte at «påstanden» min er feil? Kan Statsbygg verkeleg leve med at dette står uimotsagt? Og dersom dei ikkje svarar: Kan Khrono ta faktasjekken?

Når fakta har kome på plass, kan vi føre ein fagleg diskusjon om samfunnsøkonomisk lønsemd. Reknestykket blir nemleg heilt ulikt om det berre er ei enkeltbedrift som blir sentralisert, versus at ei klynge blir sprengt i filler ved at hjørnesteinsbedrifta blir flytta.

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS