Debatt ● seks leiarar i akademia
Ny regjering: Redusert sosial ulikskap må bli eit satsingsområde innan høgare utdanning og forsking.
Regjeringsplattforma må adressere rolla utdanningssystemet kan spele i å motverke utanforskap og polarisering.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Vi har bak oss ein valgkamp prega av merksemd mot tilgangen til høgare utdanning i distrikta. Det er – for dei av oss som har vært opptekne av dette lenge – bra og viktig.
Ved OsloMet gjorde vi utgreiingar og sette saka på dagsorden for nesten ti år sidan (sjå t.d. Høgskolenes betydning for regional rekruttering til næringsrettede profesjonsyrker). Utgreiingane viste korleis lærestadane i stor grad rekrutterte regionalt, og at dei uteksaminerte i stor grad gjekk inn i den regionale arbeidsmarknaden.
Dette gjaldt både velferdsprofesjonsutdanningane (som lærar, førskulelærar, sosialt arbeid og sjukepleie) og næringsretta profesjonsutdanningar (som teknologi-, ingeniør- og økonomisk-administrative fag.
Og dette gjeld ikkje berre lærestadar i distrikta, også utdanningsinstitusjonar i byområde har stor regional betydning, for OsloMets vedkommande handlar det særleg om betydninga vår i Akershus – og i alle Oslos bydelar.
Samstundes er det avgjerande at spørsmålet om tilgang til høgare utdanning vert sett inn i ei forståingsramme som omfattar sosial ulikskap i brei forstand. Negative og samspelande prosessar i retning av økonomisk ulikskap, segregering, og tilgang til og bruk av høgare utdanningsinstitusjonar har heilt klart ein distriktsdimensjon, men det har i minst like stor grad betydning i Oslo og andre større byområde.
Ingen stader i landet finn ein så stor økonomisk ulikskap som i Oslo. I tillegg er byen prega av sterk sosioøkonomisk bu-segregering, med tilhøyrande segregering av sosiale nettverk, blant anna i utdanningssystemet. Og fattigdom og økonomisk ulikskap er i Norge tett kopla til innvandrarbakgrunn. Dette er særleg synleg i Oslo, som har ei stor innvandrarbefolkning.
Dermed inneber arbeidet for redusert ulikskap også satsing på auka etnisk mangfald i utdanningane. Dette gjeld ikkje minst OsloMet, som utdannar profesjonar som møter ei befolkning med eit stort mangfald knytt til kultur, bustad, religion, utdanning, språkferdigheiter, alder, kjønn og seksuell orientering.
Dette må både få konsekvensar for tiltak for å auke rekrutteringsgrunnlaget til einfaldige utdanningar, og for koordineringa av tiltaka mellom utdanningsinstitusjonane sjølve og dei mange etatar som i dag har delansvar og merksemd retta mot delpolitikk-område (som innvandring og likestilling). Men det bør også, for dei utdanningane som allereie rekrutterer relativt breitt, som økonomisk-administrative utdanningar, også medføre ein diskusjon om utdanningskapasiteten.
Ingen stader i landet finn ein så stor økonomisk ulikskap som i Oslo. I tillegg er byen prega av sterk sosioøkonomisk bu-segregering, med tilhøyrande segregering av sosiale nettverk, blant anna i utdanningssystemet.
Innleggsforfatterne
Til dømes er det nok reelt sett slik at alternativet for ungdom med innvandrarbakgrunn som søkjer økonomisk-administrative utdanningar ved OsloMet, ikkje er Nord Universitet, men betalstudium ved BI. Og både vi og styresmaktene bør trappe opp campus-satsingar som plasserer oss i direkte samhandling med befolkninga, spesielt dei unge, i område som er under-representerte i høgare utdanning.
Vi er difor godt nøgde med at OsloMet, i sitt innspel til langtidsplanen for forsking og utdanning, nettopp har foreslått at han i større grad gjer sosial ulikskap til eit satsingsområde. Den noverande planen er relativt sterk på mangfald og velferdsstatens berekraft, men svakare på sosial ulikskap.
Norge (og Norden) har gjennom mange tiår vore prega av ein unik kombinasjon av relativt låg sosial ulikskap, relativt sterk konkurranseevne og høg grad av tillit mellom borgarane og til staten. Denne modellen er no under press, og i eit omfang det er tverrpolitisk semje om er problematisk.
Langtidsplanen bør difor rette sterkare merksemd mot forholdet mellom sosial ulikskap, integrasjon og deltaking, med tilhøyrande tydeleggjering av kva konsekvensar dette bør få år for utdanningssystemet, forsking og det offentlege ordskiftet. Og Oslos bydelar er her ein sjølvsagt arena for å produsere kunnskap om korleis auka mangfald kan gå saman med redusert sosial ulikskap – og befolkninga der må ta del i denne kunnskapsproduksjonen.
Internasjonalt er auka sosial ulikskap ofte para med polarisering og sosial og politisk desintegrasjon, i eit medielandskap prega både av maktkonsentrasjon og diffusjon i form av sjølvstadfestande meiningssegment i nye sosiale media. Også her har Norge tradisjonelt hatt institusjonelle ordningar som har oppretthalde ei differensiert presse og lokale media og møtestadar som gjev meiningsbryting og -korreksjon i menneska sine nærmiljø.
Men også hos oss er det erosjonstendensar. Forsvaret og ombygginga av desse institusjonelle ordningane må derfor styrkast gjennom auka forsking og kunnskap om tilhøvet mellom sosial ulikskap, offentleg meiningsdanning og polarisering. Og det må stillast nye og sterkare krav til utdanningssystemet og rolla vi kan spele i å gje medborgarane våre auka medie- og informasjonskunnskap som igjen kan motverke utanforskap og polarisering.
Dersom desse diagnosane har noko føre seg, bør det få konsekvensar for tiltak og opptrappingsplanar i den nye langtidsplanen. Og ein god start på å adressere det, ville vere den nye regjeringsplattforma.
Innlegget er signert av disse seks lederne i akademia:
- Oddgeir Osland, dekan, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet
- Nathalie Hyde-Clarke, prodekan
- Tor Arne Dahl, instituttleiar, Institutt for arkiv-, bibliotek- og administrasjonsfag
- Anne Britt Djuve, instituttleiar, Institutt for sosialfag
- Jørgen Modalsli, instituttleiar, Handelshøyskolen ved OsloMet
- Anne Hege Simonsen, instituttleiar, Institutt for journalistikk og mediefag