NTNU-professor Frøland blir ein del av leiinga som han ikkje har tillit til
Nye institutt. Professor Hans Otto Frøland har tvilt seg fram til å seie ja til å bli kst.instituttleiar på eit av dei to nye historiske institutta ved NTNU. Dermed blir han ein del av leiinga som han sjølv ikkje har tillit til.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
(Saka er oppdatert kl. 12.47 med kommentarar frå dekan Anne Kristine Børresen og kst. instituttleiar Erik Opsahl).
Sentrale personar på kvar si side av den spissa konflikten ved det tidlegare Institutt for historiske studier (IHS) ved NTNU får sentrale posisjonar på Det humanistiske fakultet (HF).
Professor Frøland har vore ei tydeleg røyst og kritisk til NTNU-leiinga si handtering av arbeidsmiljøproblema og faktaundersøkinga ved det tidlegare Institutt for historiske studier (IHS).
Likevel takka han rett før helga under tvil ja til å bli konstituert som instituttleiar for det som enno berre er kalla Institutt Y. Erik Opsahl, som var nestleiar på det tidlegare samla instituttet IHS, er konstituert leiar på det som førebels er Institutt X.
Tilliten min til leiinga har ikkje endra seg. Men eg har sagt ja til å gå inn i ein prosess der tillit kan byggast opp igjen.
Hans Otto Frøland
Både Opsahl og Frøland skal sitte i leiargruppa til dekan Anne Kristine Børresen frå dags dato då dei i praksis startar med å vere to separate institutt.
Frøland er også leiar for forskingsgruppa Fate of Nations, ei gruppe som tidleg blei skulda for å ha størst objektivt ansvar for konfliktene ved det gamle samla instituttet.
Sa først nei, men ombestemte seg
Frøland sa først nei til førespurnad frå dekan Anne Kristine Børresen om å bli mellombels leiar for det nye instituttet. Men etter eit møte med prorektor Bjarne Foss sist fredag ombestemde han seg.
— Det er ikkje lenge sidan du igjen sa at du ikkje har tillit til dekan Anne Kristine Børresen. No blir ho din næraste leiar. Kva har endra seg som har gjenreist tilliten?
— Tilliten min til leiinga har ikkje endra seg. Men eg har sagt ja til å gå inn i ein prosess der tillit forhåpentlegvis kan byggast opp igjen, seier Frøland til Khrono.
Så seint som 6.desember i år blei det kjent at Frøland og fleire andre ved instituttet han no skal leie hadde skrive brev til NTNU-styret og kritisert prosessen rundt oppbygginga av dei to nye institutta, ein prosess dei meinte ikkje er i tråd med styret sine intensjonar.
Habilitetsproblem
I brevet tek brevskrivarane frå Institutt Y også opp det problematiske i at nettopp deira tidlegare kollega ved instituttet og dekan ved fakultetet gjennom dei siste seks konfliktfylte åra ved IHS, er den som skal handtere prosessen med å bygge opp att to institutt med dei same personane som har stått i konflikt medan ho har vore dekan og øvste ansvarlege.
Børresen blei sett til side i handteringa av arbeidsmiljøkonflikten ved instituttet i april i år på grunn av habilitetsproblem. Det var også habilitetsproblem ved fakultetet i høve handteringa som gjorde at ansvaret for instituttet blei overført frå fakultetet og direkte til rektor.
— Har de meir tillit til prosessen rundt opprettinga av institutta no, enn før de skreiv brevet til styret?
— Eg har meir tillit til prosessen no, både etter å ha lest styreleiar Svein Richard Brandtzæg sine utsegner i media og etter møte med prorektor Bjarne Foss før helga. Eg har større tru på at begge institutta blir likebehandla. Eg har håp til prosessen, seier professor Frøland. Og han legg til:
— Eg har lenge meint og foreslått forsoning, og eg meiner likebehandling og avklart arbeidsdeling er avgjerande for å få det til. Eg vil halde eit vakent auge på likebehandlings- og arbeidsdelingsproblematikken, seier han og lovar å bidra det han kan sjølv.
— Eg skal bidra det eg kan. Eg har fått sterke signal om at eg var ønska som instituttleiar og då skal ein ha ein tungtvegande grunn til å seie nei. Det er fleire grunnar til å seie nei personleg, men dette handlar om å sikre at føresetnadane er gode for å drive med produktiv fagutvikling også på institutt Y. Berre då kan dei to institutta finne sammen igjen ein gong i framtida, seier han.
Leiar Opsahl på Institutt X skal gjere sitt beste for samarbeid
Konstituert instituttleiar på Institutt X, Erik Opsahl, har trua på prosessen som no er i gang ved dei to nyoppretta institutta og er glad for at Frøland takka ja til den mellombelse instituttleiar-jobben.
— Med mellombelse leiarar på begge institutt, og innplassering av tilsette er på plass, går vi inn i ei ny fase der vi kan konsentrere oss om å oprette arbeidsmiljøet på nytt og å drive god forsking og utdanning. Det ser eg fram til. Eg har tru på at vi gradvis skal klare å opprette eit godt arbeidsmiljø på nytt og fortsatt levere gode resultat både på forsking og undervisning, skriv Opsahl til Khrono i ein e-post. Han legg til:
— Eg er glad for at Hans Otto Frøland har sagt ja til jobben som konstituert instituttleiar på det andre instituttet, og eg skal gjere mitt beste for å få til eit godt samarbeid.
Rektor med full tillit til dekanen
Rektor Anne Borg, som fram til fredag har vore konstituert rektor, har sidan i september hatt det formelle ansvaret for prosessen for å gjenopprette eit forsvarleg arbeidsmiljø og for å omorganisere Institutt for historiske studier. Ho har delegert jobben med å finne nye instituttleiarar og programrådsleiarar til nettopp dekan Anne Kristine Børresen.
— Kva tenker du om arbeidet du no har fått ansvaret for om å restituere arbeidsmiljøet på og mellom dei to nyoppretta institutta for historiske studier?
— Vi har lagt bak oss ei krevjande periode. No ser vi framover. Eg har tru på at vi i leiinga på fakultetet og dei to nye institutta skal klare å samarbeide om alt det som no skal på plass for å bygge to nye institutt og gradvis opprette arbeidsmiljøet på nytt. Sjølv om ansvaret no blir tilbakeført til oss, vil vi få naudsynt bistand frå nivå 1 (den øvste leiinga, journ. anm.) på NTNU, skriv Børresen til Khrono i ein e-post.
Styreleiar Svein Richard Brandtzæg har ope kritisert NTNU-leiinga for dårleg konflikthandtering, mellom anna i saka ved historisk institutt.
Rektor har full tillit til Børresen
Styreleiaren sin kritikk rammar både Anne Borg og Anne Kristine Børresen som begge har vore ein del av leiargruppa til tidlegare rektor Gunnar Bovim sidan 2013.
Same dag som universitetsstyret gjekk til det uvanlege steget å legge ned eit institutt for så å opprette to nye fordi fleire av dei tilsette ikkje kan samarbeide, sa Anne Borg til Khrono at ho meinte kritikken var på sin plass.
Til Universitetsavisa la ho også til at ho hadde full tillit til dekan Anne Kristine Børresen då UA spurde om leiinga si dårlege handtering av konflikter ville få nokre konsekvensar for einskilde tilsette.
— Det vil jeg ikke spekulere i nå. Vi har en instituttleder som har gått. Jeg tar den videre samtalen om det med styreleder. I etterpåklokskapens lys kan man se at ting kunne og burde ha vært gjort annerledes, men dette er noe vi må komme tilbake til. Når det er sagt, vil jeg understreke at jeg som konstituert rektor har full tillit til dekanen på HF, Anne Kristine Børresen, sa Borg til UA.
Når Khrono spør Børresen om ho no har tillit til å setje i gang i arbeidet med å restituere arbeidsmiljøet på og mellom dei to nyoppretta historiske institutta, så svarer ho:
— Eg har tillit frå rektor. Eg opplever også tillit frå mange av medarbeidarane på tidlegare IHS. Så er det ingen tvil om at det også finst medarbeidarar som ikkje har tillit til meg. Den må eg via ulike prosessar saman med leiinga på dei to nye institutta jobbe for å etablere på nytt.
Borg eit førebilde
Borg og Børresen har også samarbeida nært før dei satt i leiinga saman. I eit intervju frå fleire år attende sa Børresen til Universitetsavisa (2004) at Anne Borg som hadde vore mentoren hennar, var ein av hennar store førebilde:
— Nå er det min tur til å inspirere og motivere til faglig prestasjon og utvikling. Håkon With Andersen lærte meg at det meste kan bli interessant hvis det presenteres med entusiasme. Et annet forbilde er professor Anne Borg ved Institutt for fysikk, som var mentoren min gjennom NTNUs mentorprogram. På hvert sitt vis har de betydd mye for min utvikling som akademiker. Jeg håper at jeg i hvert fall kan bringe noe av det videre til neste generasjons akademikere, sa ei ung Børresen den gongen.
Tilsette ved Institutt Y gjorde i brev til styret framlegg om at nettopp Håkon With Andersen burde bli deira nye instituttleiar, han hadde også sagt seg villig til det, men slik blei det altså ikkje. With Andersen er no professor emeritus og mellom anna tidlegare dekan på Humanistisk fakultet.
Påtroppande konstituert instituttleiar Frøland seier at han er førbudd på å vere instituttleiar fram til sommaren medan ein fast instituttleiar skal bli rekruttert.
— Kjem du til å søke på åremålsstillinga som insituttleiar når den vert lyst ut på nyåret?
— Eg kjem ikkje til å søke. Eg har sagt ja til å fungere som leiar i ein overgangsperiode og gjere mitt beste for å bringe ro og samarbeid, seier han.
Dekanen vil restituere arbeidsmiljøet
NTNU-leiinga sendte i dag, tysdag 17.desember ut ei orientering om den faktiske opprettinga av to likestilte institutt i det konfliktramma historikarmiljøet. I sine vedtak kring omorganiseringa understreka rektor Anne Borg at dette skal vere to fullverdige institutt.
Den viktigaste grunnen til å splitte det tidlegare historiske instituttet i to var å gjenopprette eit forsvarleg arbeidsmiljø. Det er no seks veker sidan vedtaket om splitting blei fatta, men enno er det ingen plan klar for korleis ein skal restituere arbeidsmiljøet.
«HR-og HMS avdelingen jobber med utvikling av en prosjektskisse som skal legge et godt grunnlag for en vellykket gjenopprettingsprosess. Mer informasjon om prosessen kommer over nyttår», heiter det på heimesida til NTNU.
Forsvarleg arbeidsmiljø?
— Korleis vil de arbeide vidare for å få på plass igjen eit forsvarleg arbeidsmiljø?
— No har NTNU jobba hardt for å få på plass alt som må til for å etablere to nye institutt. Flytting står for døra og det er i seg sjølv eit viktig tiltak for å skape eit forsvarleg arbeidsmiljø for medarbeidarar både på X og Y. Så skal det utviklast eit program for gjenoppretting. Det er ikkje klart enno, men vil kome på plass på nyåret, skriv dekan Anne Kristine Børresen til Khrono i ein e-post. Ho legg til:
— Eg har allereie starta med å ha møte med dei to nye instituttleiarane og skal også ha eit møte med dei saman før juleferien. Over jul vil eg også besøke begge institutta.
Det er hyra inn eit eige flyttebyrå som skal hjelpe til med den praktiske flyttinga.
(Khrono var måndag i kontakt med dekan Anne Kristine Børresen for å få kommentarar til prosessen ved dei to nye institutta, som ho skal vere øvste ansvarleg for. Men ho ville ikkje uttale seg til media før i dag, tysdag, då ho formelt overtar ansvaret igjen. Saka er no oppdatert med hennar og kst. instituttleiar Erik Opsahl sine kommentarar)
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!