akademia sett utanfrå

Dersom me alltid skal vera redde for å støyta nokon, får me ikkje sagt noko. Det seier museumsdirektør Petter Snare.

Bildet viser direktør Petter Snare i Tårnsalen på Kode (Stenersen)
Tårnsalen vart brukt til peparkaker før jul. Noko av tanken med å opna bygget for den årvisse peparkakebyen var, ifølgje museumsdirektør Petter Snare, å bidra til aktivitet i ein del av Bergen sentrum der det ikkje skjer så mykje. Han seier at førjulsstuntet gav større interesse enn vanleg for Kode på den tida på året, men er usikker på om dette er forbigåande eller varig.

Museumsvaktaren

Eit litt langt steinkast unna Universitetet i Bergen (UiB) sin by-campus i Bergen finn ein Kode. Med fire kunstmuseum og tre komponistheimar er Kode det største museet i byen.

Fakta

Akademia sett utanfrå

Direktøren, Petter Snare, flytta over fjellet for å leia Kode i 2017. Ein austlending i Bergen lærer seg kjapt at ein i denne byen meiner mykje om det meste. Då det vart kjent at han var den nye direktøren, let ikkje reaksjonane venta på seg. Bergens Tidende summerte det opp i ein ingress: «Overraskende. Utradisjonelt. Synd». Snare er nemleg ikkje utdanna kunsthistorikar. Ikkje er han humanist i det heile, kunsthistorieeksamen kolliderte med jusseksamen då Snare ville ta to grunnfag på ein gong. Men sjølv om han er utdanna jurist har han vore gallerist og kunstbokforleggar, og har vore svært kunstsamlar sidan han kjøpte sitt første verk som tenåring.

No er det Snare sin tur å meina noko. Ikkje om dei som meinte noko om han i 2017, men om akademia. I serien Akademia sett utanfrå let Khrono personar utanfor det som ofte vert kalla «sektoren» meina noko om nettopp akademia.

Ville gjerne hatt meir forsking

Kode sin administrasjon held til i same bygg som deler av UiB. Senter for Griegforsking sit lenger borti gangen. I tillegg har museet eit samarbeid med Fakultet for kunst, musikk og design (KMD).

— For det første leverer dei framtidige kunstnarar. I tillegg forskar dei på det me viser, seier Snare.

— Kode vil gjerne vera ein forskingsinstitusjon, men me klarar ikkje forsking på fulltid. Det har me ikkje økonomi til.

Museet har likevel fleire tilsette med doktorgrad, mellom anna på Nikolai Astrup sin kunst.

Direktør Snare ønskjer seg at òg akademia tek ansvar for formidling — gjerne på tvers av institusjonar.

— Kunne ein brukt Kode eller andre til å formidla kunnskap? Eit fagtidsskrift blir verande nettopp det — eit lukka rom.

Før pandemien hadde museet over 300 000 besøkande i året.

Til samanlikning hadde det nye Munch-museet, som opna i Oslo på slutten av 2021, og Nasjonalmuseet, som fekk nye lokale i fjor, kvar over 100 000 besøkande berre i juli 2022. Dette melder Aftenposten.

Bildet viser Petter Snare på vei inn på museet, her representert ved Stenersen-bygget.
I 1825 sendte stortingspresident og stiftamtmann Wilhelm F. K. Christie ut ein «Indbydelse til at oprette et Museum og Naturalie-Cabinet i Bergen med Formaal at tilveiebringe en Samling Oldsager og Konstsager, Mynter og Naturalier». Det som kom inn vart til starten på fleire museum i Bergen, både det som i dag er Kode og Universitetsmuseet. Rasmus Meyers samlingar har fått namn etter samlaren og finansmannen Rasmus Meyer. Inne finn ein kunst frå mellom andre Nikolai Astrup, J.C Dahl og Edvard Munch .

Nye generasjonar, nye verdiar

Dei siste åra har ein hatt fleire saker ved kunstakademi i Europa som har handla om identitetspolitikk: Ved Kunsthøgskolen i Oslo, Konstfak i Stockholm og Kunstakademiet i København har temperaturen vore høg. Det har òg vore ein debatt om statuar og benkar med namn etter personar som står for andre verdiar enn dei fleste i dag, bør rivast.

Dette er problemstillingar kunstmusea òg kjenner på.

— Me prøver å visa kunsten til den generasjonen som kjem. Og ein må forholda seg til at nye generasjonar har nye verdiar, seier Snare.

Men det er likevel eit «men» her.

— Dersom me alltid skal vera redde for å støyta nokon, får me ikkje sagt noko.

— Kva tenkjer du om at studentar reagerer?

— Studentar må få ta eit opprør. Det er synd om dei skal drukna i respekt for fortida, seier Snare.

I Bergen har Kode si Kina-samling vore debattert. Ein annan debatt er urfolkskunst. Her planlegg Kode ei utstilling i 2024.

I tillegg har ein ei anna sak, som handlar om kvitmåling, fått mykje merksemd. Forskingsprosjektet «How Norway Made the World Whiter» skal mellom anna sjå på korleis den norske innovasjonen titankvitt har endra overflater innan kunst, arkitektur og design, slik at verda seg kvitare, lysare og tilsynelatande reinare ut.

— Ein tek ikkje skade av å ha den debatten, seier Snare.

— Men no skulle eg til å seia at han er akademisk... Han er i alle fall teoretisk, men me toler å stå i det dersom me må. Og kunsthistoriefaget bør ta med det perspektivet.

Ufarleg, ikkje fordummande

Kunstmuseumsdirektøren åtvarar mot at ein vert så oppteken av debatten i samtida at kunnskap om det gamle forsvinn. Samstundes må kunsten gjerast tilgjengeleg, og her vil Snare gjerne ha akademia med på laget.

— Me og akademia må jobba saman for å gjera kunst tilgjengeleg, samstundes som me ikkje skal verka fordummande. Akademia må hjelpa oss med å gjera eldre kunst relevant, mellom anna ved å fortelja historia om samtida. Men ein skal heller ikkje kontekstualisera i hel.

På same måte som ein i dag har ein debatt om kva ein skal gjera med dei som var viktige i tidlegare tider, men som hadde haldningar ein i dag ikkje likar, er Snare viss på at òg det som vert vist og gjort i dag, vil verta kommentert i framtida.

— Dersom det vert sett på som kontroversielt at ein storbymuseum viser urfolkskunst så får me ikkje vist noko. Me får heller verta korrigerte dersom me går på trynet.

— Er det noko du ikkje ville vist?

— Villa rasistisk eller nazistisk kunst, eller homofob kunst. Altså kunst som berre er laga for å støta.

Å visa noko den såkalla Sløseriombodsmannen ikkje ville likt, gjer Snare derimot gjerne.

— Sløseriombodsmannen framstår som småleg og gjerrig. At ein aldri skal satsa på noko i eller utanfor randsona...det provoserer meg!

Bildet viser Petter Snare inne på Kode, med blant annet kunst av Astrup ved siden av seg.
Petter Snare med Nikolai Astrup sitt Vårnatt i hagen (til venstre). Fleire av kuratorane ved Kode har doktorgrad, mellom anna på Astrup sin kunst, men direktøren ville gjerne hatt rom for meir forsking ved museet. Til høgre ser ein deler av Harald Sohlberg sine Høstlandskap og Fra Sagene.

Opna for peparkaker

Hausten 2022 fekk Petter Snare og Kode mykje merksemd i Bergen. Direktøren opna nemleg eitt av bygga, Lysverket, for den årvisse peparkakebyen. Når Khrono er på besøk, er det måling på gang i tårnsalen, og framleis kan ein kjenna ei svak lukt av bakverk.

— Museum er ein stad mange menneske er litt redde for, på same måte som mange er redde for akademia. Dersom ein klarar å få dei inn i bygget og visa dei at «her går du først opp ei trapp og så finn du doen» kan ein gjera noko med dette. Og å ta inn noko anna er ikkje til forkleinelse for den kunsten som allereie er her, seier Snare.

Ein kan ikkje rekna med å vera direktør i Bergen utan å få kjeft, seier han, og ein bør heller ikkje ta seg sjølv altfor høgtideleg.

Men litt høgtidelege kan ein likevel vera.

— Verken kunstmuseum og akademia kan lata det middelmåtige styra. Ein skal vera litt høg på seg sjølv og på vegner av institusjonen tenkja at det ein gjer er superbra. Me skal ikkje berre vera folkelege og imøtekomande, seier Snare.

Han er oppteken av at nokre utstillingar, som Munch, dreg mykje publikum.

— Men nyutdanna må òg få eit rom, sjølv om dei ikkje dreg 50 000 besøkjande. Me kan verta for folkelege, seier Petter Snare.

Powered by Labrador CMS