urfolk

Britisk museum ville visa samisk lue på postkort. Då fekk dei nei

— Dersom ikkje vår historie er ein del av verdshistoria, er det veldig trist, seier museumsleiar Anne May Olli. Men ho meiner at nokre gjenstander høyrer heime i Sápmi.

H.M. Kongen opna utstillinga Bååstede i erkebispegarden i Trondheim i 2017. Konservatorar har mykje makt, seier samisk museumsdirektør.

Kva høyrer heime på eit museum, og kva bør stillast ut? Og bør ein ha ei samisk utstilling utanfor Sápmi?

Fakta

Bååstede

  • Den 19. juni 2012 underteikna Norsk Folkemuseum, Kulturhistorisk museum og Sametinget ein avtale om at samiske gjenstander skulle tilbakeførast til museum under Sametingets forvaltning.
  • I 2019, var forhandlingane ferdigstilt og over 1600 gjenstander fordelt.
  • «Bååstede» betyr «tilbake» på sørsamisk
  • Musea er Tananger og Varanger Museumssiida, Riddo Douttar Museat, Samtidsmuseet for nordlige folk, Várdobáiki, Arran Lulesamisk senter og Saemien Sijte
  • Kjelder: Wikipedia og Norsk Folkemuseum

Dette er problemstillingar som vert drøfta i ei utstilling på Universitetsmuseet i Bergen. Svaret frå andre museum er «ja». Samiske gjenstandar har ein plass, òg i sør.

— Det er kjempeviktig at samisk historie òg vert formidla på norske museum. Men då bør ein få fram korleis materialet ein viser fram vart samla inn, og ein bør seia noko om kva som skjedde med denne kulturen, som faktisk gjekk heilt ned til gamle Hedmark fylke.

Det seier Mariann Wollmann Magga. Ho er direktør for Tana og Varanger Museumssiida.

Har tilbakeført gjenstandar

Magga får støtte frå Anne May Olli. Ho er direktør for Riddo Duottar Museat, som er ei samling av seks ulike samiske museum.

— Dersom vår historie ikkje er ein del av verdshistoria, er det veldig trist. Men det handlar om kva historie ein fortel, seier Olli.

I 2012 vart det inngått ein avtale mellom Norsk folkemuseum og Kulturhistorisk museum på den eine sida og Sametinget på de andre. Samiske gjenstandar frå dei to musea i Oslo skulle tilbakeførast til seks samiske museum. Musea Magga og Olli leiar, er blant desse.

— Bååstede-avtalen betyr at me har juridisk eigarskap til dei aktuelle gjenstandane, sjølv om dei framleis er i Oslo. Det betyr at det er me som skal vurdera spørsmål om lån, og førespurnader om konservering eller forsking skal verta vurderte av oss, seier Olli.

Biletet er frå De Samiske Samlinger i Karasjok.

Meiner tromme høyrer heime i Sápmi

I slutten av januar melde NTB at ei samisk tromme vart levert attende til samane. Tromma vart konfiskert i Sápmi under trolldomsprosessane i 1691 og sendt til København. Der har ho vore oppbevart på det danske nasjonalmuseet.

— Dette er ein gjenstand som har kontekst i og høyrer heime i Sápmi, og som ikkje vil ha den same verdien om ho er andre stader der ho vil vera som «teken ut av kontekst», seier Olli.

Ho fortel at Riddo Duottar Museat vart kontakta av British Museum i London. Dei skulle ha ei utstilling der dei ville visa nokre samiske gjenstandar dei har i samlinga si. Utgangspunktet var ei kofte, som dei hadde fått frå ein privatperson. Blant gjenstandane elles var ei samisk tromme og ei hornlue. Dette var ei spiss lue som vart brukt av gifte kvinner. Men då kristne kom til Sápmi, meinte dei at djevelen sat i horna på lua.

— Eg er glad for at British Museum tok kontakt for å setja opp utstillinga av kofta så riktig som mogleg. Men då dei ville laga postkort med bilete av hornlua og ein skinnpose med broderi av eit trommesymbol, sa me nei. Det synest eg vart å gå for langt. Me veit ikkje i kva kontekst dei har fått desse eldste gjenstandane, og det er ikkje deira rett å bruka vår kultur på denne måten, seier Olli.

Tromma er over 400 år gamal, og er no gitt tilbake til samane.

Mange gjenstandar har forsvunne

Tromma som kom attende frå Danmark, har fysisk vore ei Karasjok sidan 1979, men det er først no museet har fått eigarskap til henne.

— Som gjennom Bååstede-avtalen er det me som skal vurdera spørsmål om lån, og førespurnader om konservering eller forsking skal verta vurderte av oss. No er det me som set rammene for kva som er greitt og kva som ikkje er greitt.

Magga seier at Bååstede-avtalen har vore viktig.

— Fornorskingspolitikken, deretter andre verdskrigen og jernteppet har viska ut mykje av den samiske kulturarven, så kvar gjenstand er viktig, seier Magga.

Eitt av dei fire musea i stiftinga er ei skoltesamisk samling. Ei historie som er ukjent for mange, og der det finst få gjenstandar.

— Korleis bør ein visa fram samiske gjenstandar utanfor Sápmi?

— Det er nokre vanskelege problemstillingar her. Men eg tenkjer at kontekst er viktig. Ein kan til dømes visa gjenstandar som vart nytta i religiøse rituale dersom ein set det inn i ein samanheng og seier noko om den tradisjonelle samiske religionen, som forsvann.

Kva vil ein formidla?

Håkon Glørstad er direktør for Kulturhistorisk museum, eitt av musea som har gitt gjenstandar til dei samiske musea.

— Slik kan dei forvalta denne kulturarven, seier Glørstad.

Han seier at gjenstandane er fordelt utifrå kor dei kjem frå, slik at dei kan knytast til lokalmiljøet. Kvar enkelt gjenstand vart vurdert slik at partane vart samde.

Han er tydeleg på at han synest ein kan ha utstillingar med samiske gjenstandar både i hovudstaden og i andre norske byar.

— Er det noko ein ikkje kan stilla ut?

— I utgangspunktet kan ein visa fram alle gjenstander. Men som for alt anna materiale me har, må ein resonnera rundt kva som er formålet og kva ein ønskjer å formidla. Mange gjenstander musea har i samlingane sine kan vera kontroversielle, men som eit forskingsmuseum har me òg ansvar for å kommunisera rundt kontroversielle tema i lys av pågående forsking, seier Glørstad.

Ein del av dei samiske gjenstandane som finst på norske museum, var laga med tanke på sal. Gjenstandane skulle illustrera levesett og kultur, og var laga av samar.

— Dei store musea har tatt vare på mykje kulturarv som elles ville gått tapt. Dei har difor lagt grunnlag for dagens interesse for kulturarv og historie, seier Glørstad.

Desse tre gipsavstøypingane er vist ut ved Universitetsmuseet i Bergen.

Konservatormakt

Khrono skreiv om tre gipsmasker som er stilt ut ved Universitetsmuseet i Bergen. Dei viser tre samiske fangar som sat på Kristiania tukthus på 1850-talet. Det var ein italiensk kunstnar som var hyra inn for å laga avstøypingar. Han laga sju av kvar, etter bestilling frå dåverande Etnografisk museum.

— Det var ulike grunnar til at ein laga slike byster. Ein grunn var å illustrera ulikee folketypar, altså fysikken deira, forklarar Glørstad.

Om slike masker skal visast i dag, meiner Anne May Olli kjem heilt an på kontekst.

— Dei er ein viktig del av historia vår, og viser korleis urfolk har vorte behandla av majoritetsbefolkninga.

Ho seier at ein konservator eller kurator her har mykje makt:

— Er det ein mindreverdig rase me ein fortel om, eller fortel ein om korleis Noreg beehandla urfolket sitt, og trekkjer linjere til korleis samar i dag vert behandla av storsamfunnet? Dersom ein berre stiller hovuda ut som ein kuriositet, som rarietetskabinetta ein hadde tidlegare, vert det veldig feil, seier ho, og legg til:

— På same måte kan ein visa fram ei klypetang som vart brukt til å måla hovudskallar med. Men kvifor skal ein visa ei slik?

Norges arktiske universitetsmuseum har to faste, samiske utstillingar. Dette er frå utstillinga «Sapmi – en nasjon blir til»

Paradigmeskifte

UiT Noregs arktiske universitetsmuseum har ei stor samling samisk materiale. Dei har òg fleire faste utstillingar som viser samisk historie. I tillegg har dei ei joik-samling. Det er krevjande, seier Geir Rudolfsen, som er instituttleiar for Noregs arktiske universitetsmuseum.

— Me har fått midlar til å gjera denne samlinga meir tilgjengeleg. Men korleis skal me gjera det? Det handlar om både juridisk opphavsrett og om at dette er følsomt materiale.

Som dei andre museumsleiarane meiner Rudolfsen at samisk materiale kan visast utanfor Sápmi. Men igjen, det handlar om korleis det vert gjort.

— Me har ein medarbeidar som har sett utstillinga i Bergen, og eg synest det verkar som framstillinga der er balansert. Før var det viktig for musea og ha ei god dekning og visa gjenstandar frå ulike kulturar. No viser ein gjenstandar meir i ein kontekst, ikkje som i eit rarietetskabinett. Det har vore eit paradigmeskifte, slær Rudolfsen fast.

Powered by Labrador CMS