langeland-saka

Lovar Langeland skikkeleg handsaming

Nils Rune Langeland har søkt ei stilling ved Høgskulen på Vestlandet. — Me handsamar alle søkjarar likt, og skal ha ein skikkeleg prosess, seier rektor Gunnar Yttri.

Gunnar Yttri har doktorgrad i historie og er tilsett som førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. No har han permisjon for å vera rektor. Oddmund L. Hoel er professor i historie ved same campus, og er no statssekretær for forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Når den omstridde Nils Rune Langeland no står på søkjarlista til ei stilling ved høgskulen, lovar rektor at hans søknad skal handsamast på lik linje med dei andre ni søknadane.
Publisert Oppdatert

Nils Rune Langeland står på søkjarlista til ei stilling som førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet. Stillinga er plassert i Sogndal.

Som Khrono nyleg har skrive, vurderer Langeland å gå til sak mot UiT Noregs arktiske universitet (UiT) etter at dei ikkje kalla han inn til intervju til ei stilling som førsteamanuensis. Langeland sin søknad vart ikkje vurdert av den sakkunnige komiteen.

Langeland har doktorgrad i historie og professorkompetanse. Han var professor ved Universitetet i Stavanger fram til 2019. Då mista han jobben, og hovudgrunnen var «mange tilfeller av uakseptabel atferd gjennom en årrekke». Langeland gjekk til retten, men tapte.

Sidan 2019 har Langeland søkt fleire stillingar ved norske universitet og høgskular, men ikkje fått nokon ny jobb.

— Spørsmålet er kor lenge og på kva måte eg skal sona etter avskjedssaka ved Universitetet i Stavanger. For meg vert dette eit handfast prov på at eg har yrkesforbod, sa Langeland nyleg til Khrono, etter at saka ved UiT vart kjend.

Rektor: Skikkeleg handsaming

Stillinga i Sogndal er plassert under Institutt for samfunnsvitskap. I utlysingsteksten heiter det at ein må ha doktorgrad i historie eller ei anna samfunnsvitskapeleg doktorgrad med relevans for stillinga, til dømes statsvitskap.

Gunnar Yttri er rektor ved Høgskulen på Vestlandet, og sjølv dr. philos i historie. Han ønskjer ikkje å seia noko om einskilde søkjarar. Men:

— Me handsamar alle søkjarar likt. Me ønskjer gode søkjarar og ein skikkeleg prosess. Dei som søkjer ei stilling brukar mykje tid på søknadane, og det er uhøyrt at dei ikkje vert handsama skikkeleg, seier Yttri.

Fleire med doktorgrad

Den som vert tilsett skal undervisa på fleire historieemne i bachelorutdanninga i historie, og det står i utlysinga at det særleg er behov for undervisningskompetanse i nyare norsk historie. Ein må òg kunne bidra til samfunnsfagsundervisninga på lærarutdanningane. Undervisningsspråket er norsk.

Det melde seg ti søkjarar. Av desse har fleire doktorgrad:

Andreas Dugstad Sanders er postdoktor ved Institutt for moderne samfunnshistorie ved NTNU. Håvard Brede Aven har doktorgrad frå Senter for profesjonsstudier ved OsloMet, og står på søkjarlista med tittelen oppdragsforskar. Henriette Hafsaas er forskingssjef ved Høgskulen i Volda, og har doktorgrad i arkeologi. I tillegg har Kata Bohus søkt. Ho er seniorrådgivar ved UiT, og har doktorgrad frå Ungarn. Kerenina K. Dansholm er stipendiat ved Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk ved Universitetet i Stavanger.

Har søkt fleire stillingar

Nils Rune Langeland skriv i ein sms til Khrono at stillinga i Sogndal ikkje er den første han har søkt ved HVL dei siste åra. Han har søkt både i Bergen, på Stord og i Sogndal.

— Til minst ei av dei har eg vore innstilt som nummer ein av sakkunnig komité utan å verta kalla inn til intervju. På ei anna stilling nummer to og det same, seier Langeland, og held fram:

— Konklusjonen er at HVL aktivt har hindra meg i å få stilling der dei siste åra.

Langeland seier at han ved fleire høve har fått beskjed om at han er personleg ueigna til stillinga han har søkt.

— I fjor vart eg rett nok kalla inn til prøveførelesing og intervju til ei stilling i Sogndal.

Basert på dei røynslene han har med høgskulen, seier han følgjande:

— Dersom dei berre har tenkt å kalla meg inn pro forma, vert det unødvendig ekstraarbeid for meg.

Powered by Labrador CMS