Debatt Nils rune langeland

Eg bed om orsaking

No er eg komen til at eg vil be inderleg om orsaking til alle som har kjent seg forulempa. Eg legg meg heilt flat, skriv Nils Rune Langeland.

Nils Rune Langeland.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

For nokre år sidan var det mykje merksemd om utsegner eg har kome med. Nokre av dei kom eg med i sosiale medium, medan andre ting har eg sagt til folk eg har møtt. Tida har gått, og eg har vore gjennom ein prosess med mange tankar. No er eg komen til at eg vil be inderleg om orsaking til alle som har kjent seg forulempa. Eg legg meg heilt flat.

Tilsetjingssaka mi ved Universitetet i Tromsø vart kjend via Khrono 14. januar 2022. Den saka handlar berre om jus, og eg har overlate alle sider av ho til advokaten eg har engasjert. Han seier at utsegnene mine for fleire år sidan er irrelevante for tilsetjingssaka og for om eg er personleg eigna for stillinga. Utfallet av saka vert ifølgje advokaten uansett ikkje påverka av at eg orsakar offentleg. Orsakinga mi handlar difor ikkje om tilsetjingssaka, men om tilhøvet mitt til dei som er vortne utsette for diverse sleivete og ufine utsegner frå meg.

Eg trur framleis det er semje om at eg har gjort det ganske bra som historikar. Men gjennom fleire år med akademisk sosialisering rundt alkohol utvikla eg etter kvart eit problem som også vart synleg i sosiale samanhengar. Over tid la eg meg til ein stil som var konfronterande, provoserande og i alle høve utfordrande, særleg overfor kvinner. Eg ventar ikkje at alle skal forstå at eg sjølv trudde at dette var ein god måte å koma nærare innpå folk på, men slik var det altså.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

I ettertid innser eg at eg tok feil. Skammeleg feil. Denne stilen og veremåten, som eskalerte med alkohol, har gjort at eg støytte frå meg folk, mista jobben, professortittelen, vener og kontaktar, mitt personlege omdøme og det meste anna som eg eigentleg ville ha. Den definitive konsekvensen for meg vart at eg også tapte rettssaka mot Universitetet i Stavanger, og eg godtok denne dommen for tre år sidan.

Personane som eg har støytt frå meg, er for mange til at eg kan nemna kvar einskild. Men diverre hugsar eg alle, og eg er lei meg for kvar einskild episode. Eg bed om orsaking overfor dei som vart råka av den ubehagelege sida av meg, som også var ei sjukeleg side av meg. Det er inga orsaking at eg var full, eller at eg var sjuk. Orsakinga ligg derimot i at eg forstår korleis eg vart oppfatta, og korleis det var å vera mottakar av desse utsegnene.

Når eg no er komen til at eg ville seia dette som eg her har sagt, er det etter ein prosess med tilfriskning over fleire år. Eg har fått profesjonell hjelp, og eg har hatt både tunge dagar og lettare dagar. Etter kvart er dei lettare dagane vortne fleire. Alkoholen er ikkje lenger ein sentral del av kvardagen min. Men for meg er det å meistra alkoholen berre ein del av utfordringa. Det er meir grunnleggjande for meg å meistra årsakene til at eg vart for glad i alkoholen.

Framover vonar eg at eg får høve til å snakka med somme av dei eg no bed om orsaking til. Eg ventar ikkje at alle brått skal tilgje meg, eller at eg vert friteken frå all kritikk. Men å leggja meg heilt flat er det einaste eg kjenner for å gjera, og det einaste eg kan gjera i den situasjonen eg har skapt for meg sjølv og andre.

Powered by Labrador CMS