Debatt ● Endre Brunstad

Lektorutdanninga i eit mangfaldig lærarutdannings­landskap

Sjølv om lærarutdanningane er blitt likare, er dei ikkje identiske. Der er framleis ei arbeidsdeling ved at lærarutdanningar er ulikt orienterte. Lektorutdanninga ved UiB feirar 20 år.

— Lektorutdanninga har sine komparative fortrinn gjennom tettare kontakt med disiplinfagmiljø, meir fagleg fordjuping og ei særeigen fagleg breidde. Andre lærarutdanningar har andre fordelar, skriv Brunstad.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I år er det 20 år sidan Universitetet i Bergen starta med femårige lektor­utdanningsprogram, eitt år etter at Universitetet i Oslo gjorde det same. Kanskje ikkje eit stort jubileum, men vel verdt å stoppe opp ved. Lektorprogramma har nemleg endra måten breiddeuniversiteta driv lærarutdanning på, og dei har etablert ein ny standard for lærarutdanningar.

For universiteta markerte etableringa av lektorprogram ein overgang frå det å drive lærarutdanning indirekte til å drive den direkte. Medan det eittårige PPU-studiet (praktisk-pedagogisk utdanning) var eit heller autonomt påbyggingsstudium, fekk lektorutdanninga eit studiedesign som integrerte disiplinfag, profesjonsfag og praksis undervegs i studiet. Det gav universiteta ei tydelegare rolle som dei gradvis har gått inn i: Frå å vere heller likegyldige eller negative til lærarutdanning, har dei etter kvart fått ei langt meir forpliktande tilnærming til utdanninga.

Ein del av denne overgangen handlar om statleg styring og nasjonal harmonisering. Det kjem til uttrykk gjennom studielengda. Med unntak av barnehagelærarutdanninga er etter kvart alle lærarutdanningar i Noreg blitt femårige, slik at grunnskulelærarutdanninga (GLU) ved høgskulane er blitt lengre, medan utdanninga til lektor er blitt kortare. 

Eit anna tiltak er at alle lærarstudentar skal skrive masteroppgåve, slik ein jo har gjort ved lektorutdanninga ved universiteta. Det har ført til eit sterkare forskarfokus enn før på GLU og ved høgskulane. Samtidig har lektorprogramma på si side fått lengre praksis (frå 60 dagar til 100 dagar) og universiteta har etablert meir forpliktande partnarskap med praksisfeltet, aktualisert gjennom NOU 2022:13, «Med videre betydning».

Vi ser gjennom slike tiltak ei harmonisering som nok har gjort lærarutdanningane likare kvarandre. 

Eit interessant uttrykk for denne tilnærmingspolitikken er at lektorutdanninga i 2013 fekk sin eigen rammeplan. Det hadde lærarutdanninga ved høgskulane hatt lenge, men å leggje ei universitetsutdanning på masternivå under rammeplanstyring var noko nytt. Seinare har vi fått rammeplanstyring for universitetsutdanningar som medisin, odontologi og psykologi. UHR sentralt er framleis imot rammeplanstyring, medan lærarutdanningsmiljøa i UHR-lærarutdanning er meir pragmatisk innstilt.

Sjølv om lærarutdanningane er blitt likare, er dei ikkje identiske. Der er framleis ei funksjonell arbeidsdeling ved at lærarutdanningar er ulikt orienterte mot faktorar som trinn (1-7, 5-7, 8-13, 1-13), skuleslag (barnetrinn, ungdomstrinn, vidaregåande), fagportefølje (t.d. gir lektorutdanninga framandspråk) og fagleg fordjuping. 

Sjølv om lærarutdanningane er blitt likare, er dei ikkje identiske.

Endre Brunstad

I dette landskapet har så lektorutdanninga sine komparative fortrinn gjennom tettare kontakt med disiplinfagmiljø, meir fagleg fordjuping og ei særeigen fagleg breidde. Andre lærarutdanningar har andre fordelar.

Mangfald og variasjon i lærarutdanningane står ikkje i vegen for meir samordning, t.d. at det blir etablert ein felles rammeplan, slik ekspertgruppa for styring av lærarutdanningane gjer framlegg om i rapporten Én felles rammeplan (2024). Det vil vere klårgjerande å markere at det trass alt er lærarutdanning alle dei 11 eksisterande rammeplanane handlar om. I tillegg er det nyttig å gjere umotiverte strukturgrenser mindre rigide. 

I ekspertgruppa sin rapport blir ønsket om mangfald og variasjon tilfredsstilt ved framlegg om at det i ein felles rammeplan skal vere underkapittel knytt til ulike typar lærarutdanning. I desse underkapitla kan ein så formulere omfanget av praksis, profesjonsfag og disiplinfag ulikt for ulike lærarutdanningar. På den måten kan dei spesielle kvalitetane som ligg til t.d. lektorutdanninga vidareførast.

Korleis har så lektorprogramma utvikla seg i løpet av 20 år? I starten var programma prega av fråfall blant studentane. Det var ikkje så rart. Universiteta var ikkje rigga for å ha praksis undervegs i studiane, studieplanane var urealistiske og ein hadde ikkje eit apparat for å handtere logistiske utfordringar. Gradvis har dette gått seg til. 

Berre ved UiB utdannar vi for tida over 100 kandidatar i året frå lektorprogramma, som går med liv og lyst ut i skule og samfunn.

Endre Brunstad

Vi har fått studieplanendringar og eit organisatorisk apparat som gjer at studentane blir følgde opp på ein heilt annan måte enn for 20 år sidan. Og berre ved UiB utdannar vi for tida over 100 kandidatar i året frå lektorprogramma, som går med liv og lyst ut i skule og samfunn. Som NOKUTs nasjonale evaluering av lektorutdanningane viser, går det generelt føre seg eit omfattande studiekvalitetsarbeid knytt til lektorprogramma.

Enno er vi ikkje heilt i mål med arbeidet for å skape heilskap, samanheng og lektorutdanningskultur. I tillegg har også lektorprogramma utfordringar med å rekruttere nye studentar. Eit anna moment er at vi det siste året har fått uheldige reformer som kan gjere det gamle byggingsstudiet PPU til ein lettare og kortare veg inn i læraryrket, medan integrerte program jo har meir praksis og meir fagleg krevjande opplegg. 

Her må vi berre brette opp ermene, vise fram dei faktiske fordelane ved alle integrerte lærarutdanningsprogram, og gjere koplinga mellom praksis, profesjonsfag og disiplinfag endå betre.

Ved eit 20-årsjubileum er det på sin plass å reflektere over verdien av det vi driv på med, og kva strategisk rolle lektorutdanninga skal spele i framtida ved eit breiddeuniversitet av det slaget som UiB er. Ved UiB arrangerer vi 14. november ein heildagskonferanse om nettopp desse spørsmål — som del av markeringa av 20-årsjubileet for lektorprogramma våre.

Powered by Labrador CMS