Debatt ● Hein Berdinesen
Langsiktige konsekvensar av kortsiktige kutt i lærarutdanninga ved UiS
Sjølv om UiS har økonomiske utfordringar, bør grunnskulelærarutdanninga så langt det let seg gjere skjermast frå kutt. Å redusere tilbodet vil vere ei kortsiktig løysing som skaper langvarige problem.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Universitetet i Stavanger (UiS) har store økonomiske utfordringar som følgje av redusert statleg finansiering og aukande kostnader. Dette har ført til at UiS vurderer kutt og omprioriteringar på fleire område. Grunnskulelærarutdanninga er spesielt utsett, både når det gjeld fagtilbod og stillingar. Dette vil få alvorlege konsekvensar for grunnskulelærarutdanninga.
Å redusere lærarsatsinga ved UiS er ei kortsiktig løysing på eit langsiktig problem, og det vil forsterke utfordringar både i utdanningssystemet og på arbeidsmarknaden. Grunnskulelærarutdanninga er allereie under press frå lågare studentopptak og redusert statleg støtte. Dette gjer det vanskeleg å oppretthalde kvaliteten på undervisninga og praksisopplæringa. Lærarutdanninga krev dessutan betydelege ressursar, blant anna på grunn av behovet for praksisplassar og tett oppfølging av studentar.
Dei nødvendige ressursane for å utdanne kompetente lærarar er spesielt viktige i ei tid der krava til læraryrket aukar. Kutt i fagtilbod, spesialiseringar og talet på stillingar vil svekke utdanninga og undergrave hovudoppgåva hennar: å utdanne kvalifiserte lærarar som kan møte utfordringane i skulen. Dette vil påverke både dei nyutdanna lærarane og elevane dei skal undervise.
Eit kjerneproblem er den nemnde nedgangen i søkjartalet til læraryrket, som mange oppfattar som krevjande, dårleg betalt og prega av utfordrande arbeidsforhold. For å tiltrekkje fleire studentar til lærarutdanninga, må UiS satse på utdanningskvalitet og gjere yrket meir attraktivt. Kutt vil ha motsett effekt. Færre spesialiseringsmoglegheiter og reduserte fagtilbod vil gjere utdanninga mindre attraktiv og bidra til ytterlegare nedgang i søkjartalet. Vi får ein negativ spiral der lågare studenttal fører til mindre finansiering og endå fleire kutt.
Konsekvensane av kutt strekkjer seg òg ut over universitetet. På nasjonalt nivå har skulesystemet ein aukande mangel på kvalifiserte lærarar i fleire fag. Eit svekt lærarutdanningstilbod ved UiS vil berre forverre denne mangelen. Grunnskulane i regionen, som er avhengige av ein stabil tilgang på godt utdanna lærarar, vil òg bli negativt påverka. Dersom kvaliteten på lærarutdanninga vert svekt, risikerer vi at nyutdanna lærarar ikkje har den nødvendige kompetansen til å møte krava i dagens skule.
Valfag og spesialiseringar i lærarutdanninga gjev lærarane nødvendige verktøy for å tilpasse undervisninga til elevar sine ulike behov. Kutt i desse tilboda vil gjere framtidige lærarar mindre rusta til å handtere mangfaldet av behov i norske klasserom, noko som vil ramme elevane. Dette vil forverre dei allereie eksisterande utfordringane i norsk grunnskule.
Kutt kan òg skade omdømmet til UiS som utdanningsinstitusjon. Universitetet risikerer å bli oppfatta som ein tilbydar av eit mindreverdig lærarutdanningsprogram, noko som kan gjere det vanskelegare å tiltrekkje seg både studentar og kvalifiserte tilsette. Eit svekt omdømme vil òg redusere UiS si evne til å konkurrere om forskingsmidlar og samarbeidsprosjekt.
Kutt i stillingar vil dessutan medføre tap av fagleg kompetanse, erfaring og spesialkunnskap blant undervisarar og forskarar. Dette tapet vil vere vanskeleg å erstatte og vil svekke fagmiljøet over tid.
Sjølv om UiS har økonomiske utfordringar, bør grunnskulelærarutdanninga så langt det let seg gjere skjermast frå kutt. Å redusere tilbodet vil vere ei kortsiktig løysing som skaper langvarige problem.