Debatt ● Åsulv Frøysnes

Lærarutdanning i krise. Kven skal vere lærarar i framtida?

Kvifor står lærarutdanninga i ei krise, og korleis kan vi kome ut av den på sikt? Tidlegare høgskoledirektør Åsulv Frøysnes deler nokre tankar om form, krav og innhald — og korleis sikre rekruttering.

— Dei siste tiåra er det gjort tiltak ut frå gode intensjonar om å styrke lærarutdanninga og læraren sin posisjon og rolle, skriv kronikkforfattaren. Samla sett har desse tiltaka ført til konsekvensar som ikkje var ønskte, og som nå fører til at det ikkje blir utdanna nok lærarar for grunnskolen, meiner han.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Den krisa lærarutdanninga og grunnskolen er komen i, er det inga enkel løysing på. Endring i opptaksreglar vil føre til auka rekruttering, men er ikkje tilstrekkeleg for å snu den negative utviklinga. I denne artikkelen blir det teke opp nokre forhold som har ført oss dit vi er i dag, og lansert tiltak som vil kunne betre situasjonen i skolen på sikt.

Grunnskolelærarutdanninga har hatt politisk merksemd i eit heilt anna omfang enn andre høgre utdanningar. Politisk merksemd vil normalt gi eit fagfelt positiv verknad og økonomisk prioritet. Det kan ein knapt seie har vore tilfelle for lærarutdanninga for grunnskolen. Eit siktemål for lærarutdanninga er å utdanne godt kvalifiserte lærarar, men det er også viktig å utdanne så mange lærarar som skolen treng.

Om ein ser nokre 10-år tilbake, var det ei klar politisk prioritering å utdanne nok lærarar framfor å utvide utdanningstida. I seinare år har denne prioriteringa endra seg. Det er gjort ei rekke tiltak ut frå gode intensjonar om å styrke lærarutdanninga og læraren sin posisjon og rolle. Samla sett har desse tiltaka ført til konsekvensar som ikkje var ønskte, og som nå fører til at det ikkje blir utdanna nok lærarar for grunnskolen.

Det har blitt ei endring i utdanningspolitikken ved at enkelte saker og spørsmål blir tekne opp på programmet til ulike politiske parti, for så å bli gjennomførte utan større utgreiingar og konsekvensvurderingar. Eksempel på dette er spesielle opptakskrav, utviding av utdanningstid og ei rekke detaljspørsmål knytt til innhaldet i grunnskolelærarutdanninga. Det er innført særlege reglar om utdanningsomfang for å vere kvalifisert til å undervise i ei rekke fag. Ein del av endringane slik som krav til innhald i lærarutdanninga og reglar for opptak har ikkje hatt økonomiske konsekvensar på kort sikt, og har såleis kunne bli gjennomført utanom budsjettprosessane.

Går ein tilbake til 1970 og 80-åra, var politisk interesse og vektlegging i større grad på skolen enn på høgre utdanning og lærarutdanning. Den nye lærarutdanningslova i 1973 fekk utsett iverksetting i to år, primært slik at ein kunne halde fram med 2-årig grunnskole- og førskolelærarutdanning. Fagleg innhald i utdanningane blei greidde ut med sterk brukarmedverknad og deretter handsama i breitt samansette faglege rådsorgan.

Samtidig var det ei aukande interesse for høgre utdanning, først med utbygging av distriktshøgskolar og seinare etablering og utvikling av det regionale høgskolesystemet.

Etter kvart kan ein seie at vektlegginga har kome meir over på dei høgare utdanningsinstitusjonane si side med vektlegging av teorifag som sentrale skolefag og kvaliteten på lærarutdanninga med gjennomslag for stadig meir omfattande og lengre utdanningsløp.

Behandlinga av St. meld nr. 40 (1990—91) Frå visjon til virke markerte særs tydeleg utdanningsinstitusjonane og deira fagorganisasjonar sin sterke posisjon. Med 15 konkrete vedtakspunkt blei det teke klar stilling til ei rekke sentrale utdanningspolitiske spørsmål som hadde vore til vurdering i departementet i lang tid fordi dei på sikt ville ha store økonomiske og administrative konsekvensar.

Vektlegginga dei siste 30 åra av teorifag som sentrale skolefag, har hatt stor verknad på heile skoleverket og på lærarutdanninga. Ei omfattande utskifting av lærarar og utdanningstilbod innan praktiske og estetiske fag har vorte konsekvensen. For utdanningsinstitusjonane har reduksjonen i desse kostnadskrevjande faga medført økonomiske innsparingar, ei viktig sak i vanskelege økonomiske tider.

Dei politiske partia har kome i ei lei knipe. Same kva dei gjer, vil dei bli utsette for kritikk om at dei svekker lærarutdanninga. Men det må gjerast drastiske tiltak i høve til dagens situasjon om ikkje rekrutteringskrisa skal føre ei varig svekking av grunnskolen. Her er nokre mogelege og nødvendige tiltak:

1. Først må ein endre opptakskrava tilbake til generell studiekompetanse. Det kan nok føre til auka fråfall i studiet, der studentane møter strenge faglege krav, men det bør vere viktig at dei som vil får prøve seg. Det bør og gjevast høve til å halde opptaksprøver for dei som ikkje fyller alle krava til studiekompetanse.

2. Studietida for grunnskolelærarar bør vere 3 år med rett til tilleggsutdanning med lønn etter ei tid med praksis i skolen. Nyutdanna lærarar må få rettleiing. Dette var framlegget i St.meld. Nr 40 (1990—91) frå Arbeidarpartiet, som berre fekk støtte frå Høgre og Frp. Grunnskolen er ein stor arbeidsplass med om lag 70 000 lærarar. Det bør vere nokså innlysande at ein ikkje kan ha som mål at alle desse skal vere lektorar, men dei som ønskjer det, vil kunne ta utdanning på masternivå.

3. Dei spesifikke og absolutte fagkrava for å undervise i visse fag i grunnskolen må endrast til å bli rettleiande. Ved dei mindre skolane i landet er ikkje krava som er sett kunne gjennomførast i praksis.

4. Innhaldet i grunnskolelærarutdanninga bør vurderast ut frå ei sterkare vektlegging av praktiske og estetiske fag. I dag er vektlegginga av norsk og matematikk i det første studieåret særleg krevjande. Ei samanhengande brei utdanning som inneheld pedagogisk teori og praksis, praktiske og estetiske fag og fagstudium der studentane kan velje omfang og nivå vil styrke barnesteget.

5. To-delinga av grunnskolelærarutdanninga med ei utdanning for 1.-7. årssteg og ei for 5.-10. årssteg bør også vurderast på nytt. Det kan vere tvilsamt om dette har vore ei tenleg løysing, spesielt for dei mange mindre grunnskolane. Det er kring 900 grunnskolar med færre enn 100 elevar i landet.

Det er mange forhold som verkar inn på rekrutteringa til lærarutdanning. Det gjeld mellom anna arbeidssituasjonen i skolen og den til tider negative omtalen av den er ein grunn. Lønn og studieøkonomi verkar også inn. Ei god lærarutdanning for skolen, men og for anna arbeid og personleg utvikling er ein positiv faktor.

Om rekrutteringa til grunnskolelærarutdanninga skal bli vesentleg betre, må fleire tiltak setjast i verk. Det er regjeringa og to departement som må ta initiativ til endringane.

Powered by Labrador CMS