samordna opptak

Lærarsuksess i nord

Minst ein tredel av søkjarane til grunnskulelærar 1. - 7. på Nesna kjem frå LæreriNord-prosjektet. — Me kan ikkje halda fram med å gjera det som ikkje verkar, seier prosjektleiar.

Hanne Gravrok har arrangert mange møte det siste halve året. Her frå Meløy vidaregåande skule. Men det som har vist seg å ha best effekt på søkjartala, er å ha kveldsmøte mynta på vaksne som kanskje kan tenkja seg å søkja lærarutdanning.

Seniorrådgivar Hanne Gravrok og kollegaene hennar har besøkt 40 av 41 kommunar i Nordland for å framsnakka lærarutdanninga. Når tala frå Samordna opptak no er kjende, viser det seg at dei har lukkast. Også Nord universitet har nedgang i søkjartala. Men mange av dei som har søkt, er nettopp personar som har delteke på LæreriNord sine møte.

— Det er 180 personar som har vore på LæreriNord sine kveldsmøte. No ringjer me rundt til kvar enkelt av dei for å høyra om dei søkte på ei av lærarutdanningane våre og kva for utdanning dei i så fall søkte på, fortel Gravrok, som i tillegg til å vera seniorrådgivar er prosjektleiar for LæreriNord

Fredag 28. april viste tala hennar at minst 33 prosent av dei som har søkt grunnskulelærar 1. — 7. på Nesna er personar som har skrive seg opp på liste etter at Nord universitet inviterte til kveldsmøte. For grunnskulelærar 5.-10., som generelt har stor nedgang i søkjartala, er over tjue prosent av søkjarane på Nesna knytt til LæreriNord.

Ressurskrevjande. Men …

— Nord universitet har ein oppgang på fire prosent når ein ser på søkjartala til grunnskulelærar 1.-7., seier Gravrok.

Også barnehagelærarar er rekrutterte gjennom same prosjektet. Her har Gravrok førebels ikkje konkrete tal.

— Men dei som jobbar med dette hos oss, rapporterer om positive tal også her.

— LæreriNord er eit ressurskrevjande prosjekt. Er det slik ein skal rekruttera til lærarutdanningane?

— Det er svært ressurskrevjande. Men me kan ikkje halda fram med å gjera det som ikkje verkar, seier Gravrok.

Som Khrono har skrive, har representantar frå prosjektet vore på Stortinget og møtt arbeidarpartipolitikarar. No har dei òg hatt møte med Senterpartiet. Lise Selnes, som sit i forskings- og utdanningskomiteen for Arbeidarpartiet, har vore uroa over søkjartala til lærarutdanning. No skriv ho i ein sms til Khrono at ho er veldig glad for å høyra at prosjektet har gitt resultat.

— Dette vil gi fleire kvalifiserte lærarar i klasseromma i nord. Prosjektet bør vera veldig interessant òg for andre utdanningsinstitusjonar.

Fysiske møte med pizza, brus og kaffi har vist seg å verka i kampen om studentar. Ein del av dei potensielle søkjarane manglar formell kompetanse. Men det bør vera ei enkel sak å legga til rette for, meiner kommunalsjef Erik Strand i Sortland kommune. — Dei må ville sjølv, men så er det til dømes snakk om å gi dei ein eigna stad der dei kan sitja og jobba.

Fangar dei vaksne

LæreriNord har to målgrupper: Elevar på vidaregåande skule er den eine og vaksne, som gjerne er i jobb som ufaglærte i barnehage eller skule, er den andre. Det er for den siste gruppa, som har vore på kveldsmøte, at ein ser eit særleg utslag for søkjartala.

— På Sortland kom det heile 33 personar på møte, og me veit at åtte av desse no har søkt. I Sandnessjøen hadde me eit kveldsmøte for fem helgelandskommunar. Det var 13 personar frå målgruppa som kom, og ho har ni av dei søkt, seier Gravrok.

Ho fortel at når ho no har snakka med dei som skreiv seg på lister, har ho spurt dei om LæreriNord vart avgjerande for at dei søkte. Svaret er at fleire har vore inne på tanken om å søkja lærarutdanning, men at det å møta nokon som kunne fortelja meir, vart utslagsgivande.

— Fleire seier at dei ikkje finn informasjonen dei er på jakt etter i mylderet av studietilbod på nett, seier Gravrok.

Kommunalsjefen ringjer alle

Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Nord universitet, fylkeskommunar og kommunar. Gravrok understrekar at kommunane har ei viktig rolle. Det er her potensielle lærarkandidatar både jobbar og skal jobba.

— Me ser at dei som er interesserte ofte er kvinner med forholdsvis små barn. Då treng dei noko tilrettelegging frå kommunen. Det kan vera økonomiske insentiv, men det kan òg vera ein fleksibel arbeidsgivar som gjer at ein både kan jobba og studera.

Sortland er ein av kommunane som har vore med i prosjektet. Kommunalsjef Erik Strand seier at for kommunen er det viktig å mobilisera folk lokalt til å ta utdanning.

— Me kan sjølvsagt besøkja vidaregåande skular og universitet, men her er målgruppa vaksne folk — som kjem til å verta verande her, seier Strand.

Han fortel at då kommunen skulle verta med i prosjektet, tok han kontakt med leiarar både i skule og barnehage og bad dei om å peika på aktuelle kandidatar. No er det åtte søkjarar som har meldt seg etter kveldsmøtet på Sortland.

— Me har ikkje hatt nok utdanna lærarar i skulen dei siste seks-sju åra. I snitt er kvar tiande lærar ufaglært, seier Strand.

No kjem han til å ringja kvar av dei åtte søkjarane for å høyra kva som kan verta utfordrande og kva tilrettelegging dei eventuelt treng.

— Korleis tenkjer de kring tilrettelegging?

— Me jobbar mot universiteta for å få dei til å endra reglar om kor ein kan ha praksis. For desse søkjarane er det viktig å ha praksis lokalt. Det må òg på plass ordningar som gjer at når dei er på samlingar knytt til studiet skal dei ha fri med løn, seier Strand.

— Må dei så binda seg til å jobba hos dykk vidare?

— Det er ikkje unaturleg at ein får ein avtale om dette, når ein brukar det offentlege sine ressursar.

Omdømme

Khrono skreiv nyleg at dekanar ved lærarutdanninga landet rundt peikar på Utdanningsforbundet, streik og nedsnakking av læraryrket når dei skal forklara nedgangen i søkjartal.

— Det er vanskeleg å sjå føre seg at konflikten i skulen ikkje har hatt noko å seia. Omdømmet til læraryrket nådde eit nytt botnnivå etter streiken i fjor, sa NTNU-dekan Tine Arntzen Hestbek nyleg til Khrono.

Dekan ved Høgskolen i Innlandet, Morten Ørbeck, sa at lærarar ikkje tener dårleg, og at det ikkje er løna som motiverer til læraryrket. Han får støtte frå Erik Strand i Sortland kommune.

— Googlar ein dei siste hundre sakene som er skrive om lærarutdanning, ser ein at læraryrket er snakka ned. Det handlar om omdømme, og problemet med å driva lønskamp er at det då ikkje er tida for lærarorganisasjonane til å framsnakka læraryrket, seier han.



Powered by Labrador CMS