lærarutdanning

No er ho invitert til Stortinget for å fortelja om lærar-rekruttering

Nord universitet reiser land og strand rundt for å rekruttera lærarstudentar. No er dei invitert til Arbeiderpartiet si stortingsgruppe for å fortelja om prosjektet.

Hanne Gravrok frå Nord universitet har besøkt både vidaregåande skular, som her i Rørvik, og bygder og grender. Målet for seniorrådgivaren er å få fleire til å velja utdanning som grunnskulelærar.

— Me er interesserte i å fortelja mest mogleg, seier Hanne Paulsen Gravrok.

Ho er seniorrådgivar ved Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag ved Nord universitet, og har sidan i fjor haust vore prosjektleiar for LæreriNord. Som Khrono har skrive, skal prosjektet bidra til at nokre av dei som i dag jobbar som ufaglærte i barnehagar og skular, tek barnehage- og grunnskulelærarutdanning.

Tysdag er Gravrok og kollegaene hennar invitert til Stortinget, nærare bestemt av Arbeiderparitet si stortingsgruppe.

— Rekruttering til lærarutdanninga er ei kjempeutfordring, særleg i nord. Så alle initiativ som kjem må me verta godt kjende med, seier Lise Selnes, som sit i forskings- og utdanningskomiteen for Arbeiderpartiet.

Spent på søkjartal

Etter at opptakstala frå Samordna opptak var klare i sommar, skreiv Khrono at det var ledige plassar på to av tre lærarutdanningar. Ser ein på møtt-tala, er det ganske dyster lesing: Ein fjerdedel av grunnskulelærarplassane stod tomme nokre veker etter studiestart i fjor haust — verst var det ved nettopp Nord universitet.

No er Selnes spent på korleis årets søkjartal vil sjå ut.

— Eg trur svikten i rekrutteringa ein no ser i nord, òg vil koma lenger sør. Eg er veldig spent på søkjartal både på Vestlandet og i Innlandet. Dersom me ser same trenden, må me sjå på nasjonale initiativ.

— Kva kan det vera?

— Det er det for tidleg å seia noko om. Men Arbeiderpartiet er oppteke av at ein må ha løysingar for både kommunane og utdanningsinstitusjonane, seier Selnes.

Arbeiderpartiet tok kontakt etter at Gravrok og representantar frå både kommunar, fylkeskommune og statsforvaltar skreiv eit innlegg hos Trønderdebatt. Der heiter det mellom anna at «flere kommuner opplever nå at de ikke får kvalifiserte søkere til stillinger som blir lyst ut. Det merkes spesielt godt i distriktskommunene. Slik vil vi ikke ha det. Vi vet at ungdomskullene går nedover. Vi vet at hvis vi rekrutterer lokale studenter, så blir en stor andel værende igjen i regionen. Da folkens, må vi sørge for å forene alle gode krefter for å rekruttere flere av de flotte ungdommene våre til lærerutdanningene».

Har brukt fem millionar

Hanne Paulsen Gravrok har vore mykje på reise det siste halve året. Ho er oppteken av at ein må ha eit tett samarbeid med kommunane som opplever lærarmangel, og sa til Khrono før helga at ho har hatt møte med oppvekstleiarar i alle aktuelle kommunar.

— Eg er brennande oppteken av rekruttering, og mykje av det me har gjort kan overførast til eit nasjonalt nivå, seier ho.

Men satsinga frå Nord universitet er langt frå gratis. Fakultetsdirektør Olav Frigaard seier til Khrono at Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag har brukt opp mot fem millionar kroner på rekrutteringsprosjektet sidan i fjor haust.

— Me har ikkje fått nokon fasit endå, men me har god tru på at dette prosjektet vil gi oss eit løft, seier Frigaard.

Også han er oppteken av dialog med, men òg ansvarleggjering av kommunane.

— Det er veldig bra at det me har gjort skaper merksemd. Me ønskjer å dela det me har lært, og me vil gjerne ha noko følgeforsking som kan seia noko om effekten — me er over snittet opptekne av å forska. Men det er det så langt ikkje pengar til, seier fakultetsdirektøren.

Selnes: Ikkje desentral for ein kvar pris

Før helga skreiv Khrono om at fleire av utdanningsinstitusjonane meiner det går ei grense for kor desentral ei desentral utdanning skal vera. Ein står i fare for å kannibalisera seg sjølv, sa instituttleiar Siw Skrøvset frå UiT Noregs arktiske universitet.

Lise Selnes frå Arbeiderpartiet er oppteken av ein balanse.

— Desentral utdanning kostar. Me skal ikkje ha desentralisering for ein kvar pris, og me må sikra at desentral utdanning har like god kvalitet som annan utdanning. Me må finna den løysinga som er bra for utdanningsinstitusjonane og som samstundes møter behov ute, seier Selnes, som sjølv er utdanna lærar.

Fakultetsdirektør Frigaard fortel om ei todeling av målgruppa for lærarutdanning: Studentar som ønskjer å utdanna seg til grunnskulelærarar, og som gjer det gjennom eit tradisjonelt løp på campus, og dei som ønskjer å verta lærarar, men som av ymse årsaker ikkje har høve til å flytta på seg — i alle fall ikkje fast.

— Mange av dei me møter, seier at dei ikkje har tenkt på det som ei moglegheit å studera. Dei er bundne til heimen, nokre har både barn og ein partnar som jobbar vekke, og det er vanskeleg for dei å reisa vekk. Det me må sjå på, er om me må gjera lærarutdanninga endå meir fleksibel enn ho er i dag, seier Frigaard.

Powered by Labrador CMS