Endelig mandag. åsne høgetveit
Kutt med slagside mot humaniora og samfunnsvitskap
Det er vanskeleg å skjønne korleis regjeringa tenkjer forskingsfinansiering bør fungere, skriv Åsne Høgetveit.
Fyrstebibliotekar, UiT Norges arktiske universitet
Trass i at eg no i vekesvis har lese og høyrt om krisa i Forskingsrådet – utskiftinga av styret og dei dramatiske kutta – tykkjer eg det er vanskeleg å skjønne korleis regjeringa med minister Ola Borten Moe i spissen tenkjer forskingsfinansiering bør fungere.
Det er eit heilt sentralt spørsmål i denne saka. Det har vore mange uttaler om kva som har skjedd, kvifor det var naudsynt å gjera noko, og kven som har skuld i situasjonen det ikkje er heilt semje om kva eigentleg er. Men eitt verkar å vera heilt klårt:
Forskingsrådet får mindre midlar å dele ut, og kutta har ei skikkeleg slagside mot grunnforsking, humaniora og samfunnsvitskap. Kutta er føreslege gjennomført på ein måte som vil få dramatiske konsekvensar på lang og kort sikt for mange fagmiljø og institusjonar.
Det er vanskeleg, og for min eigen del vil eg seie det heller ikkje er særleg kjekt å styre i dårlege tider, der ein ser seg nøydd til å skjera ned på utgifter. Men det må vera eit mål å skjera ned på ein måte som ikkje kjem til å koste enno meir i framtida, å spara seg til fant.
Som med mangt anna er det snublande enkelt å rive ned strukturar det har teke lang tid og mykje arbeid å bygge opp. Utan at eg har rekna på det vil eg tru at kostnaden blir større for oss skattebetalarar når viktige forskingsprosjekt, dyktige forskarar og forskingstalent mistar sitt økonomiske grunnlag enn dei summane Forskingsrådet visstnok har løyvd utan dekning.
Eit anna aspekt som i mindre grad har vore lyfta i diskusjonane så langt er kor tett forsking og undervisning i praksis heng saman ved norske høgre utdanningsinstitusjonar. Det er jo liksom idealet me rettar oss etter, det humboldtske universitetet med tett kopling mellom forsking og utdanning.
For meg er det innlysande at kutta som no er føreslegne vil få store konsekvensar for utdanningane våre.
Forskingsprosjekta våre påverkar innhald og retning på utdanningane, og undervisningsarbeidet påverkar innhald og retning på forskingsprosjekta våre. For meg er det innlysande at kutta som no er føreslegne vil få store konsekvensar for utdanningane våre.
I finansieringssystemet og i mykje av det me blir målt på i sektoren er det tilsynelatande eit tydeleg skilje mellom dei ulike aktivitetane me arbeider med, forsking, utdanning og formidling. Men alle delane av samfunnsoppdraget vårt heng ofte tett saman i eit samspel, det er vel gjerne litt av tanken bak oppdraget.
Dei verkeleg gode av oss greier å hente mykje ut av samspelet og moglegheitene som ligg innom høvesvis forsking, undervisning og formidling. Med det i bakhovudet blir eg enno meir uroleg for konsekvensane dersom dei storstilte kutta i den offentlege forskingsfinansieringa blir gjennomført.
Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside