Debatt ● Gunnar Yttri og Pia Cecilie Bing-Jonsson
Kunnskapsberedskap i heile landet
Ein kunnskapsberedskap på vitale samfunnsområde må stå imot svingingar i studenttal. Det trengst ein offensiv for høgare utdanning og forsking i heile Noreg. I arbeidsdelinga i universitets- og høgskulesektoren er det grunnleggjande viktig med institusjonar som tek geografisk ansvar.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Regjeringa har innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskular frå og med 2025. Forenkling og institusjonelt mangfald er ønskjeleg. Men den nye finansieringsmodellen har samstundes ei innretning som gir svekka økonomi for universitet og høgskular med utdanningar med søkjarsvikt. Til dømes vil universitet og høgskular med grunnskulelærar-utdanning og barnehagelærar-utdanning verta hardt råka. Dette jamvel om det er openbert at Noreg må utvikla og satsa på lærarutdanningane og også ha ei aktiv og omfattande forsking knytt til oppvekst.
Signala frå regjeringa er at universitet og høgskular sjølve må skapa handlingsrommet. Omprioriteringar og auke i eksterne inntekter skal leggja grunnlag for ei sterk fagleg utvikling innanfor strammare økonomiske rammer.
Men det tek tid å byggja opp og utvikla gode fagmiljø. Sterke utdanningar og forsking som handterer både dagsaktuell problemløysing og langsiktige problemstillingar, fordrar ein kunnskapsberedskap på vitale samfunnsområde. Ein slik beredskap må stå imot mellombelse svingingar i studenttal og byggja på kunnskap om kva samfunnsområde heile Noreg treng å styrka innan utdanning og forsking i åra som står føre.
I 2024, det same året som Stortinget har vedteke ny universitets- og høgskulelov, har regjeringa lagt fram Profesjonsmelding, Opptaksmelding og Perspektivmelding. Det er identifisert store behov for utdanning og forsking innanfor helse, oppvekst og teknologi i bygder og byar i heile landet. Djuptgripande utfordringar kring arbeidskraft, demografi, klima og beredskap ligg til grunn. Gode grep hastar. Rapporten frå helsepersonellkommisjonen, gir både bakteppe og overskrift: «Tid for handling».
I løysinga av dei demografiske, teknologiske og beredskapsmessige utfordringane som ligg føre, er det openbert at geografisk aktivt nærvær av høgare utdanning og forsking er ein grunnressurs som må spela ei nøkkelrolle. I tider med sviktande studenttal på vitale samfunnsområde, må universitet og høgskular gjera grep for å styrkja både utdanning og forsking. Samstundes bør ein medviten kunnskapspolitikk leggja materielt grunnlag for langsiktig satsing og oppbygging med både utdanningsmidlar og rekrutteringsstillingar til forsking.
I fjorårets statsbudsjett vart fleircampusinstitusjonar på den eine sida noko styrkt. Dette i tråd med Utsynsmeldinga si kunngjering om mindre byråkrati og tydlegare prioriteringar i høgare utdanning og forsking. Midlar frå program og tilskotsordningar forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse vart flytta rett inn i ramma til universitet og høgskular med føresetnader for å handtera dette verknadsfullt.
Det tek tid å byggja opp og utvikla gode fagmiljø.
Gunnar Yttri og Pia Bing-Jonsson
Ein bra start må følgjast opp i årets budsjettframlegg. Det er då også viktig å ha med seg at fleire av vår type universitet og høgskular fekk godt merkande kutt i grunnfinansieringa i statsbudsjettet for 2024. Slik kunne Kunnskapsdepartementet frigjera midlar til nye satsingar og prioriteringar i sektoren, satsingar som i mindre grad omfatta våre institusjonar.
Med dei utfordringar som er dokumentert i den nye meldingsfloraen, er det mykje som talar for at forsking og utdanning retta mot helse, teknologi og oppvekst, bør satsast særskilt på i statsbudsjettet for 2025. Men det synest også naudsynt å minna om varige lærdommar frå demografiutvalet (NOU 2020:15) og distriktsnæringsutvalet (NOU 2020: 12): God tilgang til utdanning, forsking og kompetent arbeidskraft er avgjerande for utviklinga av folk, verksemder og samfunn i heile landet.
Nyeste artikler
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Olav Thon (1923—2024)
Få fart på utdanningskvaliteten
Jeg savner mer mangfold i akademia
Mest lest
Student døde under fjelltur i regi av Nord universitet
Mange tomme studieplasser etter nye signaler om masterkrav
Sjå kva arkeologen skreiv for 150 år sidan
Ber regjeringen om 600 nye, øremerkede ph.d.-stillinger
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU