går av som rektor

Krumsvik: Eg har aldri hatt ein jobb der eg har vore så privilegert med tid

Doktorgrad var 40-årskrisa, deretter vart han professor og rektor. No håpar avtroppande rektor Arne Krumsvik at Høyskolen Kristiania vert Noregs første private universitet.

Arne Krumsvik viser fram rektorkjedet. No skal det leverast vidare. Sjølv skal Krumsvik vera professor - og absolutt ingen sjuande far i huset på Høyskolen Kristiania, lovar han.
Publisert Oppdatert

Fire år i rektorstolen var nok, sa Arne Krumsvik til Khrono i fjor.

— På mange måtar er det eit privilegium som professor å kunne drive vekselbruk mellom fagleg verksemd og leiaroppgåver. Å gjera begge deler samtidig er ikkje så lett å få til i praksis, sa han, og la til at han gjekk inn i rektorstillinga med éin periode for auge.

No pakkar han seg ut frå rektorkontoret ved Høyskolen Kristiania. Her skal han vera professor, etter at han har hatt ein periode ved University of Oxford. Her skal han forska på journalistikken etter covid-19.

Inn i rektorstolen kjem noverande prorektor Trine J. Meza.

Meiner akademikarlivet er ei velsigning

I hans periode som rektor har den private høgskulen vekse mykje, og kjøpt opp både private høgskular og fagskular.

— Snart større enn BI, kjem det fram i eit avskjedsintervju med rektoren på høgskulen sine eigne sider.

Krumsvik er mediemannen som tok mastergrad - på nettopp BI. Å ta doktorgrad vart 40-årskrisa, og så vart han professor. Først ved Høgskolen i Oslo/Akershus, deretter ved OsloMet før ferda gjekk til Universitetet i Oslo - og deretter til Høyskolen Kristiania i 2018. På den journalistiske CV-en står mellom anna Dagbladet, VG, Romerikes Blad og Kanal 24 (no Radio Norge).

Også som rektor har Krumsvik vore synleg, og lett å få i tale.

— Fordelen med å ha vore i journalistikken er at du forstår korleis journalistar tenkjer, slik at ein ikkje vert så redd av seg i det offentlege, og du har sjølvtillit nok til å ringja ein redaktør. Det finst veldig mykje medieangst i akademia, seier Krumsvik til eigne nettsider.

Rapporten frå Kierulf-utvalet føreslår ein formidlingsindikator. Det har fått motbør. Men formidling treng ikkje ta så mykje tid, meiner Krumsvik.

— Journalistikk er ikkje den omstendelege kategorien. Det er kanskje litt ufint å seia det, men eg har aldri hatt ein jobb der eg har vore så privilegert med tid som eg har vore i akademia. Me som har vore i andre typar jobbar, og som veit kva slags press og stress som er normalen i mange andre yrke, så vil eg jo seia at det å vera akademikar er ei velsigning, seier Krumsvik.

— Det er eit privilegium å få tenkja lange tankar - og få betalt for det.

Lobby-verksemd som har verka

Høyskolen Kristiania sin strategi har så lenge Krumsvik har vore rektor, vore å verta universitet i 2030. Med andre ord hadde det ikkje skjedd med han som rektor uansett. Men allereie i det første intervjuet med Khrono etter at han hadde vorte rektor, kom Krumsvik med grunnideen: Han hadde lært av Curt Rice, som kom som rektor til ein høgskule, men hadde ein plan:

— Frå dag ein meinte han at dåverande Høgskolen i Oslo og Akershus i realiteten var eit universitet, og begynte å oppføre seg deretter. Det skal me gjera på Høyskolen Kristiania også. Me skal oppføra oss som eit universitet før vi fortener det, sa Krumsvik då.

No har Kristiania fått godkjent dei to første doktorgradsprogramma. Det er nok til å verta universitet i dei aller fleste land - men ikkje i Noreg. Her er kravet som kjent fire. Nyleg sa forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe at dette er noko regjeringa no vil sjå på.

— Lovande, sa Krumsvik i ein kommentar til Khrono då.

— Me meiner dagens reglar er særnorske og gjer det unødvendig kostnadskrevjande å verta eit universitet. Me har formidla det synspunktet i mange kanalar over lengre tid. No ser me at det har vorte ein del av den politiske dagsorden, og det er me veldig glade for, seier Krumsvik i avskjedsintervjuet.

Powered by Labrador CMS