Takk for seg

Søker ikkje nytt åremål. Kamp om rektorar i Oslo

Arne Krumsvik ved Høgskolen Kristiania sluttar etter éin rektorperiode. Dermed skal tre store utdanningsinstitusjonar i Oslo finne ny rektor i haust.

Rektor ved Høskolen Kristiania, Arne Krumsvik, gir frå seg rektorkjedet til ein ny etterfølgar i rektorstolen til sommaren.
Publisert Oppdatert

I dag, fredag, informerte han studentar og tilsette ved Høgskolen Kristiania, tidlegare denne månaden melde han frå til styret sitt om at han ikkje vil søke ein ny rektorperiode.

For medieprofessor Arne Krumsvik held det med fire år i rektorstolen på det som etter kvart kanskje skal bli Norges første private arbeidslivsuniversitet.

Tilsettingar i desember

Kristiania lyser ut rektorstillinga med det første og dermed skal tre av dei største utdanningsinstitusjonane i Oslo - etter Universitetet i Oslo som er størst i byen - finne seg ny rektor samstundes: statlege OsloMet (22.000 studentar), Handelshøgskolen BI (20.000 studentar) og Høgskolen Kristiania (18.000 studentar).

Og alle tre har planar om å tilsette ny rektor i desember.

Ved OsloMet er søkarlista allereie kjent, og to av søkarane på lista kjem frå Krumsvik si leiargruppe ved Kristiania: Prorektor Christen Krogh og utviklingsdirektør Morten Irgens.

Khrono skreiv nettopp om at rektorstillinga ved den private Handelshøgskolen BI er lyst ut og at det er fleire snakkisar rundt kven som kan bli ny rektor når Inge Jan Henjesand gir seg til sommaren etter to rektorperiodar.

Kronprinsesse Kristiania?

— Har du blinka deg ut ei kronprinsesse ved Kristiania?

— Eg har som prinsipp at eg berre tilsett folk som er flinkare enn meg sjølv, og det betyr at alle i leiargruppa mi ved Kristiania er gode rektorkandidatar, seier Krumsvik.

Det blei ei stund også spekulert i at Krumsvik sjølv ville kunne vere ein aktuell kandidat til rektorstillinga ved OsloMet, men slik blei det ikkje.

Han skal attende til forskinga og ein medieprofessorstilling ved Kristiania.

Men først skal han bruke neste haust til eit opphald som «Visiting Fellow ved The Reuters Institute for the Study of Journalism, Department of Politics and International Relations, Green Templeton College, University of Oxford».

Lame duck i ni månader

— Men aller først skal du vere «lame duck» i rektorstillinga i ni månader før du går av?

— Nei, på ingen måte. Her blir det full fart framover saman med mange fine folk, seier han.

— Det er ein del spennande medieleiarstillingar ledige om dagen, kan det vere freistande?

— Ikkje med det første, seier medievitaren og den tidlegare journalisten og redaktøren.

55-åringen frå Volda, som forskar på ytringsfridom og journalistikk, har floge frå blom til blom i akademia, først Høgskolen i Oslo og Akershus/OsloMet (2012-2017), så Universitetet i Oslo som instituttleiar (2017-2018) før han blei rektor ved Kristiania i 2018.

Privilegium med vekselbruk

— På mange måtar er det eit privilegium som professor å kunne drive vekselbruk mellom fagleg verksemd og leiaroppgåver. Å gjere begge deler samtidig er ikkje så lett å få til i praksis, seier han, som også legg til at han gjekk inn i rektorstillinga med éin periode for auge.

Det har ikkje vore uvanleg at norske rektorar vel å ta to perioder. Men det er teikn i tida på at dette no er i endring, meiner den etter kvart avtroppande rektoren.

— Om vi ser over Atlanteren, er det utviklingstakten i sektoren som både endrar innhaldet i rektor-rolla og forventinga til kor lenge ein leiar skal stå i den, seier han, og viser til at for femten år sidan blei ein typisk amerikansk rektor sittande i 8,5 år. Fem år seinare, i 2011, var den gjennomsnittlege rektor-lengden redusert til sju år. Og i 2017 ytterlegare redusert til 6,5 år.

— Kravet til endringstakt i norske institusjonar vil truleg også auke framover og personleg slår eg altså eit slag for vekselbruket, seier han.

Universitet i europeisk forstand

— Så då gir du opp draumen om å bygge arbeidslivsuniversitetet Kristiania?

— Perspektivet på universitetsstatus ved Kristiania er 2030, så uansett ville det ikkje vore meg som leiar som kunne fått til det, seier han.

— Men når det er sagt så er jo Kristiania snart i eit europeisk perspektiv eit universitet allereie. Vi bør sjå til å kvitte oss med dei særnorske reglane som gjer at det skal vere så strenge kriterium for å bli universitet, seier Krumsvik.

(Vi gjer for ordens skuld merksam på at Arne Krumsvik tidlegare har vore styreleiar i Khrono. red.).

Powered by Labrador CMS