Påtroppande rektor ved Høyskolen Kristiania gjer klar for fleire fusjonar for å å bli universtiet: Eg kan ikkje kome på ein einaste privat høgskule det ikkje er interessant for oss å snakke med i den samanhengen, seier han. Foto: Petter Berntsen

Krumsvik klar for landing på Kristiania

Sommarprat. Han varslar fleire oppkjøp og fusjonar med private høgskular. Slik skal den nye rektoren ved Høyskolen Kristiania, Arne Krumsvik, legge til rette for eit privat universitet i Norge.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kjeller -Over Oslo-Kjeller (Khrono): — Lima november foxtrot alfa whiskey entering runway three zero for take-off, høyrer vi frå piloten der framme i det vesle Cessna 172-flyet merka LN-FAW. 1978-modell. Med askebeger!

Piloten er påtroppande rektor ved den private Høgskolen Kristiania frå 1.august, medieprofessor Arne H. Krumsvik.

— Kvifor snakkar du engelsk med småflyhamna på Kjeller midt på landet i tjukkaste Akershus?

— Det er påbode å snakke engelsk for oss som flyg småfly no. Internasjonaliseringa har også nådd Flyklubben på Nedre Romerike, ikkje berre akademia, melder Krumsvik på sambandet gjennom dei grøne øyreklokkene Khrono-passasjerane har fått tildelt ved avgang Kjeller flyplass.

— Men viss det blir ein skikkeleg krisesituasjon så er det lov å slå over til norsk, seier han. For å roe ned.

Pilot og pistol

Eg fekk mellom anna eit råd om ikkje å flagge altfor tydeleg politisk ståstad då eg skulle kvalifisere meg for opprykk til professor.

Arne Krumsvik

Vi har invitert Krumsvik til sommarprat - kan hende har han nokre høgtsvevande tankar om det som om nokre år - om enn ikkje i hans rektortid - skal bli landets første private universitet.

Den påtroppande rektoren som no - i 650 meters høgde over havet - peiker ned på det raude huset sitt på Høybråten øvst i Groruddalen - og på skrivestova si i hagen. Han har både kone og ungar. I tillegg har han ein haug av hobbyar. Vi valde den minst krevjande når vi blei med på småflytur over Oslo. Vi kunne ha køyrt motorsykkel eller tatt ein runde med pistol hos Akademisk skyttarlag.

Men flybasillen har han vore biten av sidan han som ung var på utveksling i USA. Og han forsikrar om, før vi tar av, at han flyg fleire timar enn han må for å behalde sertifikatet, men færre timar enn han har lyst til.

Spice Girls-professoren

Den tidlegare bladfyken - journalisten og redaktøren - hoppa av frå mediebransjen og til ein akademisk karriere. For halvanna år sidan hoppa han frå Journalistutdanninga på OsloMet og over til leiarjobben ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Men no flyg han vidare – over i privathøgskulemarknaden. Har han gløymd sin eigen Spice Girls-filosofi: Tell me what you want, what you really, really want...?

— Ja, det passa I utgangspunktet forferdeleg dårleg, eg hadde ikkje tenkt å slutte så tidleg på UiO, men eg blei sjarmert av ei henvending frå Kristiania, og då måtte eg stille meg sjølv Spice Girls-spørsmålet på nytt, seier Krumsvik.

Håplause tilstandear med mykje uproff leiing, mykje fyll og tull, prega mediebransjen på byrjinga av 2000-talet, meiner Arne Krumsvik. Foto: Petter Berntsen

Journalisten som blei professor har blitt sjarmert også tidlegare, og har ein cv med jobbar frå Dagbladet, VG, sol.no, sjefredaktør i Romerikes Blad og radiosjef i det som då heitte Kanal 24, men som no er Radio Norge. Alt dette før han gjekk frå praksisfeltet og inn i akademia - mellom anna fem år som førsteamanuensis og etterkvart professor ved Journalistutdanninga på det som var Høgskolen i Oslo og Akershus og som no er OsloMet.

Skepsis mot høgrevridd professor

— Du møtte litt skepsis på journalistutdanninga?

— Det var skepsis mot ein som ikkje var tydelig høyrande heime på den politiske venstresida, ja. Eg fekk mellom anna eit råd om ikkje å flagge altfor tydeleg politisk ståstad då eg skulle kvalifisere meg for opprykk til professor, seier Krumsvik.

Høgremannen som har vore aktiv i bydelspolitikken i Groruddalen er glad for at den tidsepoka no er på hell.

— Dei fleste av dei som var opptekne av politisk ståstad hjå professorane er no pensjonerte, seier han.

— Du søkte ikkje rektorjobben på Kristiania. Kva er det som gjorde at dei ville ha nettopp deg som ny rektor etter Trond Blindheim?

— Det var vel først og fremst næringslivserfaringa mi I kombinasjon med dei akademiske merittane.

Mykje fyll og tull

— Kristiania satsar på kunstnariske utdanningar. I det siste har det vore fleire #metoo-saker på andre kunstinstitusjonar, kva tenkjer du om det?

— Det har vore nokre få saker på Kristiania, og eg tenkjer at det skal vere trygt å vere student og tilsett på Kristiania, på alle måtar, seier Krumsvik.

— Det blei storm i redaksjonsklubben då du i si tid tilsette ein person i leiargruppa di som dei tilsette meinte hadde vist «utilbørlig opptreden i sosiale sammenhenger»?

— Det var lenge sidan og ei personalsak eg ikkje kan kommentere. Og på den tida var det heilt håplause tilstandar i media, med mykje uproff leiing, mykje fyll og tull. Heldigvis er dei som sto for dette også på veg ut av mediebransjen no.

— Kva tenkjer du om #metoo-kampanjen?

— Eg meiner at det bra at ting blir sette på spissen og tatt tak i. #metoo har vore ein skikkeleg wake up-call for oss alle, seier Krumsvik.

Ikkje relevant utdanning

Den påtroppande rektoren spanderar is og brus på flypassasjerane etter landing. På klubbhuset kan han ha friminutt med dei andre medlemmane i flyklubben, sitte på terrassen og sjå på landingar. Og kommentere dei.

I slutten av mai debuterte den påtroppande rektoren på sitt første representantskapsmøte i Universitets- og høgskolerådet.

— Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo meiner det er meir som splittar enn som samlar sektoren. Korleis ser ein påtropande privatrektor på dette?

Det er altfor mange som ikkje får det til på dei store universiteta.

Arne Krumsvik

— Eg meiner det heilt klart er mange utfordringar som må og kan bli løyste i fellesskap. For ein stor del tilbyr ikkje dei høgare utdanningsinstitusjonane relevant utdanning.

— Kva meiner du med det?

— Halvparten av dei som begynner på ei høgare utdanning er borte etter eitt år. Dette er ein forferdeleg dårleg ressursbruk, og her må ein sjå framover saman. Det er altfor mange som ikkje får det til på dei store universiteta. Tidlegare var universiteta ein stad for eliten, no er det ein stad for breidden, det har dei ikkje tatt innover seg, seier Krumsvik, som meiner universiteta har noko å lære av høgskulane.

Krumsvik var i si tid ein av dei mestpubliserande tilsette på instituttet på HiOA.

— Upublisert forsking har ingen verdi.meiner han.

Men dei neste åtte åra blir det mindre forsking og undervisning og meir rektor og leiing på han.

Vil snakke med alle private høgskular

Han skal bruke tida på å bygge opp noko som kanskje ein dag kan bli landets første private universitet.

— Men det blir ikkje i din rektorperiode, som maksimalt kan vere åtte år?

— Nei, det blir nok ikkje i mi tid. Universitetsambisjonen er ein del av vår strategi 2030.

Men sunnmøringen har planen klar på korleis han skal starte arbeidet på vegen for å nå det hårete målet om bli eit privat arbeidslivsuniversitet.

— Eg kan ikkje kome på ein einaste privat høgskule det ikkje er interessant for oss å snakke med i den samanhengen, seier han.

— Du skal på oppkjøpsraid?

— Ja, vi må vekse, seier Krumsvik.

Og fleire oppkjøp er allereie i boks. Etter at Kristiania kjøpte Westerdals har dei vore på fleire handleturar.

Fleire oppkjøp

Høyskolen Kristiania har før sommaren også signert intensjonsavtale med tre ulike høgskular i utøvande musikk og scenekunst: Høyskolen Barratt Due, Norges dansehøyskole og Musikkteaterhøyskolen.

Ambisjonen er å utvikle Norges mest attraktive og nyskapande fagmiljø i kunstneriske utdanningar.

I slutten av juni blei det også kjent at dei har kjøpt Norges yrkesakademi frå Sonansgruppen. Yrkesakademiet driv med nettbaserte fagskoleutdanningar på deltid. Høyskolen Kristiania har no 10.000 studentar og i 460 tilsette.

— I tillegg til oppkjøp av høgskular så skal eg gjere ein ting til, og det har eg lært av rektor ved OsloMet, Curt Rice: Frå dag ein meinte han at dåverande Høgskolen i Oslo og Akershus i realiteten var eit universitet, og begynte å oppføre seg deretter. Det skal vi gjere på Høyskolen Kristiania også. Vi skal oppføre oss som eit universitet før vi fortener det, seier Krumsvik

— Kva tener ein privat høgskulerektor forresten?

— Omtrent det same som dei andre universitetsrektorane i Oslo, svarar Krumsvik. Det skulle tyde rundt 1,5-1,6 millionar kroner i året.

(Khrono gjer for ordens skuld merksam på at Arne Krumsvik har vore styreleiar i Khrono, frå 2015-2017. Red.mrk.).

Fakta

Sommarprat med Arne Krumsvik

Korleis og kvar skal du tilbringe sommaren i år?

Det blir 2-3 veker på hytta. Den er på Berkneset i Volda, akkurat der Sunnmørsalpane går over til øylandskap. Går vi ut eine døra er vi på fjellet. Går vi ut andre vegen er vi ved sjøen. Her skal vi fiske, grille og spele basketball på skuleplassen i bygda.

To ting og ein person du helst ville hatt med deg på ei aude øy?

Tar ein for laget og tar med Donald Trump. To ting må bli ein spegel til han og ei tjukk bok til meg sjølv.

Viss du berre skal lese éi einaste bok i sommar - kva slags bok er det?

Den som ligg klar, er «Harpesang» av Levi Henriksen. Han er ein god historieforteljar som skildrar livet i bygde-Norge med eit lunt skråblikk.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS